Heim  |  Boksida  |  Bygdeboka  |  Sogeskriftet  |  Sogelaget  |  Databasar  | Bilete  |  Nettbutikk  | Osterwiki
 Heim  |  Boksida  |  Bygdeboka  |  Sogeskriftet  |  Sogelaget  |  Databasar  | Bilete  |  Nettbutikk  | Osterwiki
Osterøy Sogelag
Heim. Boksida. Bygdeboka. Sogeskriftet. Sogelaget. Databasar. Bilete. Nettbutikk. Osterwiki.

Søk på Osterøy Sogelag

Stadnamn i Haus
Stadnamn i Haus byggjer på Ragnar Hodnekvam si omfattande innsamling av stadnamn i gamle Haus kommune. Namna er systematiserte etter typar, og han kjem med framlegg til tolking av svært mange namn som fanst rundt om på gardane i Haus. Ved hjelp av registeret kan ein finna fram til namn som knyter seg til dei ulike gardane.
Boka vart gjeven ut under tittelen ”Mål og minne – Stadnamn i Haus” som band 9 i serien ”Haus i soga og segn”, som også ættebøkene for Haus er ein del av.
Osterøy Sogelag har overteke ein del bøker frå Haus Sogenemnd / Arna Sogelag, og dei sel me ut billeg.
Boka er på 109 sider. Pris kr 50 + ev. porto.
Utgjevar: Haus Sogenemnd.  
I kommisjon hjå: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
Utgjevingsår: 1971
Boka kan tingast med e-post til: gkleivel@online.no