Osterøy til fots – ny, utvida utgåve

„Osterøy til fots – kulturhistoriske vandringar” kom ut fyrste gongen i 2003. Boka har vore utseld i fleire år, men no ligg
ei ny og utvida utgåve føre. Den nye utgåva er utvida med omtale av fleire turar slik at det no er omtale av 32 turalternativ på Osterøy. I tillegg til å skildra dei ulike turløypene har boka ei mengd med lokalhistoriske opplysningar

Framside Osterøytilfots15

Slik ser den nye utgåva av turboka ut.

om det området du går gjennom. Dette er såleis ei bok som gjer det meir spennande og interessant å gå på tur, og som får oss til å skjøna at det har vore folk før oss.

Me vert kjende med korleis dei bar seg åt når dei skar torv. I fjellheimen vert me kjende med dei mange stølane, og kvar stølsjentene mjølka kyrne. Me får vita korleis menneska har slite for å livberga seg og på kva finurlege måtar dei fann seg levemåte „der som ingen kunne tru at nokon ville bu”.
Me kjenner oss trygge på at dei fleste vil få seg mange hyggjelege aha-opplevingar når dei tek fat på denne boka, anten før, under eller etter ein flott tur.
„Osterøy til fots” er spekka med bilete, dei fleste i fargar. Til kvar rute er det laga kart, og for dei fleste rutene viser flyfoto kva område turane går i.
Me trur mange vil finna glede ved også å gå „tur” heime i godstolen !
Boka er på 237 sider – stivbind. Pris kr 320 + ev. porto.
Utgjevar: Osterøy Sogelag, 5281 Valestrandsfossen
ISBN 978-82-91229-31-7
Utgjevingsår: 2015
Boka kan tingast i nettbutikken vår: Osterøy til fots i nettbutikken
Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Namn januarbilete 2015

Etter at Tradisjonskalenderen for 2015 kom ut, har me fått inn namn på personar som var2015 01januar på januarbiletet. Dei to til venstre på biletete er syskena Olai og Kari Kleppe, gift Tvedt.
Kanskje er det nokon som veit namnet på han som står til høgre på biletet?

Lagt inn i Boknytt, Kalender | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Tradisjonskalender for 2015

Tradisjonskalenderen vår for 2015 er no i sal. Kalenderen innheld som alltid bilete frå vår nære fortid, frå ulike bygder på Osterøy og frå ulike miljø. Merkedagane har som før fått plass slik at du kan læra om korleis forfedrane våre markerte ulike høgtider. Prisen på kalenderen er kr. 75,- og kan kjøpast i alle butikkane på Osterøy.

Lagt inn i Boknytt, Kalender | Med merkelapp , , , | Legg att eit innspel

Ny utgåve av «Osterøy i soge og samtid»

I «Osterøy i soge og samtid» for 2014 vil du finna fleire artiklar frå idrettslivet. Marit Selvik Kallekleiv skriv om Mons O. Mjelde, som vart foreldrelaus som liten gut og vart teken hand om av presten i Haus. Mons vart seinare ein av dei fremste skeiselauparane i landet i mellomkrigstida. Ingemar Valestrand tek føre seg miljøet kring den fyrste idrettsbana på Osterøy, Brubakkane på Revheim. Og Jostein Hausberg skriv om skuleidretten i Haus kommune, der far hans, lærar Sverre Hausberg var sentral.

Jan Olav Gatland har fylgt i fotefara etter bestefar sin, Jonas, som var i Amerika tidleg på 1900-talet. Han opplevde å missa alt han åtte i ein av dei verste præriebrannane som har råka USA, dessutan miste han kona og sat att med seks born. Han vende attende til Noreg og slo seg til i Mykingtræet. Gatland har leita fram den omfattande brevvekslinga Jonas hadde med senator Knute Nelson for å få forsikringsoppgjeret sitt.

I utgåva i år vert du også kjend med dei to yngste som nokon sinne har skrive i sogeskriftet, Evelyn Olsnes og Ailin Hannisdal Haga. Begge har skrive særoppgåver om forfedrane sine som me vert kjende med i deira artiklar.

Elles finn du som alltid minnestoff i ulike variantar med dei meste forskjellige emne. Me kjenner oss visse om at her er litt for ein kvar smak. Og det er fint om stykka inspirerar lesarane til å setja eigne opplevingar på papiret!

Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy, Osterøy bok og papir og Arna Bokhandel.
Men årboka kan også kjøpast i nettbutikken vår, http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk153

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Sogelaget på Osterøymarknaden

Osterøy Sogelag, ved leiar Geir Kleiveland, deltok på Osterøymarknaden i Lonevåg 31. mai. Her presenterte me alle bøkene våre, og som alltid ved slike tilskipingar var det mange som var forvitne på kva me har å  tilby. Mange har bøkene våre, men likar gjerne å prata om ymse emne frå lokalhistoria. Me får alltid gode tilbakemeldingar ved slike høve, og det er sjølvsagt hyggjeleg.

Marknaden var lagt til «torget» i Lonevåg, mellom Rema og Jernia. I år var det svært mange utstillarar, og marknaden vart godt besøkt. Folk såg ut til å stortrivast i det fine vêret.

Sogelaget selde bøker for 2850 kroner, slett ikkje verst når mange andre også tilbyr ting av interesse. Bygdeboka gjekk det mest av, 3 eks av band II og 2 eks av band II.

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Gardane i ættebøkene 2

No kan du lett finna kvar gardane finst i alle ættebøkene for Osterøy. Du kan sjå kva gard som høyrer til i desse ættebøkene:

Gjerstad-boka – Haus-bok, Hosanger-bøkene, Hamre-bøkene og Bruvik-boka.

Her er lenkja: 
http://www.osteroy-sogelag.org/gardar_aetteboker.html

Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Gardane i ættebøkene 1

Mange lurar på i kva for ættebok dei finn ein bestemt gard. Frå framsida på heimesida til sogelaget kan du klikka på «Gardane i ættebøkene» i menyen til venstre. Då kjem du fram til ei side der alle ættebøkene på Osterøy er lista opp. Når du trykkjer på overskrifta, vert du teken til eit oversyn som viser kva for gardar du finn i nett den boka. Gardane er lista både alfabetisk og etter gardsnummer, som stort sett fylgjer kvar gardane ligg i terrenget.

Førebels er ættebøkene for Gjerstad og Haus klare, men dei andre kjem snart.

Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Ny tradisjonskalender

Så var tradisjonskalenderen for 2014 klar.
Kalenderen for neste år (2014) er no i sal. Som vanleg brukar me berre svart-kvite bilete frå vår nære fortid, eitt for kvar månad. Kalendaria inneheld dei mest sentrale merkedagane, både for samtida og slik forfedrane våre brukte dei. Og du har god plass til å skriva viktige hendingar for deg og familien.

Du kan lesa meir om tradisjonskalenderen her:
http://www.osteroy-sogelag.org/tradisjonskalender.html
Prisen på kalenderen er som før kr. 75.

Lagt inn i Boknytt, Kalender | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Nytt sogeskrift i sal

No er «Osterøy i soge og samtid» for 2013 kome ut. Sogeskriftet inneheld som alltid ei mengd ulike artiklar om ulike emne frå lokalhistoria på Osterøy. Av artiklane kan me m.a. nemna:

I denne utgåva gjev me plass til to jubileumsår. 100-årsmarkeringa for røysterett for kvinnene er tema i artikkelen til Ingunn Rongved. Og i høve Aasen-året, som markerer at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, tek me fram korleis Aasen opplevde å vitja Osterøy.

Ein framsynt industribyggjar vert presentert i artikkelen som Synnøve Solberg har skrive om bestefaren sin, Ragnvald Solberg. Han starta med Lonevåg møbelfabrikk og bygde seinare opp Arna Bruk.
Utvandrarane møter me også. Leiv Mæhle tek for seg ein forfader som deltok i den amerikanske borgarkrigen, og Reidun Vevle tek utgangspunkt i eit brev som ein ung ostring skreiv som amerikansk soldat frå Frankrike under 1. verdskrigen.
Rune Revheim tek utgangpunkt i vatn og fortel om korleis dei mange vassfalla i bygdene var grunnlag for verksemder av mange slag, både kverner, sager, tisefabrikkar og smier.
Elles er her mange artiklar som fortel glimt frå vår nære fortid. På ulike måtar skildrar dei korleis folk har levd i bygdene våre. Sogeskriftet kan kjøpast i butikkane på Osterøy, Osterøy bok og papir og Arna Bokhandel.
Men årboka kan også kjøpast i nettbutikken vår, http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk153

Lagt inn i Boknytt, Sogeskriftet | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Haus-boka er no i sal

Endeleg er Haus-boka ferdig frå trykkjeriet !

Den gamle Haus-boka vart gjeven ut i 1959. Ho har vore utseld i mange. mange år, og det er mange som har spurt etter boka. No har Osterøy Sogelag kosta opptrykk av boka, og ho ligg no for sal. Pris kr. 500,-.

I boka finn du alle familiane som har budd på gardane i den gamle Haus-sokna, som femnde delar av Osterøy og Arna. På Osterøy gjeld det gardane fom Hansdalen tom. Vemmalvika (gnr. 47-69). I Arna gjeld det gardane på Skuggestranda, fom. Skulstad tom. Tunes.

Denne utgåva er eit faksimileopptrykk av den gamle boka. Det betyr at der er ikkje gjort endringar eller tillegg, sjølv om det er lenge sidan boka fyrst kom ut. Men det viktigaste er å gjera boka tilgjengeleg. For dei som leitar bakover etter slekta, er boka like verdfull i dag som då ho fyrst kom ut.

Du kan kjøpa boka i nettbutikken vår: http://osteroy-sogelag.org/nettbutikk

Lagt inn i Boknytt | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel