Årsmelding for 2014

Årsmelding 2014 for Osterøy Sogelag

1. Bokutgjevingar og boksal

I 2014 har ikkje sogelaget gjeve ut lokalhistoriske bøker utanom dei «faste» utgjevingane våre.

A: «Tradisjonkalender for Osterøy 2015»

Me gav i november 2014 ut «Tradisjonskalender for Osterøy» for 2015. Dette er niande utgåva av kalenderen vår. Opplegget er som før. Me held fast på bilete i svart-kvitt, slik at kalenderen vår får eit annleis preg enn mange andre i denne gata. Opplaget vart også i år 600 eksemplar. Berre ein slump ligg att. Det ser ut som me har vår faste målgruppe. Prisen er kr. 75. Kalender-nemnd var som før: Signe Mjelde Nordås, Grethe Solberg Mjelstad, Elin Bøe Kleive­land, Hild Breivik og Geir Kleiveland.

B: Anna boksal

Boksalet i 2014 har vore på det jamne. Utan særskilde lokalhistoriske utgåver flyt me på bøker me har gjeve ut tidlegare. Ættebøkene går det jamt og trutt av. No har me for sal alle ættebøkene som har kome for Osterøy. Det gjeld alle dei tidlegare kommunane Hosanger, Hamre, Bruvik, Haus. Siste tilskotet var oppatt-trykket av Haus-boka i 2013. Til no har me selt ca. 170 bøker av den, noko som betyr at me er i balanse, og vel så det. «Gamalt bygdaliv på Osterøy», også utgjeven i 2013, har me selt nærare 600 eksemplar av.

Elles er det ein del tidlegare utgjevne bøker som er utselde. «Minne og opplevingar» (1990), «Likt og ulikt frå Revheim» (1992), «Gardssoga for Mjedlagardane» (2000) og «Utan heim» (2002) er utselde, og «Bak rattet» (2007) er det berre ei handfull att av.

Av dei 2 banda av Osterøy bygdebok har me no selt ca. 1680 eks av band 1, av band 2 ca. 1270. Også andre bøker sig ut, for ingen av dei vert «forelda». Viktigaste salskanalen vår har bokhandelen i Lonevåg, men diverre vart den avvikla i februar 2015. Bokhandelen i Arna hjelper godt på. Dessutan er nettbutikken vår ein svært god salskanal som når mange utanfor kommunen. I 2014 kom der i snitt 1,5 tinging for veka. Totalt er det selt for ca. 34.000 kroner over nettet dette året.

På husflidsmessa 15.-16. november hadde sogelaget eigen stand, og 22.-29. november hadde me salsstand ved butikkane på Osterøy + Øyrane torg. Det var ein veleigna måte å koma i kontakt med folk. Til saman vart det selt bøker for vel 29.000 kroner desse helgene.

2. Osterøy i soge og samtid 2014

Sogeskriftet vårt er eit fast innslag i bokfloraen innunder jul. I år kom me med 28. årgangen, som vanleg saman med Osterøy museum. Av innhaldet i år kan nemnast fleire artiklar om idrettslivet på Osterøy. Marit S. Kallekleiv fortalde historia om ein av dei beste skeiseløparane i landet i mellomkrigstida, Mons O. Mjelde. Ingemar Valestrand tok fram minne frå idrettsmiljøet på Brubakkane. Og Jostein Hausberg skreiv om skuleidretten i Haus kommune der far hans, Sverre, var sentral. Jan Olav Gatland gjekk i fotefara til bestefar sin, Jonas, i Amerika. Han vart hardt råka av ein av dei verste præriebrannane i USA, og i sogeskriftet får me kjennskap til Jonas si omfattande brevveksling med den vidkjende senatoren Knute Nelson, fødd på Evanger. Astor Furseth presenterte alle skred som er kjende frå Osterøy. Spesielt for utgåva i år var at me hadde med to unge skribentar: Evelyn Olsnes som skreiv om oldefaren den kjende kapteinen Anders Mostrøm. Og Ailin H Haga som rekte fara etter oldemor si i Amerika. I tillegg var det mange andre artiklar som presenterte ulike tema frå fortida.

Opplaget var (som vanleg) 1.300 eksemplar. Me har vårt faste publikum, som reknar sogeskriftet som ein del av førjulstradisjonen. Utgåva i år vart på 142 sider, med salspris 150 kroner. Sogeskriftet ligg til sals på alle daglegvare­butikkane på Osterøy, dessutan på bokhandlane i Lonevåg og Indre Arna. Skriftstyret var i år Randi Andersen og Geir Kleiveland. Olav Meltvik takka for seg, etter å ha vore i skriftstyret sidan starten, òg i dei 2 fyrste utgåvene som kulturvernnemnda gav ut. Han fortener stor takk for innsatsen.

3. Nye bokprosjekt

I 2014 har me arbeidt vidare med bokprosjektet «Osterøy på hjul», som no er omdøypt til «Vegalangs på Osterøy». Dette er tenkt som ei rutebok for folk som vil gjera seg kjende på Osterøy i bil eller på sykkel, med vekt på lokalhistorie langs vegane. Mange har levert sine bidrag, men det har vist seg at det vart litt meir etterrakster enn me såg føre oss. Men no er dei fleste kvite felta dekka, berre eit par mindre område står framleis att. Men i 2015 må me greia å få boka ut. Det er også planen å trykkja opp att «Osterøy til fots» og gje den ut saman med «Vegalangs på Osterøy».

4. Heimesida

Heimesida til sogelaget er eitt av vindaugo våre mot verda. På sida finn ein oversikt og omtale av alle bøkene og sogeskrifta som er gjevne ut. Dei sogeskrifta som er utselde (1989, 1990 og 1995) ligg no ute i fulltekst, slik at interesserte kan lesa dei på nettet. På heimesida kan ein søkja opp kva utgåve ein finn ulike emne omtala. Meir enn 1500 emneord gjer det lett å finna kvar bestemte emne førekjem. Dessutan er det mange som brukar dei ulike databasane, og gjennom nettbutikken sel me bøker som berre det, for det er mange som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, særleg er ættebøkene i vinden. Dessutan tilbyr me også bøker frå andre lokale utgjevarar for sal i nettbutikken. Adressa vår: http://osteroy-sogelag.org

5. Medlemsverving

I samband med boksalet i november dreiv me medlemsverving. Til saman kapra me 21 nye medlemer, slik at medlemstalet no er 75.

6. Økonomi

For 2014 syner rekneskapen at sogelaget har eit bokført driftsoverskot på vel 155.000 kr. Ved årsslutt har laget ca. 330.000 kroner på bankkontoar. Det er pengar som skal brukast til store utgjevingar i løpet av 2015.

På fleire årsmøte har det kome opp spørsmål om godtgjersle til leiaren for bokproduksjonen i laget. Osterøy sogelag har kome fram til at produksjon av bøker ikkje er ein naturleg del av sogelagsarbeidet. Laget skal samla og sikra historisk kjeldetilfang, som det står i vedtektene paragraf 2, men skal dette gjevast ut i bokform, må desse tenestene kjøpast eksternt. Laget har i 2014 inngått ein avtale med Geir Kleiveland om ei viss godtgjersle for den bokproduksjonen som han står føre. [Leiaren deltok ikkje då saka vart handsama.]

7. Minnesteinar

A: Minnesteinen ved Gjerstad-kyrkja

Denne steine vart reist til 100-årsjubileet for grunnlova i 1914. Med åra var steinen tilgrodd, og innskrifta mest uleseleg. Til 17. mai pussa sogelaget opp steinen, reinska han og fekk skrifta fram att. Dessutan pynta me området ikring. Etter preika 17. mai hadde me ei lita markering der bakgrunnen for steinen vart presentert, og eit utvida Osterøykor deltok. Koret vart skipa 17. mai 1914 som Hauge songlag og hadde si fyrste framføring då steinen vart avduka. I år song dei to av dei same songane som for hundre år sidan. Ein stor del av kyrkjelyden stogga att og fekk med seg markeringa. Dette var sogelaget si høgtiding av 200-årsjubileet for grunnlova.

B: Statsråd-bauta

Etterkomarane etter tidlegare statsråd og stortingsmann Ole M. Mjelde (1865–1942) vende seg i 2013 til sogelaget om laget ville ta på seg å stå bak ein minnestein over ein av dei mest sentrale politikarane i Noreg i mellomkrigs­tida. Det sa styret ja til. Meininga var å plassera minnesteinen ved kyrkje­garden i Haus. Styret har søkt eigaren av grunnen, Opplysningsvesenets fond (Ovf), om løyve til å setja opp steinen. Det fekk me i vår, men omfattande og langvarig kommunalt  gravearbeid i påtenkt område gjorde at sogelaget, saman med etterkomarane og Haus grenderåd, valde ny stad for å unngå graveområdet. Me søkte på nytt Ovf om løyve som me fekk i haust, men måtte òg søkja vegvesenet og kommunen. Det heile vart komplisert ved at den nye plassen medfører søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen for området. Dette kostar i utgangspunktet 14.300 kroner. Me arbeider med å få eit unntak frå kommunen for dette. Tiltaket er elles fullfinansiert ved stønad frå Sparebanken Vest og Lions-klubben, resten er samla inn mellom etterkomarane etter O.M. Mjelde. Håpet er å få opp steinen i 2015.

8. Styret

Styret i Osterøy Sogelag har vore slik samansett i 2014:

Leiar:                   Geir Kleiveland

Nestleiar:             Rune Revheim

Kassastyrar:         Håkon Aasheim

Skrivar:                Leiv Mæhle

Styremedlemer:   Hild Breivik

Berge Borge

Varamedlemer:    Signe Mjelde Nordås

Kåre Flesland

Osterøy Sogelag har 75 medlemer.

9. Boklager – oversikt:

Boktittel:                                                               Lager        Trykt                      Selt      Pris      År

1      Minne og opplevingar.                                       5                500                         495      50,-     1990

2      Likt og ulikt frå Revheim                                  5                500                         495      50,-     1992

3      Ættebok Gjerstad-Haus                                     4                1500                      1496   220,-   1992

4      Ættebok for Gjerstad                                         200            1000                      800      300,-   1993

5      Fridom og fangenskap*                                     330            1000                      570      120,-   1995

6      Ostringar på tinget – I                                         350            500                         150      180,-   1998

7      Gardssoga for Mjedlagardane                          5                600                         595      120,-   2000

8      Det var slik det var                                              80              1000                      920      150,-   2001

9      Stadnamn i Mjøsdalen                                      215            500                         285      150,-   2001

10    Utan heim                                                             5                1000                      995      170,-   2002

11    Osterøy til fots                                                     5                3000                      2995   270,-   2003

12    Ein garva fotograf                                              140            600                         460      150,-   2005

13    Gamle Lonevågen                                              160            1000                      840      150,-   2006

14    Bak rattet                                                             30              1000                      970      150,-   2007

15    Ættebok for Hosanger (sett à 2 bd)                 250            frå Hos.sogelag                 500,-   2003

16    Ættebok for Hosanger (tillegg)                         160            frå Hos.sogelag                 250,-   2000

17    Hosanger kyrkje gjennom 200 år                    30              frå Hos.sogelag                 100,-   1982

18    Skulesoga for tidlegare Hosanger kom.          120            frå Hos.sogelag                 50,-     1989

19    Hamre-bøkene (sett à 2 bd)                              125            frå Ost.kom.                      300,-   1990

20    Bruvik sokn, gards- og ættesoge                       450            frå Ost. kom.                     150,-   1981

21    Ættebok for Ytre Arna                                       1                frå Arna Sogelag              60,-     1967

22    Stadnamn i Haus                                                30              frå Arna Sogelag              40,-     1971

23    Lengt mot fjell                                                     40              300                         230      100,-   2008

24    Ostringar på tinget – II                                       130            150                         20        200,-   2009

25    Osterøy Bygdebok I                                           1320         3000                      1680   490,-   2007

26    Osterøy Bygdebok II                                          1730         3000                      1270   490,-   2011

27    Vassdal på Osterøy                                             650            1000                      350      250,-   2012

28    Gamalt bygdaliv på Osterøy                             400            1000                      600      150,-   2013

29    Ættebøk for Haus II                                           830            1000                      170      500,-   2013

* Åse Tveiten har fått 100 eks.

Dette er cirka-tal.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Namn januarbilete 2015

Etter at Tradisjonskalenderen for 2015 kom ut, har me fått inn namn på personar som var2015 01januar på januarbiletet. Dei to til venstre på biletete er syskena Olai og Kari Kleppe, gift Tvedt.
Kanskje er det nokon som veit namnet på han som står til høgre på biletet?

Lagt inn i Boknytt, Kalender | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Tradisjonskalender for 2015

Tradisjonskalenderen vår for 2015 er no i sal. Kalenderen innheld som alltid bilete frå vår nære fortid, frå ulike bygder på Osterøy og frå ulike miljø. Merkedagane har som før fått plass slik at du kan læra om korleis forfedrane våre markerte ulike høgtider. Prisen på kalenderen er kr. 75,- og kan kjøpast i alle butikkane på Osterøy.

Lagt inn i Boknytt, Kalender | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Ny utgåve av «Osterøy i soge og samtid»

I «Osterøy i soge og samtid» for 2014 vil du finna fleire artiklar frå idrettslivet. Marit Selvik Kallekleiv skriv om Mons O. Mjelde, som vart foreldrelaus som liten gut og vart teken hand om av presten i Haus. Mons vart seinare ein av dei fremste skeiselauparane i landet i mellomkrigstida. Ingemar Valestrand tek føre seg miljøet kring den fyrste idrettsbana på Osterøy, Brubakkane på Revheim. Og Jostein Hausberg skriv om skuleidretten i Haus kommune, der far hans, lærar Sverre Hausberg var sentral.

Jan Olav Gatland har fylgt i fotefara etter bestefar sin, Jonas, som var i Amerika tidleg på 1900-talet. Han opplevde å missa alt han åtte i ein av dei verste præriebrannane som har råka USA, dessutan miste han kona og sat att med seks born. Han vende attende til Noreg og slo seg til i Mykingtræet. Gatland har leita fram den omfattande brevvekslinga Jonas hadde med senator Knute Nelson for å få forsikringsoppgjeret sitt.

I utgåva i år vert du også kjend med dei to yngste som nokon sinne har skrive i sogeskriftet, Evelyn Olsnes og Ailin Hannisdal Haga. Begge har skrive særoppgåver om forfedrane sine som me vert kjende med i deira artiklar.

Elles finn du som alltid minnestoff i ulike variantar med dei meste forskjellige emne. Me kjenner oss visse om at her er litt for ein kvar smak. Og det er fint om stykka inspirerar lesarane til å setja eigne opplevingar på papiret!

Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy, Osterøy bok og papir og Arna Bokhandel.
Men årboka kan også kjøpast i nettbutikken vår, http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk153

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Møte om stadnamn

Onsdag 17. september hadde me eit interessant møte om stadnamn på Osterøy museum.

Kjell Erik Steinbru, frå stadnamntenesta for Vestlandet, innleidde om stadnamnlova og korleis stadnamntenesta rettleier kommunane i arbeidet med stadnamna.

Geir Kleiveland snakka om nedervd lokal uttale, «den uttalen som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk.» Han gav ein del døme på stadnamn på Osterøy og korleis bygdemålet påverkar korleis eit namn skal skrivast.

Jøstein Førre, assisterande rådmann i Osterøy kommune, orienterte til slutt om adressenamnprosjektet som kommunen arbeider med. Det skal vera sluttført neste år (2015).

Mest 30 personar møtte fram, og etter ei lita matøkt engasjerte mange seg i spørsmålsrunden etter innleiingane. Særleg var mange opptekne av korleis feil på ulike kart kan rettast opp. Fleire kom med innspel til korleis dette arbeidet kan betrast, gjerne med mållaget, sogelaget og museumslaget som lokale koordinatorar.

Dei fleste tyktest etterpå samstemte om at det var eit interessant og vellukka møte.

Tilskipar var Osterøy mållag, Osterøy sogelag og Osterøy museumslag.

 

 

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Nettsida har fått ei overhaling

No har nettsida til sogelaget fått ei overhaling. Ein del lenkjer viste seg å peika feil, men no skal alle vera retta. Ymse anna smårask er også retta opp.

Dessutan er nettbutikken oppgradert. Programdelen som styrer butikken, Zencart, har i det siste vorte oppgradert for å betra tryggleiken. No er nettbutikken til sogelaget også nyoppussa.

Skulle du sjå noko som ikkje stemmer, ver gild og meld frå. Du kan anten leggja att eit svar til dette innlegget eller senda ein epost til denne adressa: leiar@osteroy-sogelag.org

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Sogelaget på Osterøymarknaden

Osterøy Sogelag, ved leiar Geir Kleiveland, deltok på Osterøymarknaden i Lonevåg 31. mai. Her presenterte me alle bøkene våre, og som alltid ved slike tilskipingar var det mange som var forvitne på kva me har å  tilby. Mange har bøkene våre, men likar gjerne å prata om ymse emne frå lokalhistoria. Me får alltid gode tilbakemeldingar ved slike høve, og det er sjølvsagt hyggjeleg.

Marknaden var lagt til «torget» i Lonevåg, mellom Rema og Jernia. I år var det svært mange utstillarar, og marknaden vart godt besøkt. Folk såg ut til å stortrivast i det fine vêret.

Sogelaget selde bøker for 2850 kroner, slett ikkje verst når mange andre også tilbyr ting av interesse. Bygdeboka gjekk det mest av, 3 eks av band II og 2 eks av band II.

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

200-årsmarkering ved bautaen på Gjerstad

Rett etter preika i Gjerstad-kyrkja den 17. mai hadde Osterøy Sogelag ei minnemarkering ved bautasteinen ved kyrkja.

Ordførar Kari Aakre held tale for dagen. Foto: Steinar Reigstad

Ordførar Kari Aakre held tale for dagen.
Foto: Steinar Reigstad

Ordførar Kari Aakre heldt tale for dagen og la vekt på kva tyding grunnlova har hatt for utviklinga av folkestyret i landet. Leiar i sogelaget, Geir Kleiveland, fortalde om bautasteinen. Bakgrunnen var napoleonskrigane som for Danmark-Noreg sin del varte frå 1807 til 1814. Til 100-årsjubileet for grunnlova i 1914 oppmoda oberst Henrik Angell ungdomslag og andre til å reisa minnesteinar for dei soldatane som deltok i krig for fedrelandet. Mange ostringar vart utkommanderte og deltok fyrst og fremst i trefningane i 1808 og 1809 og til krigen i 1814. Mest kjende er slaga ved Prestbakke og Berby i Austfold. Ein av ostringane som deltok, var Johannes Hoshovde. Han var ordonnans for major Krebs og utmerka seg ved fleire høve. Mellom anna skaut han ein gong tamburen til ei framrykkjande svensk avdeling slik at det oppstod panikk, og dei flykta hals over hovud. For innsatsen sin fekk han Dannebrog-medaljen, ei utmerking som til vanleg vart gjeven til offiserar. Seinare vart han kalla «dannebrokjen» av bygdefolket, og han skulle bera medaljen  ved alle høgtider. Bautasteinen på Gjerstad vart henta i Haukelia, nord på Solbjørg-garden. Kring 15 karar fekk steinen på plass. Johannes Revheim og Nils Skistad hogde inskripsjonen, etter førelegg frå Olav Espevoll, preparant ved Bergen museum. Teksten lyder: «MINNE UM FEDERNE VAARE SOM STRIDDE 1807-14 REIST 1914». Øvst på steinen er hogge inn riksløva. Til vanleg vender ho til venstre, men dei som reiste steinen, var usamde om kva veg ho skulle venda. Ein av dei avgjorde det med orda: «Adle veit då at fienden kjem om Bykset» (nedanfor Seljerinden). Difor speider riksløva mot høgre. Området kring bautasteinen var nokså nedslarva. Til 200-årsmarkeringa i år rydda og pynta sogelaget området og fekk reinsa steinen som var så tilgrodd at teksten var vanskeleg å lesa. No er både riksløva og teksten på nytt godt synlege.

Osterøykoret med dirigent Jon Flydal Blichfeldt. Foto: Leiv Mæhle

Ved avdukinga den 17. mai 1914 song medlemer i Ungdomslaget Fram for fyrste gong offentleg. Frå då reknar Hauge songlag dagen som som sin skipingsdag. Songlaget, no med namnet Osterøykoret, deltok også ved minnemarkering i år som ein del av koret sitt 100-årsjubileum. Dei song dei same to songane som for hundre år sidan: «At far min kunne gjera» og «Ja, vi elsker», i tillegg til «Elsk din neste du kristen sjel». Dermed var den halve timen med minnemarkering over, og alle drog kvar til sitt og heldt fram å feira nasjonaldagen kvar i sine bygder. Sogelaget har fått mykje vellæte for tilskipinga, og det er hyggeleg.

Lagt inn i Osterøy, Sogelaget, Ymse | Med merkelapp , , , , , | Legg att eit innspel

17. mai ved bautaen på Gjerstad

17. mai vil sogelaget ha ei markering ved bautasteinen ved Gjerstad kyrkje. Denne steinen vart reist 17. mai 1914 til minne om alle dei frå området vårt som vart utkommanderte til vern av fedrelandet under napoleonskrigane i åra 1807-1814. Denne tilskipinga vert såleis ein del av 200-årsjubileet for grunnlova.

I tillegg til ei orientering om bakgrunnen for bautasteinen vil ordførar Kari Aakre halda ein kort appell for dagen. Osterøykoret (for dagen utvida) deltek med korsong. I år har koret 100-årsjubileum, og fyrste offentlege framføringa hadde koret då bautasteinen vart avduka.

Til den 17. mai har sogelaget rydda og stelt området kring bautaen. Siste åra har det nemleg sett noko nedslarva ut kring minnesmerket. Og sjølve steinen er reinsa slik at både teksten og riksløva på nytt er synlege.

Alle som ynskjer å delta i markeringa, er hjarteleg velkomne. Markering tek til rett etter preika i kyrkja (ca. kl. 11), og varer ein knapp halvtime, før alle reiser heim til sine bygder for å feira nasjonaldagen vidare.

Lagt inn i Osterøy, Ymse | Med merkelapp , , , , , | Legg att eit innspel

Dugnad på Gjerstad til 17.mai

Sogelaget vil rydda og stella til kring bautaen ved Gjerstad-kyrkja. Onsdag 30. april kl 18.00 har  me dugnad for å gjera området fint til den 17. mai.

17. mai vert det ei kort markering ved bautaen etter preika (ca. kl. 11). Eit utvida Osterøykor deltek med song, ordførar Kari Aakre held appell for dagen.

 

Lagt inn i Osterøy, Sogelaget, Ymse | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel