Oppdatering av ættebok for Gjerstad og Haus

Styret i Osterøy Sogelag har vedteke å oppdatera ætteboka for Gjerstad og Haus sokner, den boka me gav ut i 1992. Sidan den tid har det skjedd store endringar i alle familiar; nye har kome til, andre ha falle frå. Ingen bok har me meir etterspurnad etter enn denne ætteboka, for den gamle boka har no vore utseld i snart 10 år.
Styret har lagt ein førebels slagplan for arbeidet. Det er mykje arbeid å laga ei ny ættebok. Alle familiane som bur i området, må kontaktast personleg. No før sommaren satsar me på å få fat i frivillige som kan vera med og samla inn opplysningar om den enkelte familien. Me reknar med at me må ha 50-60 innsamlarar som kan kontakta kvar enkelt familie.
Tidleg i haust vil me ha eit felles orienteringsmøte for alle innsamlarane, der me orienterer om korleis dei går fram i innsamlingsarbeidet. Me vil då gå gjennom aktuelle skjema som skal delast ut til kvar familie.
Så håpar me innsamlingsarbeidet kan gjerast i haust. Men deretter fylgjer eit omfattande arbeid med å sy opplysningane saman til bok og kontrollera opplysningane. Så det vil ta ei tid før boka er klar.
Dersom du kan tenkja deg å vera med og samla inn opplysningar, er det berre å ta kontakt, epost: leiar@osteroy-sogelag.org

Dette innlegget vart lagt inn i Boknytt, Sogelaget med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.