Opplæring i hardingfelespel
Nybyrjarslåttar
- er retta mot lærarar i hardingfelespel i eller utanfor musikkskolane.
- vil vere til nytte for lærarar i spel på vanleg fele.
- er nyttig for deg som er notekunnig og som vil lære hardingfelespel på eiga hand.
Nybyrjarslåttar er ei samling gode opplæringsslåttar som steg for steg byggjer opp speleteknikken frå opplæringa startar, til vidarekome nivå. Slåttane er ordna etter aukande vanskegrad, frå fyrste spelestart og fram til enkle nasjonalslåttar i kvar hovudtradisjon.
Prinsippa i læreopplegget er prøvde ut og utvikla gjennom 11 år med omfattande opplæringsarbeid på Osterøy i Hordaland.
Nybyrjarslåttar er del av eit komande læreverk i hardingfelespel. Hefta Instruktørhandbok og Slåttetradering vil ta opp andre viktige felt. Dei tre hefta skal samla gi framlegg til løysingar på alle dei viktigaste utfordringane som spelelærarane kan få i arbeidet med elevane.