Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

«Bil, fira vaksne og sju ungar»
«Alle hugsar kampen for å nå siste ferja for kvelden etter å ha vore på eit møte som trakk ut på grunn av ein pratesjuk kasserar som ikkje fekk tala til å stemma. Eller om du hadde besøkt kjærasten på andre sida av fjorden. Av og til rakk du ikkje siste ferja, og ei lang natt på ferjekaien i ein kald bil der regnet plaska uavbrote på taket heile natta vart resultatet. Kanskje var du så heldig å få liggja om bord på ein benk om du og ferja var på «retta sio», og kanskje fekk du låna eit pledd med BNT-logo på..»
Dei fleste ruteselskapa i Norge levde eit trygt og verna liv fram til 1980-talet. Det var ikkje store omveltningar verken på eigarsida eller i drifta, men så skjedde ting i rekordfart.
Denne boka fortel historia til AS Ferjetrafikk, Johs. Ådland, Karl Håland, INDL, BNT og BNR, HSD Sjø/Tide, Fjord Line, Wergeland-Halsvik og Osterøy Fergeselskap – alle selskap som dreiv eller framleis driv ferjer i Nordhordland.
Boka er på 240 sider (A4). Pris kr 349 + ev. porto.
Utgjevar: Kapabel forlag, Bergen.
ISBN 978-82-8163-023-9
Utgjevingsår: 2008
I kommisjon hjå:
Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet