Band I av Osterøy Bygdebok fortel om korleis bygdesamfunna på Osterøy har utvikla
seg frå dei eldste tider til det store hamskiftet kring 1870. Etter lange linjer
fylgjer me utviklinga i bygdene og vert kjende med skiftande levekår for folket til
ulike tider. Boka legg vekt på det som særmerkjer bygdene i kvar tidsperiode. Ho
tek føre seg skifte i næringsgrunnlag, sosiale tilhøve og korleis folket måtte innretta
seg etter styresmaktene. Dette er dei lange linjene i bygdesoga for Osterøy.
Men undervegs møter me mange enkeltskjebner frå ei heilt anna tid. Om 20–åringen
frå Hartveit som skaffa seg gard ved å gifta seg med ei enkje på 70 år slik at han
kunne stifta familie med kjærasten sin. Om jenta frå Tveiten som vart torturert til
å tilstå ein fødsel ho ikkje hadde. Om ungguten frå Mosevoll som vart drepen i strid
for danskekongen langt heimanfrå. Om stefaren frå Løtveit som fekk barn med stedottera
og begge vart dødsdømde. Lagnadene er mange.
Osterøy Bygdebok er den mest samlande framstillinga til no av korleis bygdesamfunna
på Osterøy har utvikla seg og korleis menneska har levt her. Bygdeboka gjev lesarane
ny kunnskap om samfunnet vårt. Boka er rikt illustrert, slik at tekst og bilete gjev
oss eit eineståande innblikk i korleis forfedrane våre levde.
Band II av Osterøy Bygdebok finn du her.