Årsmelding 2014 for Osterøy Sogelag
1. Bokutgjevingar og boksal
I 2014 har ikkje sogelaget gjeve ut lokalhistoriske bøker utanom dei «faste» utgjevingane våre.
A: «Tradisjonkalender for Osterøy 2015»
Me gav i november 2014 ut «Tradisjonskalender for Osterøy» for 2015. Dette er niande utgåva av kalenderen vår. Opplegget er som før. Me held fast på bilete i svart-kvitt, slik at kalenderen vår får eit annleis preg enn mange andre i denne gata. Opplaget vart også i år 600 eksemplar. Berre ein slump ligg att. Det ser ut som me har vår faste målgruppe. Prisen er kr. 75. Kalender-nemnd var som før: Signe Mjelde Nordås, Grethe Solberg Mjelstad, Elin Bøe Kleiveland, Hild Breivik og Geir Kleiveland.
B: Anna boksal
Boksalet i 2014 har vore på det jamne. Utan særskilde lokalhistoriske utgåver flyt me på bøker me har gjeve ut tidlegare. Ættebøkene går det jamt og trutt av. No har me for sal alle ættebøkene som har kome for Osterøy. Det gjeld alle dei tidlegare kommunane Hosanger, Hamre, Bruvik, Haus. Siste tilskotet var oppatt-trykket av Haus-boka i 2013. Til no har me selt ca. 170 bøker av den, noko som betyr at me er i balanse, og vel så det. «Gamalt bygdaliv på Osterøy», også utgjeven i 2013, har me selt nærare 600 eksemplar av.
Elles er det ein del tidlegare utgjevne bøker som er utselde. «Minne og opplevingar» (1990), «Likt og ulikt frå Revheim» (1992), «Gardssoga for Mjedlagardane» (2000) og «Utan heim» (2002) er utselde, og «Bak rattet» (2007) er det berre ei handfull att av.
Av dei 2 banda av Osterøy bygdebok har me no selt ca. 1680 eks av band 1, av band 2 ca. 1270. Også andre bøker sig ut, for ingen av dei vert «forelda». Viktigaste salskanalen vår har bokhandelen i Lonevåg, men diverre vart den avvikla i februar 2015. Bokhandelen i Arna hjelper godt på. Dessutan er nettbutikken vår ein svært god salskanal som når mange utanfor kommunen. I 2014 kom der i snitt 1,5 tinging for veka. Totalt er det selt for ca. 34.000 kroner over nettet dette året.
På husflidsmessa 15.-16. november hadde sogelaget eigen stand, og 22.-29. november hadde me salsstand ved butikkane på Osterøy + Øyrane torg. Det var ein veleigna måte å koma i kontakt med folk. Til saman vart det selt bøker for vel 29.000 kroner desse helgene.
2. Osterøy i soge og samtid 2014
Sogeskriftet vårt er eit fast innslag i bokfloraen innunder jul. I år kom me med 28. årgangen, som vanleg saman med Osterøy museum. Av innhaldet i år kan nemnast fleire artiklar om idrettslivet på Osterøy. Marit S. Kallekleiv fortalde historia om ein av dei beste skeiseløparane i landet i mellomkrigstida, Mons O. Mjelde. Ingemar Valestrand tok fram minne frå idrettsmiljøet på Brubakkane. Og Jostein Hausberg skreiv om skuleidretten i Haus kommune der far hans, Sverre, var sentral. Jan Olav Gatland gjekk i fotefara til bestefar sin, Jonas, i Amerika. Han vart hardt råka av ein av dei verste præriebrannane i USA, og i sogeskriftet får me kjennskap til Jonas si omfattande brevveksling med den vidkjende senatoren Knute Nelson, fødd på Evanger. Astor Furseth presenterte alle skred som er kjende frå Osterøy. Spesielt for utgåva i år var at me hadde med to unge skribentar: Evelyn Olsnes som skreiv om oldefaren den kjende kapteinen Anders Mostrøm. Og Ailin H Haga som rekte fara etter oldemor si i Amerika. I tillegg var det mange andre artiklar som presenterte ulike tema frå fortida.
Opplaget var (som vanleg) 1.300 eksemplar. Me har vårt faste publikum, som reknar sogeskriftet som ein del av førjulstradisjonen. Utgåva i år vart på 142 sider, med salspris 150 kroner. Sogeskriftet ligg til sals på alle daglegvarebutikkane på Osterøy, dessutan på bokhandlane i Lonevåg og Indre Arna. Skriftstyret var i år Randi Andersen og Geir Kleiveland. Olav Meltvik takka for seg, etter å ha vore i skriftstyret sidan starten, òg i dei 2 fyrste utgåvene som kulturvernnemnda gav ut. Han fortener stor takk for innsatsen.
3. Nye bokprosjekt
I 2014 har me arbeidt vidare med bokprosjektet «Osterøy på hjul», som no er omdøypt til «Vegalangs på Osterøy». Dette er tenkt som ei rutebok for folk som vil gjera seg kjende på Osterøy i bil eller på sykkel, med vekt på lokalhistorie langs vegane. Mange har levert sine bidrag, men det har vist seg at det vart litt meir etterrakster enn me såg føre oss. Men no er dei fleste kvite felta dekka, berre eit par mindre område står framleis att. Men i 2015 må me greia å få boka ut. Det er også planen å trykkja opp att «Osterøy til fots» og gje den ut saman med «Vegalangs på Osterøy».
4. Heimesida
Heimesida til sogelaget er eitt av vindaugo våre mot verda. På sida finn ein oversikt og omtale av alle bøkene og sogeskrifta som er gjevne ut. Dei sogeskrifta som er utselde (1989, 1990 og 1995) ligg no ute i fulltekst, slik at interesserte kan lesa dei på nettet. På heimesida kan ein søkja opp kva utgåve ein finn ulike emne omtala. Meir enn 1500 emneord gjer det lett å finna kvar bestemte emne førekjem. Dessutan er det mange som brukar dei ulike databasane, og gjennom nettbutikken sel me bøker som berre det, for det er mange som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, særleg er ættebøkene i vinden. Dessutan tilbyr me også bøker frå andre lokale utgjevarar for sal i nettbutikken. Adressa vår: http://osteroy-sogelag.org
5. Medlemsverving
I samband med boksalet i november dreiv me medlemsverving. Til saman kapra me 21 nye medlemer, slik at medlemstalet no er 75.
6. Økonomi
For 2014 syner rekneskapen at sogelaget har eit bokført driftsoverskot på vel 155.000 kr. Ved årsslutt har laget ca. 330.000 kroner på bankkontoar. Det er pengar som skal brukast til store utgjevingar i løpet av 2015.
På fleire årsmøte har det kome opp spørsmål om godtgjersle til leiaren for bokproduksjonen i laget. Osterøy sogelag har kome fram til at produksjon av bøker ikkje er ein naturleg del av sogelagsarbeidet. Laget skal samla og sikra historisk kjeldetilfang, som det står i vedtektene paragraf 2, men skal dette gjevast ut i bokform, må desse tenestene kjøpast eksternt. Laget har i 2014 inngått ein avtale med Geir Kleiveland om ei viss godtgjersle for den bokproduksjonen som han står føre. [Leiaren deltok ikkje då saka vart handsama.]
7. Minnesteinar
A: Minnesteinen ved Gjerstad-kyrkja
Denne steine vart reist til 100-årsjubileet for grunnlova i 1914. Med åra var steinen tilgrodd, og innskrifta mest uleseleg. Til 17. mai pussa sogelaget opp steinen, reinska han og fekk skrifta fram att. Dessutan pynta me området ikring. Etter preika 17. mai hadde me ei lita markering der bakgrunnen for steinen vart presentert, og eit utvida Osterøykor deltok. Koret vart skipa 17. mai 1914 som Hauge songlag og hadde si fyrste framføring då steinen vart avduka. I år song dei to av dei same songane som for hundre år sidan. Ein stor del av kyrkjelyden stogga att og fekk med seg markeringa. Dette var sogelaget si høgtiding av 200-årsjubileet for grunnlova.
B: Statsråd-bauta
Etterkomarane etter tidlegare statsråd og stortingsmann Ole M. Mjelde (1865–1942) vende seg i 2013 til sogelaget om laget ville ta på seg å stå bak ein minnestein over ein av dei mest sentrale politikarane i Noreg i mellomkrigstida. Det sa styret ja til. Meininga var å plassera minnesteinen ved kyrkjegarden i Haus. Styret har søkt eigaren av grunnen, Opplysningsvesenets fond (Ovf), om løyve til å setja opp steinen. Det fekk me i vår, men omfattande og langvarig kommunalt gravearbeid i påtenkt område gjorde at sogelaget, saman med etterkomarane og Haus grenderåd, valde ny stad for å unngå graveområdet. Me søkte på nytt Ovf om løyve som me fekk i haust, men måtte òg søkja vegvesenet og kommunen. Det heile vart komplisert ved at den nye plassen medfører søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen for området. Dette kostar i utgangspunktet 14.300 kroner. Me arbeider med å få eit unntak frå kommunen for dette. Tiltaket er elles fullfinansiert ved stønad frå Sparebanken Vest og Lions-klubben, resten er samla inn mellom etterkomarane etter O.M. Mjelde. Håpet er å få opp steinen i 2015.
8. Styret
Styret i Osterøy Sogelag har vore slik samansett i 2014:
Leiar: Geir Kleiveland
Nestleiar: Rune Revheim
Kassastyrar: Håkon Aasheim
Skrivar: Leiv Mæhle
Styremedlemer: Hild Breivik
Berge Borge
Varamedlemer: Signe Mjelde Nordås
Kåre Flesland
Osterøy Sogelag har 75 medlemer.
9. Boklager – oversikt:
Boktittel: Lager Trykt Selt Pris År
1 Minne og opplevingar. 5 500 495 50,- 1990
2 Likt og ulikt frå Revheim 5 500 495 50,- 1992
3 Ættebok Gjerstad-Haus 4 1500 1496 220,- 1992
4 Ættebok for Gjerstad 200 1000 800 300,- 1993
5 Fridom og fangenskap* 330 1000 570 120,- 1995
6 Ostringar på tinget – I 350 500 150 180,- 1998
7 Gardssoga for Mjedlagardane 5 600 595 120,- 2000
8 Det var slik det var 80 1000 920 150,- 2001
9 Stadnamn i Mjøsdalen 215 500 285 150,- 2001
10 Utan heim 5 1000 995 170,- 2002
11 Osterøy til fots 5 3000 2995 270,- 2003
12 Ein garva fotograf 140 600 460 150,- 2005
13 Gamle Lonevågen 160 1000 840 150,- 2006
14 Bak rattet 30 1000 970 150,- 2007
15 Ættebok for Hosanger (sett à 2 bd) 250 frå Hos.sogelag 500,- 2003
16 Ættebok for Hosanger (tillegg) 160 frå Hos.sogelag 250,- 2000
17 Hosanger kyrkje gjennom 200 år 30 frå Hos.sogelag 100,- 1982
18 Skulesoga for tidlegare Hosanger kom. 120 frå Hos.sogelag 50,- 1989
19 Hamre-bøkene (sett à 2 bd) 125 frå Ost.kom. 300,- 1990
20 Bruvik sokn, gards- og ættesoge 450 frå Ost. kom. 150,- 1981
21 Ættebok for Ytre Arna 1 frå Arna Sogelag 60,- 1967
22 Stadnamn i Haus 30 frå Arna Sogelag 40,- 1971
23 Lengt mot fjell 40 300 230 100,- 2008
24 Ostringar på tinget – II 130 150 20 200,- 2009
25 Osterøy Bygdebok I 1320 3000 1680 490,- 2007
26 Osterøy Bygdebok II 1730 3000 1270 490,- 2011
27 Vassdal på Osterøy 650 1000 350 250,- 2012
28 Gamalt bygdaliv på Osterøy 400 1000 600 150,- 2013
29 Ættebøk for Haus II 830 1000 170 500,- 2013
* Åse Tveiten har fått 100 eks.
Dette er cirka-tal.