Årsmøte 2019

Osterøy Sogelag har årsmøte måndag 18. mars klokka 19.00 på Osterøy museum.
Vanlege årsmøtesaker.
Etter årsmøtesakene får me nærare orientering om båtturen rundt Osterøy med DS «Oster» som sogelaget skipar til søndag 15. september.

Lagt inn i Osterøy, Sogelaget | Legg att eit innspel

Bokslepp 5. november

Måndag 5. november 2018 held Osterøy Sogelag stort bokslepp. Då presenterer me tre nye titlar: Sogeskriftet for 2018, Tradisjonskalenderen for 2019 og boka som Arvid Midttun har skrive, «Tidt eg minnest – Minne frå ei tid som var». Me gjev smakebitar frå dei tre titlane, og viser bilete som illustrerer innhaldet.
«Osterøy i soge og samtid» har som alltid eit mangearta innhald frå lokalhistoria på Osterøy.
Tradisjonskalenderen er bygd opp kring eldre bilete frå ulike kantar av kommunen, og kalendermånadene forklarar mange av dei gamle merkedagane.
Arvid Midttun har skrive bok om barneår og oppvekst i Gjerstad-bygda på 1940- og 50-talet. Som 15-åring drog han til sjøs, og etter militæret var han FN-soldat i Gaza. Det er ei spennande forteljing han vil gje smakebitar frå.
Boksleppet finn stad på Osterøy museum måndag 5. november klokka 19.00.

Lagt inn i Boknytt, Kalender, Sogelaget, Sogeskriftet | Med merkelapp , , , , , | Legg att eit innspel

Vellukka bokslepp

Torsdag 24. mai hadde Osterøy Sogelag, i samarbeid med Vener av Mjøsvågen, bokslepp for boka «Ein våg me veit um – Arbeidsliv ved Mjøsvågen». Nærare 80 personar hadde møtt fram i andre etasje i metallverkstaden etter Askild Mjøs. Lars Mjøs leia samlinga. Forfattaren av boka, Geir Kleiveland, presenterte boka ved ein biletserie over utvalde tema. Ordførar Jarle Skeidsvoll stod for den formelle delen av boksleppet og overrekte bøker til dei som hadde vore sentrale i arbeidet med boka. Etterpå kunne folk sikra seg bøker, og vel 100 bøker vart selde.

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Bokslepp i Mjøsdalen

Osterøy Sogelag og Vener av Mjøsvågen inviterer til bokslepp torsdag 24. mai klokka 19.00.
Boka om næringslivet i Mjøsdalen – «Ein våg me veit um» – er endeleg ferdig, og no er me klare til å presentera ho for alle.
Vener av Mjøsvågen har sett opp dette programmet:
Under boksleppet orienterer:
Geir Kleiveland, forfattar og leiar i Osterøy sogelag, om boka og fortel litt og syner bilete frå boka.
Lars Mjøs i Vener av Mjøsvågen fortel om prosessen og om samarbeidet med sogelaget og forfattaren.
Osterøy museum ved Anne-Mari Hannisdal og Nikolai Tallaksen fortel om rolla som småindustrimuseum og verdien av dokumentasjonen frå arbeidslivet ved Mjøsvågen.
Åse Nilssen orienterer om komande aktivitetar ved Mjøsvågen i 2018.
Det vert omvising i støyperibygget. Øystein Øvsthus orienterer og fortel om planane om landhandel i bygget.
Ordføraren i Osterøy, Jarle Skeidsvoll, vil stå for sjølve boksleppet.
Undervegs ei lita kaffiøkt med litt å bita i.
Boka kan kjøpast på boksleppet. Vanleg pris kr 320, men denne kvelden er prisen kr. 250,-.
Boksleppet er ope for alle interesserte.
Bokpresentasjonen skjer i verkstaden etter Nikolai/Askild Mjøs.
Verkstaden ligg ved sjøen i Mjøsvågen, nedkøyring frå vegkrysset som går opp til Øvsthus.
Men det kan vera lurt å parkera ved kyrkja denne kvelden.

Velkomne til bokslepp !

Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , , , , | Legg att eit innspel

Årsmøtet 2018

Osterøy Sogelag har årsmøte torsdag 15. mars klokka 19 i lokala til Norlender på Hosanger.
Vanlege årsmøtesaker.
Før årsmøtet får me orientering om bedrifta Norlender og ein gjennomgang av korleis bedrifta produserer strikketøy i dag.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Tradisjonskalender for 2018

Tradisjonkalenderen for Osterøy for 2018 er no i sal. I tillegg til kalendariet inneheld kalenderen eldre bilete frå ulike kantar av Osterøy. Og som før er dei gamle merkedagane på plass.
Prisen er kr 75. Kalenderen kan kjøpast på alle butikkane på Osterøy,  og gjennom nettbutikken vår: https://www.osteroy-sogelag.org/nettbutikk

Lagt inn i Kalender | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Sogeskrift for 2017

Tradisjonen tru når det nærmar seg jul: Atter ein gong er sogeskriftet klart! Årboka inneheld som alltid ei mengd artiklar om ulike emne frå lokalhistoria på Osterøy. Av artiklane kan me m.a. nemna:
Ein nokså spesiell artikkel byggjer på dagboka til Carl Erik Holm, sokneprest i Hosanger frå 1937 til 1950. Han fortel om gjerninga som prest i eit vidsveimt prestegjeld, og han skriv om korleis han som prest dreiv prestegarden eigenhendig som bonde. Dessutan får sjølvsagt krigstida brei plass. Han skriv om dagleglivet frå dei vanskelege krigsåra, og gjev godt innsyn i kyrkjekampen han som prest stod midt oppe i.
Ein annan spesiell artikkel skriv Marta Kløve Juuhl om oppstadveven. Denne artikkelen skreiv ho til ei vevbok som kom i fjor, gjeven ut på engelsk, eit vev-samarbeid mellom med veversker frå Noreg, Shetland og Island. Me presentere denne artikkelen på norsk i noko forkorta versjon.
Elles skriv Sindre Fotland om det aktive toradarmiljøet på Osterøy. Erling Kleiveland fortel om då han sat på laksen frå han var ein gutunge. Og Atle Bjørn Mæhle skriv om idrettsmiljøet han var ein del av i ungdomen.
Elles finn du artiklar om svært ulike emne, slik sogeskriftet alltid har presentert. Her er stoff om splintane, om å vera FN-soldat i Gaza og restaurering av kvernhus. Pluss mykje anna.
Heile innhaldslista finn du her: https://www.osteroy-sogelag.org/2017_sog.html
Prisen er kr. 180. Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy og Arna Bokhandel.
Men du kan også kjøpa årboka i nettbutikken vår, fylg denne lenkja:
https://www.osteroy-sogelag.org/nettbutikk

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Innsamling til ny ættebok

Måndag 23. oktober gjekk startskotet for arbeidet med å samla inn opplysningar til ny ættabok for Gjerstad og Haus sokner. Kring 50 innsamlarar møtte fram, og etter at leiaren i sogelaget, Geir Kleiveland, hadde orientert om prosjektet, gjekk me gjennom dei skjema som skal brukast når opplysningane om familiane vert samla inn. Mange spørsmål dukka opp, og ein drøfta korleis ein best råd kunne løysa problem som ein kan møta på.
Etter møtet har mange av innsamlarane starta arbeidet. Mest 70 innnsamlarar er no i sving. Ein del nye problem dukkar opp, for det er mange kombinasjonar av familiestrukturar i dag. I samråd prøver me å finna fornuftige løysingar.
Sogelaget håpar det meste av innsamlingsarbeidet vert gjort før jul. Nokre innsamlarar har gjeve melding om at dei kan ikkje gjera arbeidet før etter jul, så me har sett påske 2018 som siste frist. Då håpar me alt er på plass. Så vert det styret sin jobb å leggja dei innsamla opplysningane til rette for den endelege boka. Håpet er å ha ferdig bok i løpet av 2018.

Lagt inn i Ættebok | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Ny ættebok i emning

I 1992 gav sogelaget ut ættebok for Gjerstad og Haus sokner. Boka bygde på dei gamle ættebøkene for dei to soknene på Osterøy frå 1950-talet, slik at det var mogleg å fylgja slektslinene frå samtida og bakover i dei gamle ættebøkene. Denne tilleggsboka har lenge vore utseld, og er sterkt etterspurd. Sidan boka kom ut, har det skjedd store endringar: born er fødde, folk har døydd, og ikkje minst: mange nye familiar har kome til, medan andre familiar er oppløyste. Dette er grunnen til at styret i Osterøy Sogelag har vedteke å starta arbeidet med ei ny, oppdatert ættebok for området. Denne boka skal ha med alle som bur i området fram til i dag.
Siste månadene har me kontakta eit vidstrekt nettverk av folk i alle bygdene, nærare 60 personar. Deira oppgåve er å kontakta alle familiane som bur i området i dag. Berre slik er det mogleg å få inn opplysningar til ei ny bok. Måndag 23. oktober klokka 19.00 går startskotet for innsamlingsarbeidet. Då samlast innsamlarane på Osterøy museum der me går gjennom dei skjema som skal brukast i innsamlinga. Dessutan skal me drøfta ulike problemstillingar som måtte dukka opp. På den måten er innsamlarane best mogleg budde når dei kontaktar familiane.

Lagt inn i Sogelaget, Ættebok | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Mange medlemer

Osterøy Sogelag har vind i segla !
I 1999 var det 26 medlemer i laget. No (i 2017) er medlemstalet 104 , ei firedobling på knapt 20 år. Me trur, sjølvsagt, at det betyr at fleire tykkjer om arbeidet me gjer, og at fleire ynskjer å stø arbeidet med å teikna seg som medlem.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel