«Vegalangs på Osterøy» i trykk

No er «Vegalangs på Osterøy» send til trykkjeriet. Det vart eit langt lerret å bleika, men no er endeleg boka ferdig. No går det godt og vel ein månad, så skal me ha bokslepp og presentera boka.

Boka fortel om alt det du ser når du ferdast langs vegane på Osterøy. I tillegg har me med kva som har vore i området du fer gjennom. Det er med andre ord ei kulturhistorisk vegbok for Osterøy, og difor har me gjeve boka undertittelen » – ei kulturhistorisk reise».

Boka er på 240 sider, er spekka med bilete, både gamle og nye. I tillegg har me register over stadnamna og dei mest sentrale emneorda.

Lagt inn i Boknytt, Osterøy | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Årsmøtereferat 2016

Årsmøte i Osterøy Sogelag 09/03-2016

Stad         : Osterøy museum

Til stades: 23 medlemar

1 Godkjenning av innkallinga – konstituering

Innkallinga vart godkjent utan merknad.

Møteleiar Geir Kleiveland, skrivar Leiv Mæhle

Før møtet kåserte historieprofessor John Ragnar Myking over emnet ”Skråblikk på tilhøvet mellom strilar og bergensarar i historisk perspektiv”.

Dette var eit svært interessant kåseri der han trekte opp grensene for det me kallar strilelandet. Han hadde også eksempel på byføring frå Gjerstadsokna i 1681 då dei kravde avgift på dei varene bøndene skulle selja i byen. Han kalla det ”den første bompengeringen”. Kåseriet varde ein time og fleire i forsamlinga stilte spørsmål og kom med synspunkt.

Som takk for innsatsen fekk han band I og II av Osterøy Bygdebok.

2 Årsmelding for 2015

Geir orienterte om årsmeldinga og arbeidet gjennom året.

Dei to faste postane ”Tradisjonskalendaren” og ”Osterøy i soge og samtid” har også i år kome ut og vorte godt mottekne. Kalendaren kom ut for tiande gong, og opplaget på 600 stk er nær utselt. Sogeskriftet med eit opplag på 1300 har sin faste lesarkrets, så eit par hundre bøker ligg att som planlagt.

”Osterøy til fots” vart trykt opp att i ei ny og utvida versjon. 5 nye turar gjorde at boka vart auka med 45 sider til totalt 237. Boka har vorte svært godt motteke og syner allereie pluss i rekneskapet.

”Anna boksal” har vore på det jevne. Etter at bokhandelen i Lonevåg gav opp, har viktigaste salstaden vorte Rema 1000 i Lonevåg. Her har me satt opp ein utstillingspyramide så bøkene kan verta presentert på ein skikkeleg måta. Elles sel nettbutikken jevnt og trutt.

Eit stort bokprosjekt, ”Vegalangs på Osterøy” ser no ut til å gå mot slutten. Dette har krevd mykje arbeid dei siste åra, men me har store forventningar til denne boka.

Også i år var styremedlemane ute på salgsturne før jul. Dette gav eit boksal på vel 29000 kr.

Saman med Osterøy museum har sogelaget avvikla eit kurs i slektsgransking. Dette var svært populært, og det meldte seg rundt 40 deltakarar. Det vart også halde 3 kveldar med fotoregistrering på museet. Folk kom med bilde og fekk dei skanna inn i museet sitt arkiv.

Den 10. mai vart minnesteinen over statsråd Ole M Mjelde avduka i Hausvika nær kyrkja.

Sogelaget påtok seg prosjektansvaret for dette arbeidet og styring av økonomien. Me har eit uteståande krav til Osterøy kommune på kr 14.300,- som dei har lova å betala.

Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.

3 Rekneskap 2015

Rekneskapet vart framlagt på årsmøtet. Dette synte eit fint overskot på kr 138 276,11

Rekneskapet vart godkjent utan merknader.

4 Val

Nytt styre for 2015

Geir Kleiveland, leiar             ikkje på val

Rune Revheim                        ikkje på val

Leiv Mæhle                            attvald for 2 år

Håkon Aasheim                      ikkje på val

Hild Breivik                           attvald for 2 år

Berge Borge                          attvald for 2 år

Varafolk

Kåre Flesland                         attvald for 1 år

Ole Johan Faugstad                går ut

Grethe Solberg Mjelstad        vald for 1 år

Ettersynsmenn

Vidar Simenes                        attvald for 1 år

Rolf Kalland                           attvald for 1 år

Valnemd

Arvid Midttun, leiar               ut i 2017

Marit Kallekleiv                     ut i 2018

Jostein Hausberg                    ut i 2019

5 Orienteringar og anna

Mållaget gjev ”Norsk barneblad” til alle 5. klassingar på Osterøy. Dette kostar kr. 15 000,- for året. Hild Breivik spurte om sogelaget kan støtta dette med ei pengegåva.

Vedtak: Sogelaget støttar dette med kr 10 000,-

Til slutt synte Geir eit utdrag frå den nye boka ”Vegalangs på Osterøy” som vil koma ut i løpet av våren.

I pausen koste me oss som vanleg med kaker og kaffi.

Mæhle 13/3-2016

Leiv Mæhle

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Årsmøtet 2016

Osterøy Sogelag

Til medlemene

Kleiveland 15. februar 2016.

Innkalling til årsmøte

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Osterøy Sogelag.

Årsmøtet vert halde i nybygget på Osterøy museum onsdag 9. mars klokka 19.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling – konstituering
  2. Årsmelding 2015
  3. Rekneskap 2015
  4. Val
  5. Orientering om ulike bokplanar

I samband med årsmøtet kjem historieprofessor John Ragnar Myking. Han kåserer over emnet: «Skråblikk på tilhøvet mellom strilar og bergensarar i historisk perspektiv». Dette er tematikk han har arbeidet mykje med i mange år, frå ulike vinklar. Så dette vert interessant !

Undervegs tek me ei kaffiøkt med litt drøs om ymse planar som er på beddingen.

Vel møtt !

For styret i Osterøy Sogelag

Geir Kleiveland

leiar

Årsmelding 2015 for Osterøy Sogelag

1. Bokutgjevingar og boksal

I 2015 har Osterøy sogelag gjeve ut dei vanlege skriftene men i tillegg kom også ei ny utgåve av turboka vår.

A: «Osterøy til fots»

Me gav ut «Osterøy til fots» fyrste gongen i 2003. Dei 3000 bøkene me trykte då var utselde for 45 år sidan. Mange har spurt etter boka, ikkje minst takka vera Osterøytrimmen som har vore ein god ambassadør for boka. Endeleg i september var ei ny utgåve i sal. Grunnlaget er boka frå 2003, men den nye utgåva er utvida med 5 nye turar, og til dei fleste turane har me fått med flyfoto med rutene innteikna. Dermed vart boka utvida med  45 sider, til 237. Ho har vorte godt motteken, og det er alt selt ca. 420 bøker. Opplaget er 2500 eksemplar, prisen er kr 320.

B: «Tradisjonkalender for Osterøy 2016»

Me gav i november 2015 ut «Tradisjonskalender for Osterøy» for 2016. Dette var den tiande utgåva av kalenderen vår. Opplegget er som før. Me held fast på bilete i svart-kvitt, slik at kalenderen vår får eit annleis preg enn mange andre i denne gata. Opplaget var også dette året 600 eksemplar. Berre ein slump ligg att. Det ser ut som me har vår faste målgruppe. Prisen er kr. 75. Kalender-nemnd var som før: Signe Mjelde Nordås, Grethe Solberg Mjelstad, Elin Bøe Kleiveland, Hild Breivik og Geir Kleiveland.

C: Anna boksal

Salet av andre bøker i 2015 har vore på det jamne. Ættebøkene går det jamt og trutt av. No har me for sal alle ættebøkene som har kome for Osterøy. Det gjeld alle dei tidlegare kommunane Hosanger, Hamre, Bruvik, Haus. Siste tilskotet var oppatt-trykket av Haus-boka i 2013. Til no har me selt ca. 190 bøker av den. Av «Gamalt bygdaliv på Osterøy», også utgjeven i 2013, har me selt ca. 600 eksemplar av.

Elles er det ein del tidlegare utgjevne bøker som er utselde. «Minne og opplevingar» (1990), «Likt og ulikt frå Revheim» (1992), «Gardssoga for Mjedlagardane» (2000) og «Utan heim» (2002) er utselde, og «Bak rattet» (2007) er det berre ei handfull att av.

Av dei 2 banda av Osterøy bygdebok har me no selt ca. 1700 eks av band 1, av band 2 ca. 1300. Også andre bøker sig ut, for ingen av dei vert «forelda». Viktigaste salskanalen vår no er nettbutikken vår. Frå i haust har me avtalt med Rema1000 i Lonevåg om å ha eit stativ med alle bøkene våre utstilte. Det er god erstatning for den tidlegare bokhandelen. Også bokhandelen i Arna er ein god salsplass. Elles har me bøkene våre liggjande i alle daglegvarebutikkane på Osterøy i ein periode før jul.

På husflidsmessa 14.15. november hadde sogelaget eigen stand, og 21.+27. november hadde me salsstand ved butikkane på Valestrand, Lonevåg og Haus + Øyrane torg. Det er ein god måte å koma i kontakt med folk. Til saman vart det selt bøker for vel 29.000 kroner desse helgene.

2. Osterøy i soge og samtid 2015

Sogeskriftet er eit fast innslag i bokfloraen innunder jul. I år kom me med 29. årgangen, som vanleg saman med Osterøy museum. Av innhaldet i år kan nemnast:

Svein Eide skreiv om Strilekrigen i høve 250-årsmarkeringa for dette bondeopprøret. Missnøya med hard skattleggjing fekk det til å renna over for sindige bønder som gjekk til hardhendt åtak på øvrigheita.

Randi Andersen, saman med Lars Mjøs og Aslaug Lønsethagen, presenterte ideane bak økologisk landbruksdrift og korleis Lars og Aslaug dreiv småbruket i Mjøsdalen i ein 20-årssperiode med ei slik alternativ driftsform.

Jan Olav Gatland skreiv ein artikkel om Gunnvor Rundhovde. Ho var oppvaksen på Valestrand og vart ein av dei fremste språkgranskarane i landet.

Segna om tjuvane i Tjuvaberget har mange høyrt, og alle har trudd dette var ei lokal segn. Frode Kleiveland viser at det er ei typisk vandresegn som har same kjernen i Sør-Frankrike!

Frå arkivet har me henta fram det som Martin Raknes, f. 1893, skreiv om oppvekst og bygdeliv på Raknes fyrst på 1900-talet. Materialet hans leverte etterkomarane inn til den nasjonale minnetevlinga i 1981, og no hentar me det interessante stykket fram att i lyset.

I tillegg var det mange andre artiklar som presenterte ulike tema frå fortida.

Opplaget var (som vanleg) 1300 eksemplar. Me har vårt faste publikum, som reknar sogeskriftet som ein del av førjulstradisjonen. Utgåva i år vart på 127 sider, med salspris 150 kroner. Sogeskriftet ligg til sals på alle daglegvarebutikkane på Osterøy, dessutan på bokhandelen i Arna. Skriftstyre: Randi Andersen og Geir Kleiveland.

3. Nytt bokprosjekt

I 2015 har me arbeidt vidare med [det etter kvart langdryge] bokprosjektet «Vegalangs på Osterøy». Dette er tenkt som ei rutebok for folk som vil gjera seg kjende på Osterøy i bil eller på sykkel, med vekt på lokalhistorie langs vegane. Dei aller fleste bidraga frå arbeidsgruppene i dei ulike bygdene er på plass, eit par område eit framleis blanke. Arbeidet med å redigera boka går framover, og planen er å få boka ut før sumaren i 2016.

4. Heimesida

Heimesida til sogelaget er eitt av vindaugo våre mot verda. På sida finn ein oversikt og omtale av alle bøkene og sogeskrifta som er gjevne ut. Dei sogeskrifta som er utselde (1989, 1990 og 1995) ligg no ute i fulltekst, slik at interesserte kan lesa dei på nettet. På heimesida kan ein søkja opp kva utgåve ein finn ulike emne omtala. Meir enn 1500 emneord gjer det lett å finna kvar bestemte emne førekjem. Dessutan er det mange som brukar dei ulike databasane, og gjennom nettbutikken sel me bøker som berre det, for det er mange som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, særleg er ættebøkene i vinden. Dessutan tilbyr me også bøker frå andre lokale utgjevarar for sal i nettbutikken. Adressa vår: http://osteroy-sogelag.org

5. Slektsgransking

Saman med Osterøy museum har sogelaget avvikla eit kurs i slektsgransking hausten 2015. Kurset har vore innføring i å bruka eit databasert opplegg som er installert på heimesida til sogelaget, webtrees. På møtekveldane har me gått gjennom bruken av dette systemet men òg gått inn på kvar og korleis ein finn fram til aktuelt kjeldemateriale. Deltakarane har lagt inn sine slektningar, men det geniale med opplegget er at ein samstundes får tilgang til andre sine registreringar viss [når!] det viser seg at to personar har felles forfedrar. Og det har mange ! Samstundes har kvar deltakar sitt eige «vindauga» inn til sine slektsgreiner.

Me hadde 4 kveldar i haust og ein avsluttande kveld i februar i år. Til saman var ca. 30 personar innom møtekveldane ein eller fleire gonger og har vore meir eller mindre aktive i å registrera opplysningar. Totalt er det over 40 som har meldt seg interesserte i å delta. Geir Kleiveland leia kurset.

6. Fotoregistrering

Sogelaget var også med på fotoinnsamling, leia av Osterøy museum. Folk møtte på museet med biletalbum og me var med på å skanna bileta og notera ned opplysningar. Det vart avvikla 3 slik kveldar i haust.

7. Økonomi

For 2015 syner rekneskapen at sogelaget har eit bokført driftsoverskot på vel 138.000 kr. Ved årsslutt har laget ca. 410.000 kroner på bankkontoar. Det er pengar som skal brukast til bokutgjevingar i tida frametter.

8. Statsråd-bauta

Etterkomarane etter tidlegare statsråd og stortingsmann Ole M. Mjelde (18651942) vende seg i 2013 til sogelaget om laget ville ta på seg å stå bak ein minnestein over ein av dei mest sentrale politikarane i Noreg i mellomkrigstida. Det sa styret ja til. Etter lang tids om og men kunne me endeleg avduka minnesteinen ved ei tilskiping 10. mai. Mest 100 personar møtte fram. Helge Mjelde, oldebarn av statsråden, orienterte om politikaren Ole M. Mjelde. Haus musikklag spelte, og ordførar Kari Aakre stod føre sjølv avdukinga. Steinen er plassert sentralt i Haus mellom kyrkja og Kiwi-butikken. Tiltaket er finansiert med stønad frå Sparebanken Vest og Lions-klubben, dessutan innsamla midlar mellom etterkomarane etter O.M. Mjelde. Det einaste sure er at me måtte søkja om dispensasjon frå arealplanen for området. Det kosta kr. 14.300, og trass lovnad frå Osterøy kommune om refusjon av dette, er pengane enno ikkje komne, snart eit år etter. Men me håpar.

9. Styret

Styret i Osterøy Sogelag har vore slik samansett i 2015:
Leiar:Geir Kleiveland
Nestleiar:Rune Revheim
Kassastyrar:Håkon Aasheim
Skrivar:Leiv Mæhle
Styremedlemer: Hild Breivik
Berge Borge
Varamedlemer: Kåre Flesland
Ole Johan Faugstad

Osterøy Sogelag har no 85 medlemer.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Tradisjonskalender for 2016

No er den tiande utgåva av «Tradisjonskalender for Osterøy» komen ut. Osterøy Sogelag arbeider for å ta vare på tradisjonane i det gamle bygdemiljøet. Tidsrekninga til forfedrane våre er ein av desse tradisjonane.
Me har lagt vekt på å få med mange av dei gamle merkedagane. Dei fleste går attende til mellomalderen, då den katolske kyrkja rådde grunnen i landet. Svært mange av merkedagane var minnedagar for katolske helgenar, og i mellomalderen hadde dei kring 70 slike minnedagar, i snitt kvar femte dag! 2016_Kalender_1.vp
På kalendermånadene har me laga god plass for dei som vil skriva inn spesielle ting som skal skje eller som ein skal vera med på. Når året er omme, kan du slå saman kalenderen, og du har ei minnebok over kva som skjedde i 2016 for deg og familien. Og samstundes har du ei flott biletsamling.
I tradisjonskalenderen vår har me lagt vekt på å ta fram gamle bilete som på ulike måtar fortel om korleis dagleglivet var for folk i vår nære fortid. Mange har hjelpt oss med foto, og me har sett at det er svært mange som har biletskattar i skuffer og skåp. Me vonar også andre vil leita fram gamle bilete som me kan få låna. For me har planar om at kalenderen vår også skal verta ein tradisjon. Ta kontakt med ein av oss i kalendernemnda om du har foto som du meiner er aktuelle.

Kalenderen kostar kr. 75 og er til sals i butikkane på Osterøy og i Arna bokhandel.

Lagt inn i Boknytt, Kalender | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Nytt sogeskrift for 2015

Så er det årlege sogeskriftet for Osterøy her atter ein gong. Som vanleg presenterer me ei rekkje artiklar med ymse innhald frå vår nære fortid.
I år er det 250 år sidan Strilekrigen. Det har vore markert på fleire måtar, og Svein Eide har skrive om dette bondeopprøret for sogeskriftet der også mange frå vårt område deltok. Missnøya med hard skattlegging fekk det til å renna over for sindige bønder som gjekk til hardhendt åtak på øvrigheita. 2015_Sogeskrift_omslag-1.indd
Randi Andersen, saman med Lars Mjøs og Aslaug Lønsethagen, presenterer ideane bak økologisk landbruksdrift og korleis Lars og Aslaug dreiv småbruket i Mjøsdalen i ein 20-årssperiode med ei slik alternativ driftsform.
Jan Olav Gatland har skrive ein interessant artikkel om Gunnvor Rundhovde. Oppvaksen på Valestrand vart ho ein av dei fremste språkgranskarane i landet, og for bygdefolk vil artikkelen visa ukjende sider ved livsverket hennar.
Segna om tjuvane i Tjuvaberget har mange høyrt, og alle har trudd dette var ei lokal segn. Frode Kleiveland viser at det er ei typisk vandresegn som har same kjernen i Sør-Frankrike!
Frå arkivet har me henta fram det som Martin Raknes, f. 1893, skreiv om oppvekst og bygdeliv på Raknes fyrst på 1900-talet. Materialet hans leverte etterkomarane inn til den nasjonale minnetevlinga i 1981, og no hentar me det interessante stykket fram att i lyset.

Årboka kan som alltid kjøpast i butikkane på Osterøy og i Arna bokhandel. Prisen er kr. 150,

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Vellukka slektsgransking

Som tidlegare meldt har Osterøy Sogelag gjennomført eit «kurs» i slektsgransking i haust. Me hadde i alt 4 samlingar på Osterøy museum der leiaren i sogelaget, Geir Kleiveland, tok opp spørsmål frå deltakarane og viste korleis ulike problem kunne løysast. På alle kveldane gjekk me gjennom bruk av kjelder, fyrst og fremst det store tilfanget som finst på slektskurs_0254nettet gjnnom Digitalarkivet.

Gjennom hausten hadde me samlingar 15/9, 28/9, 12/10 og 26/10. Talet på deltakarar varierte mellom 18 og 25, men totalt er det 39 som har meldt seg inn som brukarar i opplegget. Aktiviteten frå deltakarane har sjølvsagt variert, frå dei som har registrert svært intensivt til dei som berre har sveipa innom for å sjå kva det går i og orientera seg.

Til saman er det no registrert over 5000 personar, og mange har funne at dei har krysssande slektsliner med andre deltakarar. På det viset har ein «delt» slektningar med kvarandre. Nye deltakarar kan hengja seg på om dei lystar….

På siste samlinga vart me samde om å ta ein pause og lata deltakarane arbeida på eiga hand ei tid framover. Så er det planen å ta ei ny samling ein gong ut på nyåret og sjå korleis det då står til.

Opplegget byggjer på nettversjonen av webtrees, eit opplegg som gjer det mogleg for mange å mata inn opplysningar som kjem til felles nytte. webtrees ligg på sogelaget si heimeside.

 

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Slektsgransking

Mange leitar etter slekt, ein sabba hobby. Osterøy Sogelag, saman med Osterøy museum, held i haust eit kurs i slektsgransking. Her vil me gå gjennom kvar me finn opplysningar. Ættebøkene er eit godt startgrunnlag, men i dag ligg ufatteleg mykje opplysningar på internett. Her ligg kyrkjebøker, folketeljingar, matriklar m.m. Difor vil me basera opplegget på å finna opplysningar på nettet, i tillegg til ættebøkene. Så legg me opplysningane inn i eit datasystem som alle kan bruka frå eiga datamaskin. Dette systemet er lagt opp på sogelaget si heimeside. Her kan alle byggja opp sitt eige slektstre og invitera andre slektningar til å delta.
Førebels har me sett opp dagane tysdag 15. september og måndag 28. september, begge dagane klokka 19. Desse dagane er innleiande, og etter kvart avtalar me vidare nye møtedagar. Kurskveldane går på Osterøy museum. Har du berbar maskin, kan du ta den med, men det er ikkje noko krav.  – Her er berre å møta opp.
Helsing
Osterøy Sogelag
Geir Kleiveland (leiar)

Lagt inn i Osterøy, Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Osterøy til fots – ny, utvida utgåve

„Osterøy til fots – kulturhistoriske vandringar” kom ut fyrste gongen i 2003. Boka har vore utseld i fleire år, men no ligg
ei ny og utvida utgåve føre. Den nye utgåva er utvida med omtale av fleire turar slik at det no er omtale av 32 turalternativ på Osterøy. I tillegg til å skildra dei ulike turløypene har boka ei mengd med lokalhistoriske opplysningar

Framside Osterøytilfots15

Slik ser den nye utgåva av turboka ut.

om det området du går gjennom. Dette er såleis ei bok som gjer det meir spennande og interessant å gå på tur, og som får oss til å skjøna at det har vore folk før oss.

Me vert kjende med korleis dei bar seg åt når dei skar torv. I fjellheimen vert me kjende med dei mange stølane, og kvar stølsjentene mjølka kyrne. Me får vita korleis menneska har slite for å livberga seg og på kva finurlege måtar dei fann seg levemåte „der som ingen kunne tru at nokon ville bu”.
Me kjenner oss trygge på at dei fleste vil få seg mange hyggjelege aha-opplevingar når dei tek fat på denne boka, anten før, under eller etter ein flott tur.
„Osterøy til fots” er spekka med bilete, dei fleste i fargar. Til kvar rute er det laga kart, og for dei fleste rutene viser flyfoto kva område turane går i.
Me trur mange vil finna glede ved også å gå „tur” heime i godstolen !
Boka er på 237 sider – stivbind. Pris kr 320 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-31-7
Utgjevingsår: 2015
Boka kan tingast i nettbutikken vår: Osterøy til fots i nettbutikken
Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Minnesteinen er avduka

 Minnestein over statsråd Ole M. Mjelde

Søndag 10. mai vart det halde avduking over minnesteinen over tidlegare stortingsmann og statsråd Ole M. Mjelde (1865-1942). Det er Osterøy Sogelag i samarbeid med etterkomarane etter Mjelde som har fått reist minnesteinen.

StatsraadIMG_2142

Minnesteinen over statsråd Ole M. Mjelde, avduka 10. mai 2015.

Kring 100 personar var møtte fram då leiar i sogelaget, Geir Kleiveland, ynskte velkomen. Helge Mjelde, oldebarn av statsråden, fortalde om det politiske arbeidet som Ole Mjelde dreiv i meir enn ein mannsalder.

Ordførar i Osterøy, Kari Aakre, heldt avdukingstalen og presenterte minnesteinen.

StatsraadIMG_2137

Barneborna etter statsråd Ole M. Mjelde.

Undervegs sytte Haus musikklag for musikkinnslag.

Lagt inn i Osterøy, Sogelaget | Med merkelapp , , , , | Legg att eit innspel

Avduking minnestein

Avduking av minnestein over statsråd Ole M. Mjelde

Osterøy Sogelag, i samarbeid med etterkomarane etter Ole M. Mjelde, har fått reist ein minnestein over den tidlegare stortingsmannen og statsråden. Steinen er plassert ved parkeringsplassen i Haus, mellom Kiwi-butikken og Haus kyrkje.

Søndag 10. mai klokka 12.00 held me avduking av minnesteinen.

* Helge Mjelde (oldebarn) kåserer om statsråd Ole M. Mjelde.
* Ordførar Kari Aakre avdukar minnesteinen.
* Musikkinnslag ved Haus Musikklag.

Alle som ynskjer, er velkomne til å delta ved avdukinga av minnesmerket.
Me reknar med at tilskipinga vil ta ca. 1 time.

***************
Ole M. Mjelde (1865–1942) var frå Øvste-Mjelde. Utdanninga hans var ved Nordhordland amtsskole (i Nedste-Mjelde) og underoffisersskulen i Bergen. Seinare overtok han gardsbruket etter foreldra.

Ole M. Mjelde kom tidleg med i bygdestyringa i Haus kommune. Mellom anna var han med i Haus heradsstyre frå 1898 til 1916, vara

Stortingsmann og statsråd Ole M. Mjelde (1865-1942).

Stortingsmann og statsråd Ole M. Mjelde (1865-1942).

ordførar i åra 1902-04, ordførar 1905-07. Dessutan var han medlem av skulestyret og fattigstyret og var med i direksjonen både i Haus sparebank og Indre Nordhordland Dampbåtlag.

Han var ein framståande venstremann og var utan tvil mykje av forklaringa på at partiet stod så sterkt på våre kantar. Han møtte på Stortinget frå 1908 og var representant like til 1936, då han trekte seg frå politikken. Ole M. Mjelde var med i alle Venstre-regjeringane i mellomkrigstida. Til saman var han statsråd i vel 9 år, og heile tida styrte han arbeidsdepartementet.

Mjelde vart rekna som ein av Venstre sine fremste talsmenn. Han engasjerte seg i alle viktige politiske debattar i Stortinget, men spesialområda hans var kommunikasjonar, militære saker og næringspolitikk, der han tala med innsikt og sterkt temperament.

I mellomkrigstida var Ole M. Mjelde ein av dei mest markante politikarane i landet. Dette er bakgrunnen for at me meiner det er på sin plass med eit minnesmerke over statsråd Ole M. Mjelde i heimbygda.

***************

Minnesteinen er reist med stønad frå etterkomarane etter Mjelde, Sparebanken Vest og Lions Club Osterøy, og med velvilje frå Opplysningsvesenets fond som grunneigar.

 

Kleiveland, 24.04.2015

Osterøy Sogelag
Geir Kleiveland
– leiar –

Lagt inn i Osterøy, Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel