Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Barselet - kvinnene si .... Dødsfall og jordeferd. Attraktive enkjer. Ein lokal Gjest Bårdsen?. Gjestgjeveri og ølt.... Blinde-Lars vart jaga .... På æra laus.

Blinde–Lars som vart jaga frå garden


På tinget for Mjelde skipreide den 23. april 1722 kom det opp ei spesiell sak. Lensmannen Johannes Øvste-Mjelde hadde stemna Ola Jensson frå Votlo for retten. Ola hadde nemleg hatt ein blind mann, Lars Mikkelsson, buande hjå seg, og no hadde han jaga Lars bort og overlate han til framande. Ingen visste kvar det hadde vorte av den blinde Lars, og lensmannen kravde at Ola måtte henta Lars heim att. Viss ikkje måtte han fengslast til den blinde var komen attende.

Ola møtte på tinget og sa at han hadde levert den blinde mannen til framande åtte veker tidlegare. Naboane på Votlo måtte forklara seg etter tur om kva dei visste. Torstein Jensson hadde sett at den blinde mannen vart ført til sjøen, og tidlegare same kvelden hadde han høyrt at framandfolka som var på garden, skulle ta han med seg. Torstein gjekk ned til båtstøa, og spurde Lars korleis det var med han og om han ville dra saman med framandfolka. Lars svarte at han skulle avgarde med dei, men meinte han skulle koma att til den tida då han akta seg til alters. Torstein bad han gå opp att, og sa han ville sjølv fylgja han til naboane. Han tok tak i han for å få han or båten, men då græt Lars, og Torstein let han vera.

Anders Votlo hadde også sett kva som skjedde. Han hadde spurt reisefylgjet om den blinde mannen skulle fylgja dei. Svaret han fekk var at det skulle han. Anders fortalde at Blinde-Lars steig ned i båten, og sa at han ville reisa med dei to – tre veker. Han sa han reiste på grunn av kona til Ola Jensson, for han kunne ikkje ha det verre enn der.

Ein annan nabo, Ola Olsson, hadde høyrt at Ola Jensson hadde sagt at den blinde mannen skulle bort. Ola Olsson hadde frårådd dette og bede dei ta seg i vare. Men då han dagen etter kom heim or marka, oppdaga han at Blinde-Lars var borte.

Ola Jensson vart så spurd om han visste kvar det var vorte av den blinde mannen han hadde ansvaret for. Men Ola sa han hadde berre høyrt at fylgjet han reiste med skulle ha vinterlæger i Gulen ein stad.

Etter at alle hadde forklart seg, fall dommen. Retten sa klårt frå at eit kvart menneske plikta å hjelpa sine medmenneske, og særleg dei som ”Gud haver hiemsøgt med sit Kaars”, og som var så hjelpelause at dei ikkje kunne hjelpa seg sjølve. Lars Mikkelsson, som var fødd blind, makta ikkje ta vare på seg sjølv, og difor var det ukristeleg gjort av Ola Jensson å overlata han til framande. Det kunne føra til at livet hans var i fare. I staden skulle Ola ha ført Lars frå nabo til nabo i den sokna han var fødd. Retten gav Ola seks veker til ”at forskaffe samme blinde menniske tilbagers”. Viss ikkje ville retten ta ut nytt søksmål mot han.

Lars Mikkelsson var fødd på Votlo i 1661. Han kom attende til garden før han døydde der i 1727. Men om det var Ola som sytte for at han kom heim att, veit me ikkje.

Blinde-Lars var ein av mange fattige og hjelpelause som var på legd. Ei legd var ein krins av gardar som hadde ansvaret for ulike offentlege oppgåver. Det kunne vera skattelegd, soldatlegd og altså som her fattiglegd. Dei fattige og hjelpelause som vart plasserte på legd, hadde rett til opphald på gardane i legda. Fattigstyret sette opp kor mange veker den fattige skulle vera hjå kvar bonde. Den som hyste den fattige, hadde plikt å skyssa han vidare til nestemann. Det var altså her Ola på Votlo svikta. Han ville verta kvitt børa det innebar å ha ein legdslem i bygda. Difor valde han å skyssa han vekk med eit omreisande fylgje. Legdsordninga vart formelt oppheva i 1900, då den nye fattiglova vart vedteken.




Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet