Minne og opplevingar frå mange år
Johs. L. Hauge (1908-1995) var ein aktiv skribent i mange samanhengar, og gjennom mange år skreiv han også ned mykje frå det gamle bygdalivet slik han mintest det, og slik han fekk det fortalt som barn.
Han fortel om slekta og særmerkte personar mellom forfedrane. Gardsdrifta står sjølvsagt sentralt, og ikkje minst dyrehaldet, der både hesten, kua og sauen kvar på sine måtar var spesielle for Johs. L. Hauge.
I tillegg skildrar han dagleglivet før i tida og fortel levande om levemåte og skikkar i bygda.