Ostringar på tinget – II
«Ostringar på tinget» er del II i serien av tingsaker frå Osterøy. Denne serien er kjeldeutgåver av tingbøkene for Nordhordland. Boka inneheld alle tingsakene på bygdetinga på Osterøy i perioden frå 1702 til 1728. Dette gjeld tingbøkene 28–36.
I tingbøkene finn me alle dei sakene som var føre på bygdetinga på Osterøy. Det gjeld tinga for Mjelde skipreide, Hosanger skipreide og delar av Arna skipreide (gardane i Bruvik).
På bygdetinga las bøndene bygselsetlane sin for å gjera dei gyldige. Her vart skattane oppkravde, og påbod frå styresmaktene kunngjorde. Men aller viktigaste var det at på tinget vart alle rettssaker pådømde. Alt dette finn me nedskrive i tingbøkene.
Dei mange sakene me finn i tingbøkene har rett nok ei negativ vinkling, fordi utgangspunktet var at noko gale hadde skjedd. Men gjennom omfattande vitneførsle i mange saker frå me eit framifrå innsyn i korleis ostringane levde i kvardagen. Tingbøkene er såleis ei eineståande kjelde til lokalhistoria.
Denne utgåva er utstyrt med eit stadnamnregister, som kan brukast som nøkkel til å finna fram til saker og personar på dei einskilde gardane.
Avskrifta av tingbøkene er gjord av Håkon Aasheim.