Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Dei fyrste dampbåtane


Den fyrste tida fylgde dampbåtane nokså tilfeldige ruter. Han som fekk meir sving på sakene, var industrigründeren i Ytre Arna, Peter Jebsen. For å frakta dei ferdige tekstilane frå fabrikkane sine brukte han fyrst ein stor robåt som folk kalla for «Lerreftsbåten». Men i 1864 kjøpte Jebsen dampbåten «Arne». Det viktigaste føremålet var å frakta varer til og frå Arna, men Jebsen fann ut at han kunne opna rutefart den tida han ikkje trong båten sjølv. Frå Ytre Arna gjekk båten vidare inn Sørfjorden, og etter at Bolstadstraumen vart gjord djupare i 1868, var Bolstadøyri endestopp. Samstundes byrja også andre selskap å trafikkera fjordane kring Osterøy. Førebels var det helst båtar som tok sikte på vossingane si byreise, men undervegs la dei inn stopp undervegs. Ola Tveiten skriv at dei fyrste båtane i meir eller regulær fart på Osterfjorden dukka opp i 1867. Det var båtane «Bjørgvin» og Frithjof». Heilt å stola på var dei rett nok ikkje, for selskapa tok atterhald: «Hvis veiret er til hinder indstilles rutene». Sjølv om mange framleis valde den lange roturen til Bergen, var det sakte og sikkert fleire som tok dampen.


Kring 1870 spratt det opp ei rekkje dampskipsselskap med Bergen som sentrum og med båtruter til bygdene omkring. Det Nordhordlandske Dampskibssamlag vart skipa i 1870, og her var bondehandlaren Gerdt Jæger den leiande personen. Mellom bygdefolket vart dette fort til «Jægerselskapet». Ein av båtane heitte «Voss», og i 1875 viser ruta at to vekedagar gjekk båten inn Sørfjorden og opp til Valestrand, Arna, Haus, Trengereid, Bruvik og med endestopp på Vaksdal. To andre vekedagar gjekk båten inn Osterfjorden på veg mot Bolstadøyri, og då hadde han også nokre stopp på Osterøy: Sanddalsneset, Hosanger og Bernestangen. Men bygdefolket var ikkje nøgde med rutene til «Jægerselskapet» og meinte at selskapet fyrst og fremst tok omsyn til byfolk og nytta båtane i andre ruter dersom det lønte seg betre. Difor var det fleire og fleire som talte til at bygdefolket sjølv måtte skipa sitt eige dampskipsselskap som sette bygdefolk sine interesser i fyrste rekkje. Etter kvart som fleire såg føremonene med dampbåten, ynskte òg fleire at båtane gjekk oftare og hadde fleire stopp. For å stetta dette kravet vart «Osterøens Dampskibsselskab» skipa i 1879. Lovene for selskapet vart underskrivne på Bernestangen, og av dei elleve grunnleggjarane var sju frå Osterøy: Johs. Solberg, A. Litland, O. Øfsthus, N.O. Hatlandsvaag, O. Fieldskaalnæs, J. Rondhovde og S. Hatland. Føremålet for selskapet var klinkande klårt: «at befordre en for Osterfjorden hensigtsmæssig, billig og regelmæssig Dampskibsfart». Dette var eit samyrketiltak der bygdefolket rådde. Det ser me i røystereglane, der så lite som ¼ aksje gav rett til ½ røyst, og ingen fekk meir enn to røyster, sjølv om dei åtte meir enn to aksjar. Prisen på kvar aksje var 25 kroner.


Nokre år seinare, i 1883, vart det også skipa eit liknande selskap som skulle trafikkera Sørfjorden: «Ole Bull Dampskibsselskab». Her var inngangsbilletten endå rimelegare, og kvar aksje kosta berre kroner 12,50. Av dei sju i styret var desse frå Osterøy: Elling L. Solberg, Lars O. Rolland, Jakob E. Rundhovde og Rasmus N. Skjerping. Dei to selskapa hadde til hovudoppgåve å driva kvar sine skip. «Osterøens Dampskibsselskab» fekk bygt «Osterø» i Bergen. Båten var på 59 bruttotonn og var om lag 20 meter lang. Han vart sett inn i trafikk i Osterfjorden i 1880. Kvar tysdag og torsdag hadde båten avgang frå Bergen klokka 07.00 og gjekk opp til Salhus, Hamre, Lonevåg, Hosanger og Fotlandsvåg, før han kryssa over til Ostereidet. Returen gjekk same dagen. Onsdag og fredag starta båten klokka 06.00 med Modalen og Eidslandet som mål. Ole Bull-selskapet tinga båt i Göteborg. Båten fekk namnet «Ole Bull» og var med sine 72 bruttotonn og om lag 25 meters lengd noko større enn «Osterø». I 1887 overtok selskapet «Arne» frå Det Nordhordlandske Dampskibssamlag. «Ole Bull» gjekk i rute frå byen til Lonevåg og Ostereidet og innover Sørfjorden til Vaksdal, Stamnes og Bolstadøyri.


Lett var det likevel ikkje å driva dampskipsselskap, sjølv om bygdefolket no hadde sine «eigne» selskap. Konkurransen med dei private selskapa var hard, og fortenesta var skral. Striden mellom dei private selskapa og bygdeselskapa vart også dregen inn i Haus sparebank, då Ole Bull-selskapet søkte banken om lån til å byggja «Ole Bull». Banken innvilga eit rentefritt lån på 5000 kroner som skulle vera avdragsfritt dei to fyrste åra. Men haken var at formannen i direksjonen, Jürg Jebsen, med interesser i dampskipet «Arne», ikkje hadde vore til stades då vedtaket vart gjort. Han meinte banken subsidierte det eine selskapet framfor det andre, men han protesterte til ingen nytte. Lensmann Ole J. Veseth målbar fleirtalet sitt syn. Han meinte dei to selskapa ikkje kunne samanliknast. «Dampskibet ’Arne’ er kommet istand og bestaar som et privat Spekulationsselskab med personlig Vinding som Hovedformaal, medens Grundtanken i Ole Bulls Selskab er at skaffe en saa billig og lettvindt Befordring som muligt.» Vidare heldt han fram at «en Gave til Selskabet er kun tilsynelatende en Gave til Aktionærerne, i Virkeligheden er den som en Gave til Befolkningen.» Bak dette ser me bonden si misnøye med dei private selskapa som berre ville mjølka bygdefolket til eige beste. Eit klårt fleirtal i den lokale banken ville stø bondeinteressene mot profittinteressene.


Så lenge var det ikkje dei små selskapa med avgrensa ruteområde kom til å driva. Dei to bygdeselskapa som trafikkerte fjordane kring Osterøy, såg at dei ville stå sterkare om dei samla kreftene. Representantar for «Osterøens Dampskibsselskab» og «Ole Bull» samla seg 29. mai 1891 i løa til Helge Valestrand og vart samde om å gå saman til eitt felles selskap. Dermed vart Indre Nordhordlands Dampskibsselskab (INDS) skipa, i 1923 endra til Indre Nordhordland Dampbåtlag (INDL). Styret skulle ha sju medlemer som skulle spegla trafikkområdet for selskapet: éin frå Bergen, tre frå Sørfjorden, to frå Osterfjorden og éin frå Evanger. Selskapet overtok båtane frå dei samanslegne selskapa og hadde tre båtar dei fyrste åra, men det vart tidleg arbeidt for å skaffa laget ein større båt. I 1894 fekk selskapet bygt ein ny båt i Newcastle i England. Han fekk namnet «Johan Jebsen», oppkalla etter industribyggjaren. Jebsen var då styreformann i INDL, og då fleirtalet i styret ville kalla båten opp etter han, lét han til å vera reservert mot det, men har «ikke villet modsette sig at saa blir tilfelde». Den nye båten var på 185 tonn, han var om lag 35 meter lang og kunne ta 280 passasjerar. Båten vart ein legende mellom bygdefolk langs fjordane. I 1915 vart han totalskadd i ein brann, og vraket vart seld. Men forsikringsselskapet som overtok vraket, bygde båten opp att. Då kjøpte INDL han tilbake, og sidan gjekk han i selskapet sine ruter like til 1951.


«Johan Jebsen» innleidde ein ny generasjon dampbåtar i lokalbåtferdsla, og etter kvart som trafikken auka, auka også kravet om større og betre båtar. Dessutan var isen i indre Osterfjorden og Mofjorden eit problem, og berre ein båt som var bygd for å takla isen, ville vera fullgod. Som svar på dette ynskjet fekk selskapet bygt «Oster» i 1908. Han var bygd med forsterka hud framme og tilfredsstilte kravet frå folket i dei indre bygdene om at «båten skal alltid gå på køyrande iskant». Med «Oster» vart vinterisolasjonen for dei inste bygdene broten. Båten var 167 bruttotonn, vel 33 meter lang og kunne ta 265 passasjerar. I 1915 vart han påbygd mest fem meter, og passasjertalet auka til 312. I 1914 fekk selskapet bygt ein tilsvarande båt, «Haus». Med ein moderne flåte kvitta selskapet seg med dei gamle og små båtane. «Arne» vart seld i 1913, og i 1919 vart også «Ole Bull» skifta ut. Dei tre hovudbåtane trafikkerte dei fleste rutene, men likevel var det slik at dei vart mest brukte på bestemte ruter. «Johan Jebsen» gjekk såleis mest i Sørfjorden. «Haus» vart rekna som Lonevågs-båten, medan «Oster» regjerte helst i Osterfjorden og inn til Modalen og Eidslandet.


For bygdefolk langs fjordane vart «Oster» sjølvaste «dampen». Mange kan seia seg samde med norskamerikanaren Kolbjørn Leed, som på besøk i gamlelandet i 1970 såg attende på reisa med «gamle dampen» i barndomen:


Å reisa med «Oster» var eit bilete på sant demokrati. Der kunne kvar velja den plass han ville. Dersom ein ikkje fann seg til rette på 1. plass eller i røykjesalongen, kunne ein gå i kyrafloren. Der var det godt og varmt og nokre få sekkjer og kassar skjemde ikkje. Der kom både fattig og rik. Og diskusjonen var både variert og høgmælt. Eit og anna grynt frå eit par grisungar syntes berre å vera i harmoni med det heile.

Når me reiste, var det alltid eit visst velvære å få reisa med «Oster». Især laurdag ettermiddag når alle skulle heim til helgi og alle båtane stima nord over fjorden mot Salhus. Det var alltid ein kappestrid om kven som skulle leggja fyrst til bryggja i Salhus. Me sto som regel på akterdekket og fylgde med når «Oster» seig forbi den eine etter den andre, og me tykte i det stille synd på stakkarane som var nøydde til å reisa med dei andre båtane. Det var berre ein me var redd for, og det var «Austrheim». Når me då gjekk sida om sida med han, la me ofte merke til at det byrja å velta ein mistenkeleg svart røyk opp frå skorsteinen. Eg hadde ein mistanke om at kaptein Hordvik snakka litt med dei nedi maskinromet, og så seig «Austrheim» litt etter litt bakom, og så sto me der og følte så godt. «No rådde me grunnen åleine.»

Ja, «Oster» var no liksom basen. Når det var spesielle oppdrag så måtte han til. «Haus» låg berre der og blåste med kaien, og «Hamre» drog med seg alt vatnet som var i fjorden. «Johan Jebsen» vil eg ikkje ein gong snakka om. Men når det kom til å laga råk og bryta is, då måtte «Oster» til, og han greidde det.


Sjølv om bygdefolket no hadde Indre Nordhordland Dampskipsselskap, var det likevel konkurrentar til bygdeselskapet. Alt i 1872 kjøpte Lyder Holm båten «Ebenezer» og døypte han om til «Fotlandsvaag». Holm nytta båten mest i lastefrakt til og frå fabrikkane sine i Fotlandsvåg, ikkje minst mylna, men det var også mogleg for folk å reisa med båten. Etter at Holm døydde i 1915, vart båten seld. Ein stridare konkurrent var «Sør- og Osterfjordens Dampskibsselskap», som vart skipa i 1901 og hadde base i Valestrandsbygda. Knut Birkeland på Småland var disponent, og selskapet kjøpte ein dampbåt som dei døypte om til «Valestrand». Båten gjekk i rute frå Bergen, med stopp i Eidsvåg, Åstveit, Frekhaug og Valestrand. Ei kort tid prøvde selskapet seg også med ruter til Fana og Tysnes. Dette selskapet var ein arg konkurrent til INDL, og til tider var det reine krigstilstanden mellom selskapa. INDL nekta konkurrenten å nytta bryggjene deira og godtok ikkje at ekspeditørane deira også ekspederte konkurrenten. Rettssak var på tale, men det vart det ikkje noko av. Truleg gjekk det ikkje så altfor godt med det nye selskapet, for i 1906 vart båten seld på auksjon til det nyoppretta «Dampskibsselskabet Urban», også det med rutefart i same området og med Birkeland som disponent. I 1911 gav også dette selskapet opp, og «Valestrand» vart seld til «Hjelme & Herlø Dampskibsselskab». Også eit anna selskap, AS Bergen Fjordexpress, prøvde å ta opp konkurransen med INDL. I 1914 kjøpte selskapet båten «Osterfjord» og starta rute mellom Bergen og Fotlandsvåg, der selskapet gjorde avtale med handelsmann Johan M. Herland om bryggjeleige. Men denne båten gjekk berre eit års tid før selskapet avvikla. Dette var ein av dei fyrste dieseldrivne båten på Vestlandet.



Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet