Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

«Fram» i hundre
- Ungdomslaget «Fram» 1905-2005
Ungdomslaget  «Fram» vart skipa 16. april 1905, eit par månader før Noreg reiv seg laus frå unionen med Sverige. Laget er såleis jamgamalt med det moderne Noreg.
Hundreårssoga fortel om det mangslunge arbeidet i laget. Me får vita kva medlemene var opptekne av, korleis dei arbeidde, og kva slags aktivitetar dei sette i gong. Lagsmøte var sjølvsagt, med diskusjonar, lagsblad, opplesing, bokbyte og leik. Teater og folkeviseleik stod høgt i kurs, og festar i ulike utgåver samla ungdomen i Hauge-bygda. Ungdomslaget bygde lagshuset «Framhall» i 1923, eit svært løft både å byggja og halda i stand. Ungdomshuset har sidan vore sentrum for laget sine mange aktivitetar.

Gjennom dei hundre åra som har gått sidan Ungdomslaget «Fram» vart skipa, har laget vore ein viktig del av kulturlivet i Hauge-bygda. Hundreårssoga dreiar seg fyrst og fremst om korleis medlemene i ungdomslaget har arbeidt for å skapa eit samlingspunkt i bygda. Men gjennom forteljinga om laget gjev boka også viktig innsyn i korleis bygdasamfunnet har utvikla seg gjennom dei siste hundre åra.

Boka er rikt illustrert. Her er bilete som fortel om lagsarbeidet i ulike samanhengar. Mange vil ha gleda av å kjenna att slektningar, sambygdingar, – eller seg sjølv.  
Boka er på 143 sider. Pris kr 150 + ev. porto.
Utgjevar: Ungdomslaget «Fram».
ISBN 82-303-0597-8
Utgjevingsår: 2005
I kommisjon hjå:
Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.
Ungdomslaget «Fram» 1905-2005



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet