Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Bøker frå andre Ættebøker frå Osterøy Osterøy Sogelag sine bøker
Osterøy Sogelag sine bøker
Sidan starten i 1986 har Osterøy Sogelag gjeve ut meir enn 30 bøker, alt i alt. Alle bøkene våre handlar om lokalhistorie frå Osterøy.  Mange av bøkene er skrivne av folk som har noko å fortelja om hendingar, menneske eller stader frå tidlegare tider.  Gjennom bøkene gjev dei oss kunnskap om korleis tilhøva var for menneska på Osterøy i vår nære fortid.  Frå denne sida kan du finna fram til kva boktitlar sogelaget har gjeve ut og lesa meir om bøkene.
BØKENE VÅRE FINN DU  HER.
Ættebøker frå Osterøy
I dag er heile Osterøy dekka med ættebøker. For Bruvik og Hamre finst det også gardssoger. Gjennom ættebøkene kan du finna fram til forfedrane dine som har levt på Osterøy. Sogelaget sel alle dei gards- og ættesogene som framleis er i sal. Det gjeld ættebøkene for Gjerstad og Hosanger, og gards- og ættesogene for Hamre og Bruvik.
ÆTTEBØKENE FINN DU HER.
Bøker frå andre utgjevarar
Osterøy Sogelag har også for sal bøker frå andre utgjevarar som har gjeve ut bøker med lokalhistorie frå Osterøy.  Her finn du bøker frå Kapabel forlag. Ungdomslaget ”Fram”, Gjerstad Sokneråd, Gjerstad Fråhaldslag, Hosanger Sogelag, Haus Sogenemnd , Stiftinga Havråtunet, Osterøy museum og Knox Books.
BØKENE FRÅ ANDRE UTGJEVARAR FINN DU HER.
Osterøy Bygdebok
Osterøy Bygdebok - allmennsoge - ligg føre i 2 band. Band I går frå dei eldste tider og fram til 1870: Boka vart gjeven ut i november 2007. Band II dekkjer tida frå 1870 til i dag og kom ut i november 2011. I bygdebøkene kan du lesa om korleis folk har levd fram gjennom tidene på Osterøy under skiftande levekår. Me kan fylgja dei store endringane som har skjedde i bygdene, med overgang frå eit jordbrukssamfunn til det industri- og tenestesamfunnet me kjenner i dag.
BYGDEBØKENE FINN DU  HER.
Bygdeboka - bd II
Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget


Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet