Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Kamp på liv og død


Frå Hosanger var det mange ungdomar som melde seg til Bjørn West-styrkane etter flysleppet i Fotlandsvågen palmehelga 1945. Ein del av dei vart forlagde på Litle-Matrestølen, men dei fleste tok inn i husa i Kringlebotnen, der det var meininga dei skulle gjennomgå militær opplæring. Men med tyske styrkar på jakt etter dei vart det alvor mest med det same. Alt 28. april skjedde fyrste samanstøyten med ein tysk patrulje ved Fossesetra. Men tyskarane drog seg fort attende. Dagen etter kom ein tysk patrulje over folka i Kringlebotnen. Ein av dei norske fenrikane fall, men også no trekte tyskarane seg attende. Dagen etter, søndagen, prøvde tyske styrkar å koma innpå Kringlebotnen med ein omgåande manøver om Litle-Matrestølen, der eit lag med ungdomar frå Hosanger var plasserte. Då den tyske troppen nådde fram til stølen, vart han fullstendig overrumpla då nordmennene opna eld. 27  tyskarar vart drepne, berre éin overlevde. Han simulerte død og kom seg ned til Matre då mørkret fall på. I skotvekslinga då tyskarane nådde fram til stølen, fall Johan Hansen Gatland frå Hosanger.


Etter kampane ved Litle-Matrestølen trekte den norske gruppa seg tilbake mot Kringlebotnen. Ei tysk avdeling nærma seg no garden. Fremst i skotlinja låg eit vaktlag under leiing av sersjant Sigmund Revheim. I ei av mange skotvekslingar fall Jakob Åsheim. Laget låg no fastklemt, og under ei hissig skotveksling på liv og død skaut Revheim tre av dei tyske soldatane. Ein av dei var såra og overlevde. Situasjonen deira var no desperat, og Revheim sende Narve Tindeland attende etter hjelp. Men på vegen vart han treft av ei tysk kule og døydde straks. Han var frå Haugesund, men hadde rømt frå arbeidstenesta til Øvsthus, der mor hans var frå.


Mot den sterke tyske styrken måtte dei norske soldatane trekkja seg attende mot hovudkvarteret i Stordalen. Tyskarane la no om planane for korleis dei kunne vinna over dei norske styrkane og prøvde seg med å koma innpå dei frå nord, frå sognesida. Men etter fleire trefningar vart dei stoppa også denne vegen. 3. mai gjorde tyske styrkar eit siste forsøk frå matresida att. Etter harde skotvekslingar heile dagen ebba angrepet ut fordi tyskarane var i ferd med å sleppa opp for ammunisjon. Seint på ettermiddagen sende dei opp signallys for å varsla styrkane sine om retrett.


På denne tida var det tydeleg at krigen snart var slutt. Overkommandoen i England sende melding til alle norske styrkar at dei burde unngå trefningar med tyskarane. Bjørn West-karane drog seg då attende til Skjerjevasshytta, og der vart dei dimitterte. Dei fleste frå Hosanger reiste heim att, med ordre om å liggja i ro til særmeldinga «med sovepose og telt» gjekk ut på radioen. Tysdag 8. mai kom meldinga, og Bjørn West-karane samla seg på Urdal, der «Hosanger I» tok dei til Bergen dagen etter. Der vart dei mottekne under stor jubel av eit folk som etter fem års okkupasjon på nytt var fritt. I byen hadde Bjørn West til oppgåve å sikra ro og orden. 17. mai marsjerte Bjørn West-styrken saman med andre heimestyrkar i spissen for det største folketoget som til då hadde gått gjennom gatene i Bergen.


Bjørn West-styrkane i Matrefjella talde til saman 267 mann. Av dei var kvar femte frå Osterøy, dei aller fleste frå Hosanger. Det var ei direkte fylgje av flysleppet i Fotlandsvågen palmelaurdag. Den største kontingenten kom frå Bergen. Mange der måtte i dekning anten grunna aksjonar eller flukt frå arbeidstenesta. Kor mange tyske soldatar som deltok i kampane, er uvisst, men truleg deltok mellom 500 og 600 mann. Talet på tyske falne er òg uvisst. Lenge har norske kjelder hevda at 117 tyskarar fall. Men Sven-Erik Grieg-Smith, som nyss har gått gjennom gamle og nye kjelder, kjem til at 35 tyskarar vart drepne i kampane. På norsk side miste seks mann livet, i tillegg vart ein sivilist skoten. Ei tid etter kapitulasjonen vart dei døde henta, og kistene vart førte til Bergen. Deretter vart dei gravlagde på heimstaden. Arne Lampe og Henning Wernøe i Bergen, Arnold Mathiesen på Kongsvinger, Jakob Åsheim og Johan H. Gatland på Hosanger og Narve Tindeland i Haugesund.



Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet