Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Gards– og ættesoge for Hamre
Hamre-bøkene inneheld gards- og ættesoger for Hamre sokn på Osterøy. I dei to bøkene finn me alle gardane i tidlegare Hamre kommune på Osterøy. Bøkene er skrivne av Håkon Aasheim.
For kvar gard finn me gards- og ættesoge. I gardsogene finn me sentrale opplysningar om garden, fyrst og fremst om tidlegare eigarar, opplysningar og gardsdrifta til ulike tider og korleis garden har vorte delt opp i fleire bruk og kva for husmannsplass som har lege under garden. Ættesogene fortel om alle familiane som har budd på garden til ulike tider, ordna kronologisk etter gifteår og med opplysningar om kva bruk kvar einskild familie hadde.
Osterøy kommune ytte i si tid tilskot til Hamre Bygdebok. No har Osterøy Sogelag overteke salsretten til desse bøkene.  
To band, til saman 1282 sider. Pris kr 300 pr. sett + ev. porto.
Utgjevar: Hamre Bygdeboknemnd.
ISBN 82-992031-1-2 (bd.I); 82-992031-2-0 (bd.II); 82-922031-0-4 (kpl.)
Utgjevingsår: 1990.
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet