Godt boksal

Boksalet til Osterøy Sogelag har vore godt i 2013. Me har selt bøker for ca. 335.000 kroner (netto). Sogeskriftet utgjer ein stor del av salet, men fleire av dei andre bøkene har også selt godt.

«Gamalt bygdaliv på Osterøy», livsminne av Monrad Solberg, utgjeven tidleg i haust, har funne mange kjøparar. Den oppatt-trykte Haus-boka er det også mange som har skaffa seg. Og dei to banda av Osterøy bygdebok har me også i år selt godt av. Elles har det gått ut mange ættebøker som mange finn fram til. Slektsgransking er populært.

Beste salskanalen vår er bokhandelen i Lonevåg, men det går også mange bøker gjennom bokhandelen i Arna. Dessutan sel me mange bøker gjennom nettbutikken vår. I år har det i snitt vore 2 tingingar for veka, og til saman har me selt for mest 50.000 kroner over nettet.

Sogelaget hadde salsplass på husflidsmessa, og ein laurdag i november hadde me salsdag ved butikkane på Osterøy og i Arna. Alt dette gav oss godt sal, og dessutan blest om sogelaget. Det er mange som ved slike høve vil prata om det laget driv med, og det er kjekt.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

One Response to Godt boksal

  1. Geir seier:

    Det høyrest bra ut!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.