Heim  |  Boksida  |  Bygdeboka  |  Sogeskriftet  |  Sogelaget  |  Databasar  | Bilete  |  Nettbutikk  | Osterwiki
 Heim  |  Boksida  |  Bygdeboka  |  Sogeskriftet  |  Sogelaget  |  Databasar  | Bilete  |  Nettbutikk  | Osterwiki
Osterøy Sogelag
Heim. Boksida. Bygdeboka. Sogeskriftet. Sogelaget. Databasar. Bilete. Nettbutikk. Osterwiki.

Søk på Osterøy Sogelag

Ættebok for Gjerstad
Dette er den "gamle" ætteboka for Gjerstad sokn, gjeven ut fyrste gong i 1958. Føreliggjande utgåve er eit opptrykk av den gamle boka, utan endringar.
I denne boka finn du "alle" familiar som har budd på gardane i Gjerstad sokn på Osterøy. Tilvisingar gjer det lett å finna ut kvar ektepara kjem frå og kvar borna vert av. Boka har tilvisingar også til dei andre bøkene i serien, ættebøkene for Haus, Ådna og fabrikstaden Ytre Arna. Dette er såleis ei framifrå grei bok for dei som vil leita fram slekta si. Men det er viktig å hugsa på at dette er ei ættebok.
Boka er på 458 sider. Pris kr 300 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 82-91229-01-5
Utgjevingsår: (1958) / 1993.
Boka kan tingast med e-post til: gkleivel@online.no
Ættebok for Gjerstad er band I I serien:     
Haus i soga og segn
Ætt og æle
I: Gjerstad sokn
II: Haus sokn
III: Ådna sokn
IV: Ytre Ådna