Oppdatering av ættebok for Gjerstad og Haus

Styret i Osterøy Sogelag har vedteke å oppdatera ætteboka for Gjerstad og Haus sokner, den boka me gav ut i 1992. Sidan den tid har det skjedd store endringar i alle familiar; nye har kome til, andre ha falle frå. Ingen bok har me meir etterspurnad etter enn denne ætteboka, for den gamle boka har no vore utseld i snart 10 år.
Styret har lagt ein førebels slagplan for arbeidet. Det er mykje arbeid å laga ei ny ættebok. Alle familiane som bur i området, må kontaktast personleg. No før sommaren satsar me på å få fat i frivillige som kan vera med og samla inn opplysningar om den enkelte familien. Me reknar med at me må ha 50-60 innsamlarar som kan kontakta kvar enkelt familie.
Tidleg i haust vil me ha eit felles orienteringsmøte for alle innsamlarane, der me orienterer om korleis dei går fram i innsamlingsarbeidet. Me vil då gå gjennom aktuelle skjema som skal delast ut til kvar familie.
Så håpar me innsamlingsarbeidet kan gjerast i haust. Men deretter fylgjer eit omfattande arbeid med å sy opplysningane saman til bok og kontrollera opplysningane. Så det vil ta ei tid før boka er klar.
Dersom du kan tenkja deg å vera med og samla inn opplysningar, er det berre å ta kontakt, epost: leiar@osteroy-sogelag.org

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Referat årsmøtet 2017

Årsmøte i Osterøy Sogelag 20/03-2017
Stad         : Osterøy museum
Til stades: 24 medlemar

1 Godkjenning av innkallinga – konstituering
Innkallinga vart godkjent utan merknad.
Møteleiar Geir Kleiveland, skrivar Leiv Mæhle.
Før møtet fekk den nye arkivaren ved Osterøy museum, Nikolai R. Tallaksen ordet. Museet og sogelaget vil samarbeida om eit prosjekt som heiter «Digitale historier». Dette er historier fortalt i ein videosnutt, og han viste tre slike historier som er laga. Det er halde eit kurs og det vil verta annonsert nytt kurs til hausten for interesserte historieforteljarar.

2 Årsmelding for 2016
Geir orienterte om årsmeldinga og arbeidet gjennom året. Den nye boka «Vegalangs» kom ut i juni og har vorte godt motteke. Me har selt vel 700 bøker på eit halvt år. Tradisjonskalendaren kom ut for ellevte gong og vart godt motteken. Det ser ut som den har funne si faste målgruppa. Sal av andre bøker har vore godt. Med eigne stativ på Rema 1000 og Coop i Lonevåg har me fått gode salskanalar på Osterøy. Også bokhandelen på Øyrane Torg sel godt.
Boklageret på Osterøy museum er fullt, så styret har gjort avtale med Systemtrafikk om å leiga plass der.
«Osterøy i soge og samtid» kom ut for 30. gong og hadde fått nytt format. Dette for å presentera bilde på ein bedre måte. Sogeskriftet har til liks med kalendaren ei fast målgruppe og vart godt motteken i år også.
Av nye bokprosjekt er oppdatering av ætteboka for Gjerstad og Haus det mest arbeidskrevjande. Her må bygdafolk gjera ein innsats om me skal koma i mål.
Heimesida til sogelaget er eit vindauga ut mot nye brukarar og vert stadig meir brukt. Her kan ein finna litt av kvart frå Osterøyhistoria. I snitt hadde sida 30 besøk kvar dag i 2016.
Gruppa som driv med slektsgransking veks stadig og har no kome opp i 70 brukarar.
I forbindelse med 30-års jubileet og utgjeving av «Vegalangs» inviterte sogelaget til ein tur vegalangs på Osterøy. Dette vart ein særs populær tur som gav gode tilbakemeldingar.
Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

3 Rekneskap 2016
Rekneskapet vart framlagt på årsmøtet. Dette synte eit fint overskot på kr 208 095,48. Laget har ein god økonomi med kr 656 000 i banken.
Rekneskapet vart godkjent utan merknader.

4 Val
Nytt styre for 2016
Geir Kleiveland, leiar               attvald for to år
Rune Revheim                          attvald for to år
Leiv Mæhle                                ikkje på val
Håkon Aasheim                        attvald for to år
Hild Breivik                               ikkje på val
Berge Borge                               ikkje på val
Varafolk
Kåre Flesland                            attvald for 1 år
Grethe Solberg Mjelstad         attvald for 1 år
Ettersynsmenn
Vidar Simenes                           attvald for 1 år
Rolf Kalland                              attvald for 1 år
Valnemd
Marit Selvik Kallekleiv            ut i 2018
Jostein Hausberg                     ut i 2019
Gunda Kallestad                       ut i 2020

5 Orienteringar og anna
Sogelaget arbeidar med fleire bokprosjekt:
Oppdatering av ætteboka for Gjerstad og Haus er i startfasen
Ei bok der Arvid Midttun fortal frå livshistoria si er snart ferdig.
Ei bok om dei historiske aktivitetane rundt Mjøsvågen er godt i gang.
«Ostramat på alle fat» er i emning.
På styremøta 13. mars bevilga sogelaget kr 20 000,- til teleslynge på Osterøy museum. Denne summen skal vera kr 25 000,-.
I pausen koste me oss som vanleg med kaker og kaffi.

Mæhle 23/3-2017
Leiv Mæhle

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Årsmelding for 2016

Årsmelding 2016 for Osterøy Sogelag

1. Bokutgjevingar og boksal

I 2016 har Osterøy sogelag gjeve ut dei vanlege skriftene men i tillegg kom også endeleg boka «Vegalangs på Osterøy».

A: «Vegalangs på Osterøy»
I fleire år har sogelaget arbeidt med boka «Vegalangs på Osterøy». 1. juni kunne me endeleg presentera boka. Mest 50 personar kring om på øya har bidrege med stoff frå sine område. Alle hovudvegane og dei fleste sidevegane vert presenterte. Her er med opplysningar om kva ein ser i dag, men like viktig kva som har vore i dei ulike områda tidlegare. Boka har vorte svært godt motteken, og me har selt vel 700 bøker på eit halvår. Boka er på 240 sider, og er spekka med bilete, både gamle og nye. Opplaget er 2.500 eksemplar, prisen er kr 320. I samband med lanseringa vart boka seld for kr. 200 til medlemer.

B: «Tradisjonkalender for Osterøy 2017»
Me gav i november 2016 ut «Tradisjonskalender for Osterøy» for 2017. Dette var den ellevte utgåva av kalenderen vår. Opplegget er som før. Me held fast på bilete i svart-kvitt, slik at kalenderen vår får eit annleis preg enn mange andre i denne gata. Opplaget var også dette året 600 eksemplar. Me har litt fleire att enn vanleg, men det ser ut som me har vår faste målgruppe. Prisen er kr. 75. Kalender-nemnd var som før: Signe Mjelde Nordås, Grethe Solberg Mjelstad, Elin Bøe Kleiveland, Hild Breivik og Geir Kleiveland.

C: Anna boksal
Salet av andre bøker i 2016 har vore godt. Det skuldast fyrst og fremst Vegalangs og «Osterøy til fots» som kom i ny, utvida utgåve i 2015. Ættebøkene går det jamt og trutt av. Me har for sal alle ættebøkene som har kome for Osterøy. Det gjeld alle dei tidlegare kommunane Hosanger, Hamre, Bruvik, Haus.
Av dei 2 banda av Osterøy bygdebok har me no selt godt og vel 1700 eks av band 1, av band 2 ca. 1300. Også andre bøker sig ut, for ingen av dei vert «forelda». Viktigaste salskanalane våre no er Rema1000 og Coop Extra i Lonevåg. I begge desse butikkane har me eige stativ med alle bøkene våre utstilte. Også bokhandelen i Arna er ein god salsplass. Det same gjeld nettbutikken vår. Elles har me nyutgjevne bøker liggjande i alle daglegvarebutikkane på Osterøy i ein periode før jul. På marknadsdagen i Lonevåg 4. juni hadde me stand med boksal, det same på husflidsmessa 19.–20. november.
Boklageret vårt på Osterøy museum er no fullt, og styret har gjort avtale med Systemtrafikk om å leiga lagerplass for ein del av bøkene våre.
Ein del tidlegare utgjevne bøker er utselde. Det gjeld: «Minne og opplevingar» (1990), «Likt og ulikt frå Revheim» (1992), «Gardssoga for Mjedlagardane» (2000), «Utan heim» (2002) og «Bak rattet» (2007).

2. Osterøy i soge og samtid 2016

Sogeskriftet er eit fast innslag i bokfloraen innunder jul. I år kom me med 30. årgangen, som vanleg saman med Osterøy museum. Av innhaldet i år kan nemnast:
Silje Solberg skreiv om hardingfelemusikken og tradisjonane kring den på Osterøy. Jon O. Vevle og Egil Borge tok føre seg historia om Osterøy Billag som vart starta for 80 år sidan. Helge Mjelde fortalde om oppvekst i Lonevågen på 1930–40-talet, og Harald Revheim fortalde om barndom og ungdom ulike stader på Osterøy og Arna. Og Randi Andersen takka av arbeidet ved Osterøy museum med ein artikkel om museumsarbeidet gjennom mest 30 år. I tillegg var det mange andre artiklar som presenterte ulike tema frå fortida.
Opplaget var (som vanleg) 1.300 eksemplar. Me har vårt faste publikum, som reknar sogeskriftet som ein del av førjulstradisjonen. Utgåva i år kom i nytt format, 21 x 21 cm (firkant), som ei markeringa av at det var 30. utgåva og at sogelaget var 30 år. Dette formatet gjer det mogleg å presentera bileta på ein betre måte.
Utgåva vart på 108 sider, med salspris 180 kroner. Sogeskriftet ligg til sals på alle daglegvarebutikkane på Osterøy, dessutan på bokhandelen i Arna. Skriftstyre: Randi Andersen og Geir Kleiveland.

3. Nye bokprosjekt

Etter at Vegalangs-boka var ferdig, har styret så vidt byrja å drøfta nye bokplanar. Eit par bokprosjekt er komne i gang. Lengst er «Næringssoga for Mjøsdalen» komen som Geir Kleiveland skriv i samarbeid med «Vener av Mjøsvågen». Denne boka er planlagd utgjeven i 2017. Eit anna omfattande prosjekt er at styret har vedteke å gje ut ei oppdatert utgåve av ætteboka for Gjerstad og Haus. Men det krev mykje arbeid før ei slik bok er klar.

4. Heimesida

Heimesida til sogelaget er eitt av vindaugo våre mot verda. På sida finn ein oversikt og omtale av alle bøkene og sogeskrifta som er gjevne ut. Dei sogeskrifta som er utselde (1989, 1990 og 1995) ligg no ute i fulltekst, slik at interesserte kan lesa dei på nettet. På heimesida kan ein søkja opp kva utgåve ein finn ulike emne omtala. Meir enn 1600 emneord gjer det lett å finna kvar bestemte emne førekjem. Dessutan er det mange som brukar dei ulike databasane. Gjennom nettbutikken sel me bøker som berre det, for det er mange som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, særleg er ættebøkene i vinden. Dessutan tilbyr me også bøker frå andre lokale utgjevarar for sal i nettbutikken. No kan kundar betala med kredittkort gjennom betalingstenesta PayPal. I 2016 hadde me mest 12.000 besøk på sida, i snitt vel 30 for dagen.
Adressa vår: http://osteroy-sogelag.org

5. Slektsgransking

Saman med Osterøy museum hadde sogelaget eit kurs i slektsgransking hausten 2015. Dette kurset tok me opp att hausten 2016. Meininga var å gå vidare med det fyrste kurset, men det møtte så mange nye at det vart mest repetisjon av det grunnleggjande. Innhaldet i kurset har vore å gje innføring i å bruka eit databasert opplegg som er installert på heimesida til sogelaget, webtrees. På møtekveldane har me gått gjennom bruken av dette systemet, men òg gått inn på kvar og korleis ein finn fram til aktuelt kjeldemateriale. Deltakarane har lagt inn sine slektningar, men det geniale med opplegget er at ein samstundes får tilgang til andre sine registreringar viss [når!] det viser seg at to personar har felles forfedrar. Og det har mange ! Samstundes har kvar deltakar sitt eige «vindauga» inn til sine slektsgreiner.
Me hadde 3 kveldar i haust. Kring 15 personar deltok på desse møtekveldane. Totalt er det no over 70 som har meldt seg interesserte i å delta. Geir Kleiveland leia kurset.

6. Tresko-dokumentasjon

Sogelaget fekk, saman med Osterøy museum, 10.000 kroner frå Hordaland fylke til dokumentasjon av treskoverkstaden i Hosanger. 17.11.2016 hadde me ein heil dag der treskokarane køyrde alle maskinene og viste alle prosessane i verkstaden. Geir Kleiveland frå sogelaget, Lars Mjøs frå «Vener av Mjøsvågen» og Nikolai R. Tallaksen frå Osterøy museum fotograferte og filma. Sistnemnde stod for rapporteringa og det avsluttande arbeidet.

7. Økonomi

For 2016 syner rekneskapen at sogelaget har eit bokført driftsoverskot på vel 208.000 kr. Ved årsslutt har laget vel 656.000 kroner på bankkontoar.
Årsmøtet 2016 vedtok å løyva kr. 10.000 til Osterøy mållag. Pengane gjekk til å senda Norsk Barneblad til alle 5. klassingane på Osterøy.

8. 30-årsjubileum

Osterøy Sogelag vart skipa i 1986, og hadde såleis 30-årsjubileum i 2016. Dette markerte me med å skipa til ein busstur der me brukte den nyutgjevne boka «Vegalangs på Osterøy» som utgangspunkt. Ruta gjekk frå Lonevåg, om Gjerstad, via Haus, Kvisti, gjennom Hansdalen, til Valestrand, om Hamre der me hadde ein kort stogg med orientering om Hamre-kyrkja. Vidare gjekk ruta om Hjellvik til Revheim, der me hadde kaffistopp og orientering om brakaløene. Så bar det om Myking til Kleiveland gard, der me fekk servert middag i den nyopna serveringsstaden. Retur om Hosanger til Lonevåg. Guidar var dei mange som hadde skrive i vegboka om sine område. Me lyste ut turen til medlemene, men òg gjennom Bygdanytt. Meir enn 80 var interesserte, men taket var 65, så me måtte skuffa ein del. Prisen var 150 kroner for medlemer, 250 for ikkje-medlemer. Det førte til at me gjekk ca. 15.000 kroner i minus, men det hadde me råd til.
Eit svært vellukka arrangement. Aldri har me fått så mykje skryt for noka tilskiping.

9. Styret

Styret i Osterøy Sogelag har vore slik samansett i 2016:
Leiar:                             Geir Kleiveland
Nestleiar:                      Rune Revheim
Kassastyrar:                 Håkon Aasheim
Skrivar:                         Leiv Mæhle
Styremedlemer:          Hild Breivik
Berge Borge
Varamedlemer:          Kåre Flesland
Grethe Solberg Mjelstad
Osterøy Sogelag har i meldingsåret 98 medlemer.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Årsmøte 2017

Osterøy Sogelag har årsmøte måndag 20. mars klokka 19. Årsmøtet vert halde i nybygget på Osterøy museum.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling – konstituering
  2. Årsmelding 2016
  3. Rekneskap 2016
  4. Val

Nikolai Rypdal Tallaksen, arkivar ved Osterøy museum, presenterer prosjektet «Digital forteljing» og viser nokre smakebitar på korleis slike forteljingar kan lagast.
Elles orienterer me om ulike bokplanar me har drøfta i styret.
Undervegs tek me ei kaffiøkt med litt drøs.

Vel møtt !

For styret i Osterøy Sogelag
Geir Kleiveland
leiar

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Tradisjonskalender for 2017

Så er Tradisjonskalenderen for 2017 klar.

Framsida viser folkesamling på «Stora-tjødnæ» i Lonevågen i 1950-åra

Framsida viser folkesamling på «Stora-tjødnæ» i Lonevågen i 1950-åra

For 11. gong gjev sogelaget ut Tradisjonskalenderen. Opplegget er som før; eldre bilete i svart-kvitt og med dei gamle merkedagane på plass. Dette gjer at kalenderen vår skil seg ut frå dei mange fine kalenderane i fargar. Som sogelag legg me vekt på å få fram tradisjonar som i moderne tid har bleikna.

Lagt inn i Kalender | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Nytt sogeskrift for 2016

Atter ein gong er sogeskriftet klart for deg og dine!

I år er dette den 30. utgåva av sogeskriftet, medrekna dei to som kulturvernnemnda i

Osterøy i soge og samtid

Osterøy kommune gav ut i 1985 og 1986. Dei to påfylgjande åra, 1987 og 1988, kom det ikkje ut noka årbok, men i 1989 tok Osterøy Sogelag, Osterøy museum og Hosanger Sogelag opp att sogeskriftet, og sidan har det kome ut kvart år. I 2016 har Osterøy Sogelag 30-årsjubileum, og når sogeskriftet rundar 30 år, feirar me det med å presentera årboka i nytt format og med ny bokutforming. Innhaldet er rikare enn nokon gong, både tematisk og i tid. Aldri har me hatt så mykje stoff som i år.

I år finn du mellom anna ein fyldig artikkel om hardingfelemusikken og dei viktigaste tradisjonsberaranepå Osterøy. Han er skriven av Silje Solberg, ei som høyrer til dagens unge generasjon av hardingfelespelarar. Jon Vevle og Egil Borge markerer at det neste år er 70 år sidan Osterøy Billag vart skipa. Sistnemnde har også skrive om då han og medelevane ved Hauge skule måtte skula i bedehuset under krigen grunna nazistane sin «brenselsferie» for skulane. Me har med to artiklar om oppvekst: Helge Mjelde fortel om oppvekst i Lonevågen frå 1940-talet, og Harald Revheim skriv om barndom på både Solbjørg, Arnatveit og Haugo, før han reiser til sjøs.

Elles finn du som alltid minnestoff i ulike variantar om svært ulike emne. Alt frå pennevenner frå det store utland, til «jobben» som grindagut og om å rydda på loftet. Og kven veit kva skofabrikken på Valestrand var?

Me kjenner oss visse om at her er litt for ein kvar smak. Dei siste åra har artiklane kome drivande på både ei og fleire fjøler. Det er fint om stykka inspirerer lesarane til å setja eigne opplevingar på papiret!

Lagt inn i Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

VEGALANGS: Stor takk til Osterøy Sogelag

SOM EIN av dei 63 deltakarane på den særs vellukka jubileumsturen «Vegalangs på Osterøy» sundag 18. september, vil eg senda ei stor takk til Osterøy Sogelag.

TUREN STARTA og vart avslutta i Lonevåg. Ruta som vart køyrd, følgde i prinsippet bokverket «Vegalangs på Osterøy – ei kulturhistorisk reise». Med særs gode og lokalkjende guidar vart denne «reisa» svært god og informativ. Her vart mykje god lokalkunnskap formidla! Turen var svært godt organisert med passe lange etappar.

«PIT STOP» på Hamre, Hauge og matøkt i den restaurerte brakalslektskurs_0254øo på Revheim var særs kjærkomne. På Kleiveland venta Erling til gjestebod med dekka bord i låven sin.

EIT VELSMAKANDE måltid vart toppa med informasjon om Sogelaget si 30-årige historie. Litt av ein innsats av dei eldsjelene som står i spissen for Sogelaget! Ikkje få tusen sider med historie og bilde som er dokumentert i sogeskrift og bøker! Vel attende i Lonevåg var det ein særs nøgd flokk kulturinteresserte deltakarar som takka for turen.

OSTERØY SOGELAG har 94 medlemmer og ei mengd bidragsytarar. Arbeidet dei legg ned er av utruleg stor verdi. Eg takka for at turen var open, også for ikkje-30ar-mat01419_cropmedlemmer, slik at me fekk vere med på denne unike kulturreisa i regi av Osterøy Sogelag.

TUSEN TAKK til alle som bidrog til at denne fine og vellukka turen vart ein realitet!

Tertnes, Egil Haug.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

30-årsjubileum går Vegalangs

Søndag 18. september skal Osterøy Sogelag ha ei spesiell tilskiping. Denne søndagen arrangerer me busstur langs vegane på Osterøy. Me brukar den nyss utgjevne boka vår, «Vegalangs på Osterøy» som utgangspunkt, og vert kjend med lokalhistorie som finst langs dei ulike vegstrekkjene. Lokalkjende forfattarar til boka fortel om sine område, og slik vert me kjende med nye sider av den mangfaldige lokalhistoria vår. Dette trur me kan vera ein interessant måte å verta betre kjende med lokalsamfunnet.

Bussturen startar ved bussterminalen i Lonevåg klokka 11, og så trillar me i veg på kryss og tvers på Osterøy. Undervegs har me ein kaffistopp, før me endar på Kleiveland gard innanfor Tysså. Der får me servert full middag i den nyopna serveringsstaden som Ingfrid Andersen og Erling Kleiveland har bygt opp på garden. Dagen avsluttar me med retur attende til utgangspunktet i Lonevåg.

I haust er det 30 år sidan Osterøy Sogelag vart skipa. Denne rundturen vert såleis også som eit jubileumsmarkering for laget. Laget har sidan starten gjeve ut 34 sjølvstendige boktitlar og nesten like mange sogeskrift saman med Osterøy museum. Under bordseta på Kleiveland tek me også føre oss kva sogelaget har arbeidt med gjennom tre tiår, og luftar nye lokalhistoriske prosjekt.

Når me rundar denne milepålen, slær me litt på stortromma. Difor skal folk som er interesserte i lokalhistorie, koma billeg frå det. Medlemer betalar kr. 150 for heile pakka, ikkje-medlemer kr 250.

Men talet på plassar er avgrensa, så du må vera kjapp og melda deg på til telefon 97 76 96 36 eller epost til geir@kleiveland.as. Påmeldinga må me ha innan 10. september.

Velkomen til ein interessant og annleis jubileumstur !

Osterøy Sogelag

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Vellukka bokslepp

VEGALANGS_omslag 22cm CMYK endeleg.inddOnsdag 1. juni hadde sogelaget bokslepp på boka «Vegalangs på Osterøy – ei kulturhistorisk reise» på Osterøy museum. Dei fleste medarbeidarane i boka (av totalt 50) pluss ein god del andre interesserte møtte for å sjå korleis den endelege boka vart. Etter ein kort gjennomgang av arbeidet med bokprosjektet og ein rask presentasjon av det ferdige resultatet, fekk alle medarbeidarane utdelt kvar si bok som takk for innsatsen. Andre frammøtte fekk kjøpa seg bok. Alle let vel over resultatet og var såre fornøgde. Alt i alt møtte kring 60 personar til boksleppet, og det var ei hyggjeleg stund for personar med interesse for lokalhistorie.

Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Bokslepp for «Vegalangs»

Onsdag 1. juni klokka 19 held me bokslepp på Osterøy museum. Då presenterer me boka «Vegalangs på Osterøy – ei kulturhistorisk reise».

Til boksleppet er alle medarbeidarane i boka inviterte, likeins medlemene i sogelaget. Men også andre interesserte er velkomne på museet denne kvelden.

Lagt inn i Boknytt, Osterøy | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel