Bokslepp 5. november

Måndag 5. november 2018 held Osterøy Sogelag stort bokslepp. Då presenterer me tre nye titlar: Sogeskriftet for 2018, Tradisjonskalenderen for 2019 og boka som Arvid Midttun har skrive, «Tidt eg minnest – Minne frå ei tid som var». Me gjev smakebitar frå dei tre titlane, og viser bilete som illustrerer innhaldet.
«Osterøy i soge og samtid» har som alltid eit mangearta innhald frå lokalhistoria på Osterøy.
Tradisjonskalenderen er bygd opp kring eldre bilete frå ulike kantar av kommunen, og kalendermånadene forklarar mange av dei gamle merkedagane.
Arvid Midttun har skrive bok om barneår og oppvekst i Gjerstad-bygda på 1940- og 50-talet. Som 15-åring drog han til sjøs, og etter militæret var han FN-soldat i Gaza. Det er ei spennande forteljing han vil gje smakebitar frå.
Boksleppet finn stad på Osterøy museum måndag 5. november klokka 19.00.

Lagt inn i Boknytt, Kalender, Sogelaget, Sogeskriftet | Med merkelapp , , , , , | Legg att eit innspel

Sogeskrift for 2017

Tradisjonen tru når det nærmar seg jul: Atter ein gong er sogeskriftet klart! Årboka inneheld som alltid ei mengd artiklar om ulike emne frå lokalhistoria på Osterøy. Av artiklane kan me m.a. nemna:
Ein nokså spesiell artikkel byggjer på dagboka til Carl Erik Holm, sokneprest i Hosanger frå 1937 til 1950. Han fortel om gjerninga som prest i eit vidsveimt prestegjeld, og han skriv om korleis han som prest dreiv prestegarden eigenhendig som bonde. Dessutan får sjølvsagt krigstida brei plass. Han skriv om dagleglivet frå dei vanskelege krigsåra, og gjev godt innsyn i kyrkjekampen han som prest stod midt oppe i.
Ein annan spesiell artikkel skriv Marta Kløve Juuhl om oppstadveven. Denne artikkelen skreiv ho til ei vevbok som kom i fjor, gjeven ut på engelsk, eit vev-samarbeid mellom med veversker frå Noreg, Shetland og Island. Me presentere denne artikkelen på norsk i noko forkorta versjon.
Elles skriv Sindre Fotland om det aktive toradarmiljøet på Osterøy. Erling Kleiveland fortel om då han sat på laksen frå han var ein gutunge. Og Atle Bjørn Mæhle skriv om idrettsmiljøet han var ein del av i ungdomen.
Elles finn du artiklar om svært ulike emne, slik sogeskriftet alltid har presentert. Her er stoff om splintane, om å vera FN-soldat i Gaza og restaurering av kvernhus. Pluss mykje anna.
Heile innhaldslista finn du her: https://www.osteroy-sogelag.org/2017_sog.html
Prisen er kr. 180. Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy og Arna Bokhandel.
Men du kan også kjøpa årboka i nettbutikken vår, fylg denne lenkja:
https://www.osteroy-sogelag.org/nettbutikk

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Nytt sogeskrift for 2016

Atter ein gong er sogeskriftet klart for deg og dine!

I år er dette den 30. utgåva av sogeskriftet, medrekna dei to som kulturvernnemnda i

Osterøy i soge og samtid

Osterøy kommune gav ut i 1985 og 1986. Dei to påfylgjande åra, 1987 og 1988, kom det ikkje ut noka årbok, men i 1989 tok Osterøy Sogelag, Osterøy museum og Hosanger Sogelag opp att sogeskriftet, og sidan har det kome ut kvart år. I 2016 har Osterøy Sogelag 30-årsjubileum, og når sogeskriftet rundar 30 år, feirar me det med å presentera årboka i nytt format og med ny bokutforming. Innhaldet er rikare enn nokon gong, både tematisk og i tid. Aldri har me hatt så mykje stoff som i år.

I år finn du mellom anna ein fyldig artikkel om hardingfelemusikken og dei viktigaste tradisjonsberaranepå Osterøy. Han er skriven av Silje Solberg, ei som høyrer til dagens unge generasjon av hardingfelespelarar. Jon Vevle og Egil Borge markerer at det neste år er 70 år sidan Osterøy Billag vart skipa. Sistnemnde har også skrive om då han og medelevane ved Hauge skule måtte skula i bedehuset under krigen grunna nazistane sin «brenselsferie» for skulane. Me har med to artiklar om oppvekst: Helge Mjelde fortel om oppvekst i Lonevågen frå 1940-talet, og Harald Revheim skriv om barndom på både Solbjørg, Arnatveit og Haugo, før han reiser til sjøs.

Elles finn du som alltid minnestoff i ulike variantar om svært ulike emne. Alt frå pennevenner frå det store utland, til «jobben» som grindagut og om å rydda på loftet. Og kven veit kva skofabrikken på Valestrand var?

Me kjenner oss visse om at her er litt for ein kvar smak. Dei siste åra har artiklane kome drivande på både ei og fleire fjøler. Det er fint om stykka inspirerer lesarane til å setja eigne opplevingar på papiret!

Lagt inn i Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Nytt sogeskrift for 2015

Så er det årlege sogeskriftet for Osterøy her atter ein gong. Som vanleg presenterer me ei rekkje artiklar med ymse innhald frå vår nære fortid.
I år er det 250 år sidan Strilekrigen. Det har vore markert på fleire måtar, og Svein Eide har skrive om dette bondeopprøret for sogeskriftet der også mange frå vårt område deltok. Missnøya med hard skattlegging fekk det til å renna over for sindige bønder som gjekk til hardhendt åtak på øvrigheita. 2015_Sogeskrift_omslag-1.indd
Randi Andersen, saman med Lars Mjøs og Aslaug Lønsethagen, presenterer ideane bak økologisk landbruksdrift og korleis Lars og Aslaug dreiv småbruket i Mjøsdalen i ein 20-årssperiode med ei slik alternativ driftsform.
Jan Olav Gatland har skrive ein interessant artikkel om Gunnvor Rundhovde. Oppvaksen på Valestrand vart ho ein av dei fremste språkgranskarane i landet, og for bygdefolk vil artikkelen visa ukjende sider ved livsverket hennar.
Segna om tjuvane i Tjuvaberget har mange høyrt, og alle har trudd dette var ei lokal segn. Frode Kleiveland viser at det er ei typisk vandresegn som har same kjernen i Sør-Frankrike!
Frå arkivet har me henta fram det som Martin Raknes, f. 1893, skreiv om oppvekst og bygdeliv på Raknes fyrst på 1900-talet. Materialet hans leverte etterkomarane inn til den nasjonale minnetevlinga i 1981, og no hentar me det interessante stykket fram att i lyset.

Årboka kan som alltid kjøpast i butikkane på Osterøy og i Arna bokhandel. Prisen er kr. 150,

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Ny utgåve av «Osterøy i soge og samtid»

I «Osterøy i soge og samtid» for 2014 vil du finna fleire artiklar frå idrettslivet. Marit Selvik Kallekleiv skriv om Mons O. Mjelde, som vart foreldrelaus som liten gut og vart teken hand om av presten i Haus. Mons vart seinare ein av dei fremste skeiselauparane i landet i mellomkrigstida. Ingemar Valestrand tek føre seg miljøet kring den fyrste idrettsbana på Osterøy, Brubakkane på Revheim. Og Jostein Hausberg skriv om skuleidretten i Haus kommune, der far hans, lærar Sverre Hausberg var sentral.

Jan Olav Gatland har fylgt i fotefara etter bestefar sin, Jonas, som var i Amerika tidleg på 1900-talet. Han opplevde å missa alt han åtte i ein av dei verste præriebrannane som har råka USA, dessutan miste han kona og sat att med seks born. Han vende attende til Noreg og slo seg til i Mykingtræet. Gatland har leita fram den omfattande brevvekslinga Jonas hadde med senator Knute Nelson for å få forsikringsoppgjeret sitt.

I utgåva i år vert du også kjend med dei to yngste som nokon sinne har skrive i sogeskriftet, Evelyn Olsnes og Ailin Hannisdal Haga. Begge har skrive særoppgåver om forfedrane sine som me vert kjende med i deira artiklar.

Elles finn du som alltid minnestoff i ulike variantar med dei meste forskjellige emne. Me kjenner oss visse om at her er litt for ein kvar smak. Og det er fint om stykka inspirerar lesarane til å setja eigne opplevingar på papiret!

Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy, Osterøy bok og papir og Arna Bokhandel.
Men årboka kan også kjøpast i nettbutikken vår, http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk153

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Nytt sogeskrift i sal

No er «Osterøy i soge og samtid» for 2013 kome ut. Sogeskriftet inneheld som alltid ei mengd ulike artiklar om ulike emne frå lokalhistoria på Osterøy. Av artiklane kan me m.a. nemna:

I denne utgåva gjev me plass til to jubileumsår. 100-årsmarkeringa for røysterett for kvinnene er tema i artikkelen til Ingunn Rongved. Og i høve Aasen-året, som markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, tek me fram korleis Aasen opplevde å vitja Osterøy.

Ein framsynt industribyggjar vert presentert i artikkelen som Synnøve Solberg har skrive om bestefaren sin, Ragnvald Solberg. Han starta med Lonevåg møbelfabrikk og bygde seinare opp Arna Bruk.
Utvandrarane møter me også. Leiv Mæhle tek for seg ein forfader som deltok i den amerikanske borgarkrigen, og Reidun Vevle tek utgangspunkt i eit brev som ein ung ostring skreiv som amerikansk soldat frå Frankrike under 1. verdskrigen.
Rune Revheim tek utgangpunkt i vatn og fortel om korleis dei mange vassfalla i bygdene var grunnlag for verksemder av mange slag, både kverner, sager, tisefabrikkar og smier.
Elles er her mange artiklar som fortel glimt frå vår nære fortid. På ulike måtar skildrar dei korleis folk har levd i bygdene våre. Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy, Osterøy bok og papir og Arna Bokhandel.
Men årboka kan også kjøpast i nettbutikken vår, http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk153

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Søk emne i sogeskrifta

No kan du søkja etter emne i sogeskrifta.

Gjennom 27 årganger av «Osterøy i soge og samtid» med meir enn 3.300 sider med lokalhistorie frå Osterøy er det ikkje lett å ha oversikt over kvar ein kan finna spesielle tema. Men no er hjelpa her !
Me har laga eit søkjesystem slik at du kan søkja etter bestemte emneord frå alle utgåvene av sogeskriftet. Her er ca. 1.500 emneord, så det skal vera gode sjansar for å finna det du er ute etter. Resultatet får du med tittel på artikkelen, år og kven som har skrive artikkelen.
Om du vil ha fram artiklane til ein bestemt forfattar, kan du også søkja fram det. Du søkjer då på etternamn til forfattaren.
Søkjesida for sogeskrifta finn du her: http://osteroy-sogelag.org/emnesok.html

Lukka til !

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel