Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Målet i Hamre – Hamre Bygdesoge I
Boka ”Målet i Hamre” er ei historisk utgreiing om lydverket i bygdemålet i Hamre frå gamalnorsk til i dag. Dessutan gjev boka eit utsyn over hovuddraga i bøyingsverket.  
Dette er doktorgradsarbeidet til Gunvor Rundhovde, fyrste gongen gjeve ut i 1962. To år seinare vart arbeidet gjeve ut som band I i ei då påtenkt Hamre Bygdesoge, i regi av Hamre folkeopplysningsråd.
Boka gjev ei grundig innføring i det tradisjonelle bygdemålet slik det vart vanleg tala i fyrste delen av 1900-talet. Her finn ein utfyllande forklaring på dei fleste fenomen i språket med inngåande forklaring på korleis ord og uttrykk har endra seg.
For den som er interessert i språk og språkutvikling finst det knapt maken til grundig arbeid.
Gunnvor Rundhovde (1918–1987) var frå Valestrand. Ho var professor i språkvitskap ved Nordisk institutt ved Universitetet I Bergen.
Boka er på 188 sider. Pris kr 100 (innbunden), kr 75 (hefta) + ev. porto.
Utgjevar: Hamre folkeopplysningsråd.
Utgjevingsår: 1964.
I kommisjon hjå:
Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet