Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Den frykta tuberkulosen


Éin  sjukdom var det lenge vanskeleg å sikra seg mot: tuberkulosen. Sjukdomen har vore kjend i hundrevis av år, og folkelege namn som svinnsott og tæring siktar til at den sjuke misser all kraft, «bleiknar og visnar burt». Tuberkelbasillen kan angripa ulike organ i kroppen, men den vanlegaste og mest frykta var lungetuberkulosen. Frå kring 1870 vart tuberkulosen den viktigaste dødsårsaka mellom yngre menneske. Den tida visste legane lite om smittemåten. I dag veit me at ein person med smitteførande tuberkulose spreier smitte når han hostar, og andre menneske dreg smitten i seg. Ein person som har vore borti tuberkulose tidlegare, har bygd opp motstand mot sjukdomen og kan sleppa lett frå ny smitte. Ungdomar, i alder frå 15 til 30 år og som ikkje har vore borti tuberkulose tidlegare, kunne derimot verta hardt råka om dei vart smitta. Ikkje berre var dei i livsfare på grunn av det akutte sjukdomsutbrotet, men om dei overlevde, kunne dei gå i årevis med komplikasjonar og lange kuropphald. Mange vart difor invalidiserte i sine beste år.


Frå kring 1880 til 1940 opplyser prestane ved  dei fleste dødsfalla kva som var dødsårsaka. Sjølv om diagnosane i ein del tilfelle kan vera usikre og samansette, får me likevel eit klårt inntrykk av kva sjukdomar som var vanlegaste dødsårsak. Ser me bort frå sjukdomar knytt til eldre menneske, som slag, åreforkalking eller berre «alderdomsvaghed», som det ofte heiter, var tuberkulosen den sjukdomen som kravde flest liv. Meir enn kvart tiande dødsfall skuldast denne sjukdomen. Ulike luftvegsinfeksjonar tok også livet av mange, der lungebetennelse var den verste, men tidlegare frykta sjukdomar som difteri og skarlaksfeber var nesten borte.


Før effektive medisinar mot tuberkelbasillen fanst, prøvde helsestellet ulike rådgjerder for å redusera smittespreiinga og elles hjelpa dei som vart sjuke. I Hamre vedtok heradsstyret i 1914 nye føresegner for handel med matvarer. Sosialdepartementet ville ha med at alle matvarer i butikkane vart verna mot støv og smuss, og likeins at det vart innført forbod mot spytting i butikkane. Heradsstyret uttalte at det fyrste ikkje kunne etterkomast, men forbod mot spytting var oppslege i alle butikkane. Spytting i samband med snusbruk skjedde alle stader, og ein snusbrukande smitteberar var ein livsfare for andre. Den klassiske plakaten med «Sputt ikkje på golvet» er frå denne tida.


Dei som vart råka av tuberkulose og overlevde fyrste smitteangrepet, vart ofte sende på sjukeheimar eller sanatorium for tuberkuløse. Dei sanatoria som folk frå våre område vart sende til, var Lindås sjukehus, Luster sanatorium, Kysthospitalet på Hagavik eller Laksevåg tuberkulosehjem. Behandlinga på desse heimane var ro og kvile, frisk luft og solid kost. Slike opphald måtte den sjuke i utgangspunktet betala sjølv, men med lite pengar mellom folk, måtte kommunane løyva ein del av summen for mange. Kommunane ville helst unngå å ta på seg utgifter dei ikkje måtte. Mellom Haus og Hamre gjekk ein lengre disputt om kven som skulle betala for ein kvinneleg pasient. Vedkomande var frå Haus, men budde i Hamre då ho vart sjuk. Hamre sende kravet til Haus då dei meinte det var heimekommunen. Men Haus svarte at utgiftene til pasienten ikkje vedkom dei «då ho var i Hamre den gongen det viste seg at ho hadde tuberklar i smidtsam form». Pasienten måtte stadfesta i  eit møte at ho hadde ikkje hadde vore sjuk før ho kom til Hamre.


Heradsstyra fekk stadig inn søknader om tilskot til kuropphald på sjukehus eller sanatorium frå pasientar. Kommunane trygda vanlegvis for opphaldet og fekk refundert noko av pengane frå fylket. Men dei sløste ikkje. Ein pasient søkte om hjelp til å kjøpa klede etter krav frå sjukehuset, men heradsstyret bad faren syta for dei kleda som sjukehuset kravde. I eit anna tilfelle søkte sjukehuset om midlar til klede og skor for ein pasient. Her vedtok heradsstyret i Hamre å løyva pengar til ein dress og eit par skor.  


Ei av dei som har fortalt kor brutalt tuberkulosen kunne råka ein familie, er Solveig Leknes, fødd i 1929. Far hennar døydde då ho berre var fem år gamal, etter eit lengre opphald på Lindås sjukeheim. Huset deira vart reinsa for smitte ved at ein mann kom og sprøytte desinfiseringsstoff inn i tak, veggar, golv og møblar og alt som i huset var. Men den strame, stygge lukta etter  desinfiseringa hindra ikkje meir smitte. Sjølv vart ho og ein bror smitta, og begge måtte ha eit 15 månaders opphald på Hagavik. Ho var berre i fem–seksårsalderen, og måtte lenge halda senga mest dagen lang. Maten som skulle helsa henne opp att, vart ho ofte kvalm av så ho kasta opp, og då vanka det juling. Eit lengre sjukehusopphald for ei lita jente var ikkje lett, og for henne «vart dei vonde minna eit djupt sår, som tok lang tid for å gro». Ei tid etter at ho og broren kom heim, vart ei eldre syster sjuk. Ho fekk ikkje plass på sjukeheim den fyrste tida og måtte liggja åleine isolert frå dei andre i familien i «Bastastova». Seinare kom systera på Laksevåg tuberkulosehjem, der ho etter ei tid døydde. I alt var det sju i Solveig sin nære familie som døydde av tuberkulose. Og etter at familieforsytaren var borte, gjekk garden deira  på tvangsauksjon. Det fortel litt om kor frykteleg hardt tuberkulosen kunne råka.


I lokalmiljøet gjorde sunnheitskommisjonane det dei kunne for å redusera smittefaren med fysiske inngrep. Hjå ein husmann på Daltveit meinte dokter Thesen at huset på plasset var eit «arnested» for smitte og kunne vanskeleg gjerast reint. Tre familiemedlemer var då døde av tuberkulose, sist husfaren sjølv. Helserådet føreslo at huset vart rive, og at dei gamle materialane vart brende. Heradsstyret vedtok dette og at heradet skulle kosta nytt hus for familien. I ein annan heim hadde fire born og mora bukka under av tuberkulose i løpet av dei siste åtte åra. Huset var dårleg, og det ville vera vanskeleg å fjerna all smitte ved vanleg vask. Heradsstyret vedtok å leggja nytt golv i stova og trekkja veggene i stova og i eit kammers med papp. Vedkomande måtte sjølv kosta arbeidspengar, medan helserådet skulle syta for grundig desinfisering. På ein annan gard hadde husfaren og eitt av borna døydd av tuberkulose. Heradsstyret kom til at huset måtte øydeleggjast, og kommunen måtte kosta nytt bustadhus på ny stad.


I fleire bygder vart det sett i gang tiltak for å hindra smittespreiing. Helsestellet og frivillige organisasjonar dreiv opplysningsarbeid om reinsemd og hygiene, og det vart skipa foreiningar for å hjelpa dei sjuke.

Solbjørg ungdomslag skipa i 1912 eit tuberkuloselag i bygda, og ved å selja maiblomar, julemerke, lodd m.m. fekk dei pengar til støtte for sjuke som ikkje hadde pengar til sjukehusopphald. Men dei gav også støtte til «patenterte drikkegreider» ved Seljerinden og Fitje skular, eit tiltak for å hindra skuleborna å drikka frå  same vassause. Valestrand tuberkuloselag arbeidde med tilsvarande føremål, og i slutten av 1920-åra tilsette laget eiga sjukesøster.


Legevitskapen fekk etter kvart betre kunnskap om sjukdomen. Tuberkulinprøve og betre røntgenteknikk sikra tidleg diagnose, slik at ein smitta person kunne skiljast frå usmitta. Legane tok til å blåsa luft inn i brysthola, slik at den sjuke lunga kunne falla saman og pasienten vart smittefri. Dei lærde også å operera vekk den sjuke delen av ei lunge. Men fyrst med penicillin etter krigen hadde legane eit effektivt middel til å ta knekken på den frykta sjukdomen.



Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet