Osterøy Bygdebok

Søk på Osterøy Sogelag

Utskiftingane. Til Amerika. Dampbåtane. Å smi mens jernet.... Tuberkulosen. Kamp på liv og død. Osterøy kommune. Politikk på lokalplanet. Mekanisering.

Å smi mens jernet er varmt


Dei siste tiåra av 1800-talet var det fleire smedar som gjorde smiing til hovudyrket. Alt i 1875 var det ni personar som berre hadde smedyrket som næringsveg. I 1910 var talet på smedar auka til 38. Men i tillegg var det mange som tydeleg rekna arbeidet i smia som ein viktig del av levegrunnlaget. Me kjem såleis til 56 personar som i større eller mindre grad dreiv som smedar eller dreiv med anna metallarbeid.


Ein av dei fyrste som dreiv som smed og berre det, var Magne Askildsen på Tysså. Alt i 1860-åra bygde han

seg smie på garden. Tøsse mølle vart bygd i 1866, og truleg var det då Magne kom til Tysså, for mylna hadde trong for smed for å halda drifta i gang. Han hadde fleire læregutar, og fleire av sønene fekk også arbeid i smia og dreiv som smedar etter at faren var borte.


I Hosanger starta Askild Nilsson Mjøs ein spesialitet innanfor smedfaget. Alt i 1865 er han omtala som smed og gjørtlar. Han var då 22 år gamal og hadde lært metallstøyping nær Bergen. Verkstaden stod fyrst i fellestunet på Mjøs, men etter utskiftinga i 1890 vart han flytta ned til elva. Her kunne Askild utnytta vasskrafta i elva og utvida verksemda. Ved hundreårskiftet arbeidde tre søner saman med han i tillegg til eit par mann frå bygda. Den eldste sonen, Nils, er kalla «Metalvarefabrikant», Johannes var «Metaldreier paa faderens værksted» og Nikolai var «Former paa faderens værksted». Men det mest interessante er at både Nils og Nikolai då budde i Berlin, der dei gjekk i lære ved ulike tyske verkstader. Kunnskap var viktig for å utvikla verksemda vidare. Nils overtok metallverkstaden etter faren i 1904 etter at han hadde sikra seg meir av vassrettane i Holaelva. I elva bygde han stemmegard og ei vassrenne som leidde vatnet inn på eit stort vasshjul. Nils hadde teknisk utdanning og klarte difor å byggja eit lite kraftverk i elva, og truleg var familien den fyrste som hadde elektrisk lys på Osterøy. Produkta frå verkstaden var dørvridarar, bismarlodd, vindaugskrokar og andre beslag. Etter kvart som folk byrja leggja inn vatn i flor og hus, gjekk det mykje på ulike typar vasskranar. Dei fleste produkta vart støypte i messing. Støypeformene var laga i sand. Mjøs hadde to verkstadbygningar, smia nede ved elva og smeltehuset litt ovanfor. Ein del av artiklane vart omsette lokalt, men det meste vart selt gjennom jernvarehandlarane i Bergen, særleg Wallendahl og Stender. Nils Mjøs vart sjuk og døydde alt i 1928. Einaste sonen, Aksel, var ferdig utdanna prest, og broren Nikolai hadde overteke heimejorda. Ingen av dei var aktuelle til å overta verksemda. Like før han døydde, selde han difor verkstaden til svogeren, Ola O. Øvsthus. Han dreiv verksemda gjennom dei vanskelege trettiåra. Det var vanskeleg å få selt varene, og prisane gjekk ned. Fram til krigen var det såleis berre to–tre mann i arbeid.


På Småland starta Olav R. Småland med smedforretning i 1888. Han konsentrerte seg om ulike typar bitjern som knivar, ljåar og økser. Verksemda gjekk godt, og kring 1900 utvida han smia monaleg. Han utnytta vassfallet i bekken, og i 1908 bygde han ein stor stemmegard, slik at han kunne samla nok vatn til eit stort vasshjul som dreiv fleire maskinhamrar. Attåt meisteren sjølv arbeidde fleire av sønene i smia, og han hadde gjerne fem–seks læregutar den tida aktiviteten var størst. Vanskane frå 1920-åra førte til at verksemda etter kvart vart trappa ned, og i 1930 var siste læreguten ferdig med læretida si. Det var Einar Husdal som starta smie og verkstad i Vågsbotn.


I 1882 flytta Mons Mikkelsson Dale til Haus og tok til som smed i bygda. Han arbeidde mest ljåar, knivar, økser og hengsel. Ein av læregutane hans, Nils Helle (1862–1946), kjøpte smia og dreiv i mange år som smed i Haus med mykje av det same arbeidet som meisteren. Også Helle hadde læregutar, mellom andre Anders Jonsson (1873–1939) frå Rivenes. Han fór sidan til Bergen der han arbeidde hjå ein vektfabrikant. Seinare kom han heim att til Rivenes, der han arbeidde pundarar og desimimalvekter.


I Fjellskålneset byrja Ingvald Tepstad med smie i 1909. Han produserte ulike typar jordbruksreiskap og bygningsbeslag. Frå 1921 var smia i Fjellskålneset fast leverandør av ymse beslag til telegrafverket, noko som var eit trygt grunnlag for drifta. Jamt over gav smia arbeid til fem–seks mann.


Eit tidleg sentrum for smedmiljøet var Solbjørg og Gjerstad. Frå dette miljøet voks det fram stadig nye avleggjarar, som etter kvart vart moderne industribedrifter. I 1880 bygde Knut K. Solberg seg smie på

Solbjørg, der han dreiv som bitjernsmed. Produkta var fyrst og fremst ljåar, knivar og øksar. Til vanleg hadde han tre læregutar, som hadde kost og losji dei tre åra læretida varde. Midt i 1890-åra selde han smia til Knut O. Vevle og kjøpte seg gard på Mjeldheim, der han heldt fram som smed. Rett etter hundreårsskiftet flytta Vevle smia ned i Bruaneset og dreiv der ein allsidig smedforretning. Alt i 1913 døydde han, men frå 1920 dreiv sonen Olav smia vidare etter faren. Han heldt fram med eit svært variert smedarbeid og laga mellom anna ulike bygningsartiklar og mange slags gardsreiskapar. I tillegg dreiv han med kunstsmiing, og i periodar hadde han mykje reparasjonsarbeid for bøndene. Etter kvart som bilen gjorde sitt inntog, dreiv han òg bilverkstad.


I 1887 starta Anders Gjerstad «Gjerstad Laasefabrik» i Bløddalen. Han var då berre 20 år gamal, og i 1900 hadde han to mann i arbeid attåt to læregutar. Som namnet seier var det ulike typar låsar som vart laga i smia, og det aller meste vart levert til Wallendahl. Han spesialiserte seg på grovare låstypar, som utelåsar og kjellarlåsar. Sonen, Jens, overtok drifta i 1941, men tida for tradisjonell låsproduksjon ebba etter kvart ut. Jens Gjerstad dreiv smia til han døydde i 1968, og i 1973 fekk Osterøy museum overta henne. I slutten av 1880-åra starta Sjur O. Hartveit det som vart kalla «Hartvedts Laasefabrik», men han dreiv i mindre målestokk.





Bokside Heim Sogeskrift Sogelaget

Heim

Bokside

Sogeskrift

Sogelaget

Databasar

Kart

Sogelagsbøker

Innhald i alle årgangane

Styret

1900-talet

Gardsnamn

Bygdeboka

Søk etter emne

Lover

1800-talet

Gardskart

Ættebøker

Søk etter forfattarar

Medlem ?

1700-talet


Andre utgjevarar

Abonnent ?

Kontakt sogelaget

1600-talet