Du søkjer i databasen ved å klikka SØK i menyen. Du får då fram eit skjema med alle
felta i den spesielle databasen du vil søkja i. Klikkar du SØK nederst i skjemaet,
får du fram alle postane i databasen.
Du kan søkja i alle felta. Di fleire felt du søkjer i, di meir avgrensar du søkjet
ditt. Då kjem du nærare det du søkjer etter.
Er du usikker på skrivemåten av t.d. eit namn, kan du bruka berre delar av namnet.
Leitar du etter ein Per i ei folketeljing og er usikker på om namnet kan ha vore
skrive Per eller Peder, skriv du berre dei par fyrste bokstavane pe. Då finn du alle
med namna Per, Peder, Peer, Petter, men òg Pernille t.d.
I talfelt kan du også bruka prosentteiknet % for teikn som du er usikker på. I felt
for t.d. bruksnummer vil søk med talet 3 gje deg alle bnr. 3, men eit søk med 3%
vil gje deg 3,4,5, eller 2-3, eller 3&4 osb.
Du kan også søkja med bokstavar inne i eit ord. Med tt kan du t.d. finna Petter,
Mette, Guttorm osb.
Når du klikkar SØK nederst i skjemaet, får du fram alle postane som samstavar med
søkjeutvalet ditt.
Søkjeresultata får du fram i listeform. Over lista står feltnamna. Klikkar du på
eitt av feltnamna, kan du sortera resultata slik du ynskjer, både oppover (frå fyrste
til siste) og nedover (frå siste til fyrste). Du kan sortera lista etter kva feltnamn
du måtte ynskja.