Ættebok for Gjerstad og Haus
Denne boka er ei vidareføring av dei gamle ættebøkene for Gjerstad og Haus sokner (utgjevne i 1958 og 1959), og femner om den delen av tidlegare Haus kommune som låg på Osterøy.
Dei gamle bøkene har med få opplysningar om personar etter 1950. I denne boka vil du finna alle dei familiane som har budd på dei ulike gardane fram til 1990-talet.
Boka fylgjer gardane som i dei gamle bøkene. Dei siste familiane på kvar gard er tekne opp att i den nye boka, slik at det er enkelt å knyta samband attende til dei gamle bøkene. Boka nyttar same tilvisingssystemet som i dei gamle ættebøkene, slik at det er lett å finna slekta bakover frå denne tilleggsboka.
Boka er på 257 sider. Pris kr 220 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 82-91229-00-7
Utgjevingsår: 1992.
UTSELD: Boka er diverre utseld (jan 2009).