Vellukka bokslepp

Torsdag 24. mai hadde Osterøy Sogelag, i samarbeid med Vener av Mjøsvågen, bokslepp for boka «Ein våg me veit um – Arbeidsliv ved Mjøsvågen». Nærare 80 personar hadde møtt fram i andre etasje i metallverkstaden etter Askild Mjøs. Lars Mjøs leia samlinga. Forfattaren av boka, Geir Kleiveland, presenterte boka ved ein biletserie over utvalde tema. Ordførar Jarle Skeidsvoll stod for den formelle delen av boksleppet og overrekte bøker til dei som hadde vore sentrale i arbeidet med boka. Etterpå kunne folk sikra seg bøker, og vel 100 bøker vart selde.

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Bokslepp i Mjøsdalen

Osterøy Sogelag og Vener av Mjøsvågen inviterer til bokslepp torsdag 24. mai klokka 19.00.
Boka om næringslivet i Mjøsdalen – «Ein våg me veit um» – er endeleg ferdig, og no er me klare til å presentera ho for alle.
Vener av Mjøsvågen har sett opp dette programmet:
Under boksleppet orienterer:
Geir Kleiveland, forfattar og leiar i Osterøy sogelag, om boka og fortel litt og syner bilete frå boka.
Lars Mjøs i Vener av Mjøsvågen fortel om prosessen og om samarbeidet med sogelaget og forfattaren.
Osterøy museum ved Anne-Mari Hannisdal og Nikolai Tallaksen fortel om rolla som småindustrimuseum og verdien av dokumentasjonen frå arbeidslivet ved Mjøsvågen.
Åse Nilssen orienterer om komande aktivitetar ved Mjøsvågen i 2018.
Det vert omvising i støyperibygget. Øystein Øvsthus orienterer og fortel om planane om landhandel i bygget.
Ordføraren i Osterøy, Jarle Skeidsvoll, vil stå for sjølve boksleppet.
Undervegs ei lita kaffiøkt med litt å bita i.
Boka kan kjøpast på boksleppet. Vanleg pris kr 320, men denne kvelden er prisen kr. 250,-.
Boksleppet er ope for alle interesserte.
Bokpresentasjonen skjer i verkstaden etter Nikolai/Askild Mjøs.
Verkstaden ligg ved sjøen i Mjøsvågen, nedkøyring frå vegkrysset som går opp til Øvsthus.
Men det kan vera lurt å parkera ved kyrkja denne kvelden.

Velkomne til bokslepp !

Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , , , , | Legg att eit innspel

Årsmøtet 2018

Osterøy Sogelag har årsmøte torsdag 15. mars klokka 19 i lokala til Norlender på Hosanger.
Vanlege årsmøtesaker.
Før årsmøtet får me orientering om bedrifta Norlender og ein gjennomgang av korleis bedrifta produserer strikketøy i dag.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Tradisjonskalender for 2018

Tradisjonkalenderen for Osterøy for 2018 er no i sal. I tillegg til kalendariet inneheld kalenderen eldre bilete frå ulike kantar av Osterøy. Og som før er dei gamle merkedagane på plass.
Prisen er kr 75. Kalenderen kan kjøpast på alle butikkane på Osterøy,  og gjennom nettbutikken vår: https://www.osteroy-sogelag.org/nettbutikk

Lagt inn i Kalender | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Sogeskrift for 2017

Tradisjonen tru når det nærmar seg jul: Atter ein gong er sogeskriftet klart! Årboka inneheld som alltid ei mengd artiklar om ulike emne frå lokalhistoria på Osterøy. Av artiklane kan me m.a. nemna:
Ein nokså spesiell artikkel byggjer på dagboka til Carl Erik Holm, sokneprest i Hosanger frå 1937 til 1950. Han fortel om gjerninga som prest i eit vidsveimt prestegjeld, og han skriv om korleis han som prest dreiv prestegarden eigenhendig som bonde. Dessutan får sjølvsagt krigstida brei plass. Han skriv om dagleglivet frå dei vanskelege krigsåra, og gjev godt innsyn i kyrkjekampen han som prest stod midt oppe i.
Ein annan spesiell artikkel skriv Marta Kløve Juuhl om oppstadveven. Denne artikkelen skreiv ho til ei vevbok som kom i fjor, gjeven ut på engelsk, eit vev-samarbeid mellom med veversker frå Noreg, Shetland og Island. Me presentere denne artikkelen på norsk i noko forkorta versjon.
Elles skriv Sindre Fotland om det aktive toradarmiljøet på Osterøy. Erling Kleiveland fortel om då han sat på laksen frå han var ein gutunge. Og Atle Bjørn Mæhle skriv om idrettsmiljøet han var ein del av i ungdomen.
Elles finn du artiklar om svært ulike emne, slik sogeskriftet alltid har presentert. Her er stoff om splintane, om å vera FN-soldat i Gaza og restaurering av kvernhus. Pluss mykje anna.
Heile innhaldslista finn du her: https://www.osteroy-sogelag.org/2017_sog.html
Prisen er kr. 180. Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy og Arna Bokhandel.
Men du kan også kjøpa årboka i nettbutikken vår, fylg denne lenkja:
https://www.osteroy-sogelag.org/nettbutikk

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Innsamling til ny ættebok

Måndag 23. oktober gjekk startskotet for arbeidet med å samla inn opplysningar til ny ættabok for Gjerstad og Haus sokner. Kring 50 innsamlarar møtte fram, og etter at leiaren i sogelaget, Geir Kleiveland, hadde orientert om prosjektet, gjekk me gjennom dei skjema som skal brukast når opplysningane om familiane vert samla inn. Mange spørsmål dukka opp, og ein drøfta korleis ein best råd kunne løysa problem som ein kan møta på.
Etter møtet har mange av innsamlarane starta arbeidet. Mest 70 innnsamlarar er no i sving. Ein del nye problem dukkar opp, for det er mange kombinasjonar av familiestrukturar i dag. I samråd prøver me å finna fornuftige løysingar.
Sogelaget håpar det meste av innsamlingsarbeidet vert gjort før jul. Nokre innsamlarar har gjeve melding om at dei kan ikkje gjera arbeidet før etter jul, så me har sett påske 2018 som siste frist. Då håpar me alt er på plass. Så vert det styret sin jobb å leggja dei innsamla opplysningane til rette for den endelege boka. Håpet er å ha ferdig bok i løpet av 2018.

Lagt inn i Ættebok | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Ny ættebok i emning

I 1992 gav sogelaget ut ættebok for Gjerstad og Haus sokner. Boka bygde på dei gamle ættebøkene for dei to soknene på Osterøy frå 1950-talet, slik at det var mogleg å fylgja slektslinene frå samtida og bakover i dei gamle ættebøkene. Denne tilleggsboka har lenge vore utseld, og er sterkt etterspurd. Sidan boka kom ut, har det skjedd store endringar: born er fødde, folk har døydd, og ikkje minst: mange nye familiar har kome til, medan andre familiar er oppløyste. Dette er grunnen til at styret i Osterøy Sogelag har vedteke å starta arbeidet med ei ny, oppdatert ættebok for området. Denne boka skal ha med alle som bur i området fram til i dag.
Siste månadene har me kontakta eit vidstrekt nettverk av folk i alle bygdene, nærare 60 personar. Deira oppgåve er å kontakta alle familiane som bur i området i dag. Berre slik er det mogleg å få inn opplysningar til ei ny bok. Måndag 23. oktober klokka 19.00 går startskotet for innsamlingsarbeidet. Då samlast innsamlarane på Osterøy museum der me går gjennom dei skjema som skal brukast i innsamlinga. Dessutan skal me drøfta ulike problemstillingar som måtte dukka opp. På den måten er innsamlarane best mogleg budde når dei kontaktar familiane.

Lagt inn i Sogelaget, Ættebok | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Mange medlemer

Osterøy Sogelag har vind i segla !
I 1999 var det 26 medlemer i laget. No (i 2017) er medlemstalet 104 , ei firedobling på knapt 20 år. Me trur, sjølvsagt, at det betyr at fleire tykkjer om arbeidet me gjer, og at fleire ynskjer å stø arbeidet med å teikna seg som medlem.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Oppdatering av ættebok for Gjerstad og Haus

Styret i Osterøy Sogelag har vedteke å oppdatera ætteboka for Gjerstad og Haus sokner, den boka me gav ut i 1992. Sidan den tid har det skjedd store endringar i alle familiar; nye har kome til, andre ha falle frå. Ingen bok har me meir etterspurnad etter enn denne ætteboka, for den gamle boka har no vore utseld i snart 10 år.
Styret har lagt ein førebels slagplan for arbeidet. Det er mykje arbeid å laga ei ny ættebok. Alle familiane som bur i området, må kontaktast personleg. No før sommaren satsar me på å få fat i frivillige som kan vera med og samla inn opplysningar om den enkelte familien. Me reknar med at me må ha 50-60 innsamlarar som kan kontakta kvar enkelt familie.
Tidleg i haust vil me ha eit felles orienteringsmøte for alle innsamlarane, der me orienterer om korleis dei går fram i innsamlingsarbeidet. Me vil då gå gjennom aktuelle skjema som skal delast ut til kvar familie.
Så håpar me innsamlingsarbeidet kan gjerast i haust. Men deretter fylgjer eit omfattande arbeid med å sy opplysningane saman til bok og kontrollera opplysningane. Så det vil ta ei tid før boka er klar.
Dersom du kan tenkja deg å vera med og samla inn opplysningar, er det berre å ta kontakt, epost: leiar@osteroy-sogelag.org

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Referat årsmøtet 2017

Årsmøte i Osterøy Sogelag 20/03-2017
Stad         : Osterøy museum
Til stades: 24 medlemar

1 Godkjenning av innkallinga – konstituering
Innkallinga vart godkjent utan merknad.
Møteleiar Geir Kleiveland, skrivar Leiv Mæhle.
Før møtet fekk den nye arkivaren ved Osterøy museum, Nikolai R. Tallaksen ordet. Museet og sogelaget vil samarbeida om eit prosjekt som heiter «Digitale historier». Dette er historier fortalt i ein videosnutt, og han viste tre slike historier som er laga. Det er halde eit kurs og det vil verta annonsert nytt kurs til hausten for interesserte historieforteljarar.

2 Årsmelding for 2016
Geir orienterte om årsmeldinga og arbeidet gjennom året. Den nye boka «Vegalangs» kom ut i juni og har vorte godt motteke. Me har selt vel 700 bøker på eit halvt år. Tradisjonskalendaren kom ut for ellevte gong og vart godt motteken. Det ser ut som den har funne si faste målgruppa. Sal av andre bøker har vore godt. Med eigne stativ på Rema 1000 og Coop i Lonevåg har me fått gode salskanalar på Osterøy. Også bokhandelen på Øyrane Torg sel godt.
Boklageret på Osterøy museum er fullt, så styret har gjort avtale med Systemtrafikk om å leiga plass der.
«Osterøy i soge og samtid» kom ut for 30. gong og hadde fått nytt format. Dette for å presentera bilde på ein bedre måte. Sogeskriftet har til liks med kalendaren ei fast målgruppe og vart godt motteken i år også.
Av nye bokprosjekt er oppdatering av ætteboka for Gjerstad og Haus det mest arbeidskrevjande. Her må bygdafolk gjera ein innsats om me skal koma i mål.
Heimesida til sogelaget er eit vindauga ut mot nye brukarar og vert stadig meir brukt. Her kan ein finna litt av kvart frå Osterøyhistoria. I snitt hadde sida 30 besøk kvar dag i 2016.
Gruppa som driv med slektsgransking veks stadig og har no kome opp i 70 brukarar.
I forbindelse med 30-års jubileet og utgjeving av «Vegalangs» inviterte sogelaget til ein tur vegalangs på Osterøy. Dette vart ein særs populær tur som gav gode tilbakemeldingar.
Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

3 Rekneskap 2016
Rekneskapet vart framlagt på årsmøtet. Dette synte eit fint overskot på kr 208 095,48. Laget har ein god økonomi med kr 656 000 i banken.
Rekneskapet vart godkjent utan merknader.

4 Val
Nytt styre for 2016
Geir Kleiveland, leiar               attvald for to år
Rune Revheim                          attvald for to år
Leiv Mæhle                                ikkje på val
Håkon Aasheim                        attvald for to år
Hild Breivik                               ikkje på val
Berge Borge                               ikkje på val
Varafolk
Kåre Flesland                            attvald for 1 år
Grethe Solberg Mjelstad         attvald for 1 år
Ettersynsmenn
Vidar Simenes                           attvald for 1 år
Rolf Kalland                              attvald for 1 år
Valnemd
Marit Selvik Kallekleiv            ut i 2018
Jostein Hausberg                     ut i 2019
Gunda Kallestad                       ut i 2020

5 Orienteringar og anna
Sogelaget arbeidar med fleire bokprosjekt:
Oppdatering av ætteboka for Gjerstad og Haus er i startfasen
Ei bok der Arvid Midttun fortal frå livshistoria si er snart ferdig.
Ei bok om dei historiske aktivitetane rundt Mjøsvågen er godt i gang.
«Ostramat på alle fat» er i emning.
På styremøta 13. mars bevilga sogelaget kr 20 000,- til teleslynge på Osterøy museum. Denne summen skal vera kr 25 000,-.
I pausen koste me oss som vanleg med kaker og kaffi.

Mæhle 23/3-2017
Leiv Mæhle

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel