Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

Vassdal på Osterøy
– Soga om garden og Brøkdalen

Tore Vassdal har skrive soga om Vassdal og dei andre gardane på Brøkdalen. Boka presenterer levekår i bygde- samfunnet, og me vert kjende med menneska som gjennom hundreåra har budd på gardane. Gjennom ei rekkje småforteljingar let forfattaren oss koma nær innpå menneska.

Tore Vassdal, f. 1931 i Bergen, har vore lærar og skuleinspektør i Larvik. Far hans var frå Vassdal, og gjennom mange turar til Brøkdalen i barndomen fekk han interesse for levevis og korleis folk hadde overlevd i eit avsides bygdesamfunn. I møte med bygdemenneska snappa han opp mange forunderlege historier, om personar og hendingar av mange slag. Seinare har han gjennom mange år systematisk samla stoff om Brøkdalen, fyrst om si eiga slekt men etter kvart også om slektene på dei andre gardane. Resultatet er denne boka.  

Boka vender seg naturleg nok fyrst og fremst til folk som bur på dalen eller som ættar derifrå. Men ho har også stor interesse for alle dei som er interesserte i lokalhistorie og som vil vita meir om korleis folk levde i tidlegare tider. Boka er rikt illustrert.
Boka er på 199 sider (17 x 24 cm). Pris kr 250 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-25-6
Utgjevingsår: 2012
Boka kan du kjøpa i nettbutikken vår.



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet