Osterøy Sogelag

Søk på Osterøy Sogelag

På den gamle tufti - Forteljingar frå Mæle
Av Leiv Mæhle og Atle Bjørn Mæhle

«På den gamle tufti» er historie frå Mæle på Osterøy. Syskenborna Leiv Mæhle f. 1946 og Atle Bjørn Mæhle f. 1944 presenterer ulike sider frå historia om garden. Dei rike forn­funna frå eldre jernalder får brei omtale og fortel om ein gard som frå gamalt har vore eit hovdingsete.
Frå besteforeldra på Mæle fekk dei begge overlevert tradisjonsstoff frå garden, både segner, gåter, spel og leikar i tillegg til alle dei namn forfedrane hadde på alle stader i inn- og utmark. Alt dette legg dei fram i boka.
Dei store endringane som har skjedd fram gjennom gardshistoria er også eit tema i boka. Ikkje berre gjeld det katastrofen i kjølvatnet av svartedauden, men også dei veldige omveltingane som fann stad etter utskiftingane då heile gardssamfunnet vart endra. Forfattarane voks opp i etterkrigs­tida, og endringane frå deira oppvekst fortel om eit heilt nytt gardssamfunn.
Utskiftingane vert presenterte med omfattande kart. I tillegg er boka rikt illustrert, med både gamle og nye bilete.
Boka er på 100 sider - innbunden - format 21x21 cm.
Pris kr 250 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-42-5
Utgjevingsår: 2020
Boka kan kjøpast i nettbutikken vår, REMA1000 og COOP Extra i Lonevåg og  Arna Libris i Indre Arna.
Kjøp



Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet