Osterøy til fots
„Osterøy til fots - kulturhistoriske vandringar” inneheld 27 turalternativ på Osterøy. I tillegg til å skildra dei ulike turløypene har boka ei mengd med lokalhistoriske opplysningar om det området du går gjennom. Dette er såleis ei bok som gjer det meir spennande og interessant å gå på tur, og som får oss til å skjøna at det har vore folk før oss.
Me vert kjende med korleis dei bar seg åt når dei skar torv. I fjellheimen vert me kjende med dei mange stølane, og kvar stølsjentene mjølka kyrne. Me får vita korleis menneska har slite for å livberga seg og på kva finurlege måtar dei fann seg levemåte „der som ingen kunne tru at nokon ville bu”.
Me kjenner oss trygge på at dei fleste vil få seg mange hyggjelege aha-opplevingar når dei tek fat på denne boka, anten før, under eller etter ein flott tur.
„Osterøy til fots” er spekka med bilete, dei fleste i fargar. Det er såleis vorte ei flott og innbydande bok som også appellerer til augo. Me trur mange vil finna glede ved også å gå „tur” heime i godstolen. Til kvar rute er det laga kart som viser kvar ruta går.
Boka er på 192 sider - stivbind. Pris kr 270 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 82-91229-10-4
Utgjevingsår: 2003