Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Band II av Osterøy Bygdebok fylgjer utviklinga frå «det store hamskiftet» kring 1870 og fram til våre dagar. Boka gjev innblikk i korleis bygdesamfunna på Osterøy har utvikla seg gjennom desse  140 år.

Boka er delt i tre hovudbolkar. Fyrste delen dekkjer perioden frå 1870 til midten av 1930-åra. Viktige tema er utflyttinga frå bygdene, utskiftingane, samferdslerevolusjonen med dampbåtane, handverk som vert industri og framvekst av lagslivet. Krisetidene i mellomkrigstida får brei plass.

Den neste hovudbolken i bygdeboka dekkjer perioden 1935 til 1965. Den andre verdskrigen er eitt viktig tema, med krigshandlingar på Osterøy siste krigsåret. Etterkrigstida var fyrste åra prega av rasjonering og regulering, men samstundes skjedde det veldige framsteg på mange område. Jordbruket vart mekanisert, og Osterøy vart eit mekka for småindustrien. Midt i 1960-åra var «etterkrigstida» til endes.

Den tredje hovudbolken går frå 1965 til i dag. Denne perioden er prega av dei enorme endringane som har skjedd i kvardagsliv, næringsliv og kulturliv. Osterøy vart samla til eitt rike i ein eigen kommune, og den kommunale aktiviteten har prega lokalsamfunnet i mykje sterkare grad. Dei store stridssakene, som bru, skule og eldreomsorg, dominerte den politiske debatten på lokalplanet.

Osterøy Bygdebok er rikt illustrert, slik at tekst og bilete gjev oss eit eineståande innblikk i vår nære fortid.

Band I av Osterøy Bygdebok finn du omtala her.


Osterøy Bygdebok - band II

Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.

Glimt frå band II:

Viss du vil gjera deg litt kjend med enkelte emne i bygdeboka, trykkjer du på ein av knappane til venstre.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet