Årsmelding for 2016

Årsmelding 2016 for Osterøy Sogelag

1. Bokutgjevingar og boksal

I 2016 har Osterøy sogelag gjeve ut dei vanlege skriftene men i tillegg kom også endeleg boka «Vegalangs på Osterøy».

A: «Vegalangs på Osterøy»
I fleire år har sogelaget arbeidt med boka «Vegalangs på Osterøy». 1. juni kunne me endeleg presentera boka. Mest 50 personar kring om på øya har bidrege med stoff frå sine område. Alle hovudvegane og dei fleste sidevegane vert presenterte. Her er med opplysningar om kva ein ser i dag, men like viktig kva som har vore i dei ulike områda tidlegare. Boka har vorte svært godt motteken, og me har selt vel 700 bøker på eit halvår. Boka er på 240 sider, og er spekka med bilete, både gamle og nye. Opplaget er 2.500 eksemplar, prisen er kr 320. I samband med lanseringa vart boka seld for kr. 200 til medlemer.

B: «Tradisjonkalender for Osterøy 2017»
Me gav i november 2016 ut «Tradisjonskalender for Osterøy» for 2017. Dette var den ellevte utgåva av kalenderen vår. Opplegget er som før. Me held fast på bilete i svart-kvitt, slik at kalenderen vår får eit annleis preg enn mange andre i denne gata. Opplaget var også dette året 600 eksemplar. Me har litt fleire att enn vanleg, men det ser ut som me har vår faste målgruppe. Prisen er kr. 75. Kalender-nemnd var som før: Signe Mjelde Nordås, Grethe Solberg Mjelstad, Elin Bøe Kleiveland, Hild Breivik og Geir Kleiveland.

C: Anna boksal
Salet av andre bøker i 2016 har vore godt. Det skuldast fyrst og fremst Vegalangs og «Osterøy til fots» som kom i ny, utvida utgåve i 2015. Ættebøkene går det jamt og trutt av. Me har for sal alle ættebøkene som har kome for Osterøy. Det gjeld alle dei tidlegare kommunane Hosanger, Hamre, Bruvik, Haus.
Av dei 2 banda av Osterøy bygdebok har me no selt godt og vel 1700 eks av band 1, av band 2 ca. 1300. Også andre bøker sig ut, for ingen av dei vert «forelda». Viktigaste salskanalane våre no er Rema1000 og Coop Extra i Lonevåg. I begge desse butikkane har me eige stativ med alle bøkene våre utstilte. Også bokhandelen i Arna er ein god salsplass. Det same gjeld nettbutikken vår. Elles har me nyutgjevne bøker liggjande i alle daglegvarebutikkane på Osterøy i ein periode før jul. På marknadsdagen i Lonevåg 4. juni hadde me stand med boksal, det same på husflidsmessa 19.–20. november.
Boklageret vårt på Osterøy museum er no fullt, og styret har gjort avtale med Systemtrafikk om å leiga lagerplass for ein del av bøkene våre.
Ein del tidlegare utgjevne bøker er utselde. Det gjeld: «Minne og opplevingar» (1990), «Likt og ulikt frå Revheim» (1992), «Gardssoga for Mjedlagardane» (2000), «Utan heim» (2002) og «Bak rattet» (2007).

2. Osterøy i soge og samtid 2016

Sogeskriftet er eit fast innslag i bokfloraen innunder jul. I år kom me med 30. årgangen, som vanleg saman med Osterøy museum. Av innhaldet i år kan nemnast:
Silje Solberg skreiv om hardingfelemusikken og tradisjonane kring den på Osterøy. Jon O. Vevle og Egil Borge tok føre seg historia om Osterøy Billag som vart starta for 80 år sidan. Helge Mjelde fortalde om oppvekst i Lonevågen på 1930–40-talet, og Harald Revheim fortalde om barndom og ungdom ulike stader på Osterøy og Arna. Og Randi Andersen takka av arbeidet ved Osterøy museum med ein artikkel om museumsarbeidet gjennom mest 30 år. I tillegg var det mange andre artiklar som presenterte ulike tema frå fortida.
Opplaget var (som vanleg) 1.300 eksemplar. Me har vårt faste publikum, som reknar sogeskriftet som ein del av førjulstradisjonen. Utgåva i år kom i nytt format, 21 x 21 cm (firkant), som ei markeringa av at det var 30. utgåva og at sogelaget var 30 år. Dette formatet gjer det mogleg å presentera bileta på ein betre måte.
Utgåva vart på 108 sider, med salspris 180 kroner. Sogeskriftet ligg til sals på alle daglegvarebutikkane på Osterøy, dessutan på bokhandelen i Arna. Skriftstyre: Randi Andersen og Geir Kleiveland.

3. Nye bokprosjekt

Etter at Vegalangs-boka var ferdig, har styret så vidt byrja å drøfta nye bokplanar. Eit par bokprosjekt er komne i gang. Lengst er «Næringssoga for Mjøsdalen» komen som Geir Kleiveland skriv i samarbeid med «Vener av Mjøsvågen». Denne boka er planlagd utgjeven i 2017. Eit anna omfattande prosjekt er at styret har vedteke å gje ut ei oppdatert utgåve av ætteboka for Gjerstad og Haus. Men det krev mykje arbeid før ei slik bok er klar.

4. Heimesida

Heimesida til sogelaget er eitt av vindaugo våre mot verda. På sida finn ein oversikt og omtale av alle bøkene og sogeskrifta som er gjevne ut. Dei sogeskrifta som er utselde (1989, 1990 og 1995) ligg no ute i fulltekst, slik at interesserte kan lesa dei på nettet. På heimesida kan ein søkja opp kva utgåve ein finn ulike emne omtala. Meir enn 1600 emneord gjer det lett å finna kvar bestemte emne førekjem. Dessutan er det mange som brukar dei ulike databasane. Gjennom nettbutikken sel me bøker som berre det, for det er mange som er interesserte i lokalhistorie frå Osterøy, særleg er ættebøkene i vinden. Dessutan tilbyr me også bøker frå andre lokale utgjevarar for sal i nettbutikken. No kan kundar betala med kredittkort gjennom betalingstenesta PayPal. I 2016 hadde me mest 12.000 besøk på sida, i snitt vel 30 for dagen.
Adressa vår: http://osteroy-sogelag.org

5. Slektsgransking

Saman med Osterøy museum hadde sogelaget eit kurs i slektsgransking hausten 2015. Dette kurset tok me opp att hausten 2016. Meininga var å gå vidare med det fyrste kurset, men det møtte så mange nye at det vart mest repetisjon av det grunnleggjande. Innhaldet i kurset har vore å gje innføring i å bruka eit databasert opplegg som er installert på heimesida til sogelaget, webtrees. På møtekveldane har me gått gjennom bruken av dette systemet, men òg gått inn på kvar og korleis ein finn fram til aktuelt kjeldemateriale. Deltakarane har lagt inn sine slektningar, men det geniale med opplegget er at ein samstundes får tilgang til andre sine registreringar viss [når!] det viser seg at to personar har felles forfedrar. Og det har mange ! Samstundes har kvar deltakar sitt eige «vindauga» inn til sine slektsgreiner.
Me hadde 3 kveldar i haust. Kring 15 personar deltok på desse møtekveldane. Totalt er det no over 70 som har meldt seg interesserte i å delta. Geir Kleiveland leia kurset.

6. Tresko-dokumentasjon

Sogelaget fekk, saman med Osterøy museum, 10.000 kroner frå Hordaland fylke til dokumentasjon av treskoverkstaden i Hosanger. 17.11.2016 hadde me ein heil dag der treskokarane køyrde alle maskinene og viste alle prosessane i verkstaden. Geir Kleiveland frå sogelaget, Lars Mjøs frå «Vener av Mjøsvågen» og Nikolai R. Tallaksen frå Osterøy museum fotograferte og filma. Sistnemnde stod for rapporteringa og det avsluttande arbeidet.

7. Økonomi

For 2016 syner rekneskapen at sogelaget har eit bokført driftsoverskot på vel 208.000 kr. Ved årsslutt har laget vel 656.000 kroner på bankkontoar.
Årsmøtet 2016 vedtok å løyva kr. 10.000 til Osterøy mållag. Pengane gjekk til å senda Norsk Barneblad til alle 5. klassingane på Osterøy.

8. 30-årsjubileum

Osterøy Sogelag vart skipa i 1986, og hadde såleis 30-årsjubileum i 2016. Dette markerte me med å skipa til ein busstur der me brukte den nyutgjevne boka «Vegalangs på Osterøy» som utgangspunkt. Ruta gjekk frå Lonevåg, om Gjerstad, via Haus, Kvisti, gjennom Hansdalen, til Valestrand, om Hamre der me hadde ein kort stogg med orientering om Hamre-kyrkja. Vidare gjekk ruta om Hjellvik til Revheim, der me hadde kaffistopp og orientering om brakaløene. Så bar det om Myking til Kleiveland gard, der me fekk servert middag i den nyopna serveringsstaden. Retur om Hosanger til Lonevåg. Guidar var dei mange som hadde skrive i vegboka om sine område. Me lyste ut turen til medlemene, men òg gjennom Bygdanytt. Meir enn 80 var interesserte, men taket var 65, så me måtte skuffa ein del. Prisen var 150 kroner for medlemer, 250 for ikkje-medlemer. Det førte til at me gjekk ca. 15.000 kroner i minus, men det hadde me råd til.
Eit svært vellukka arrangement. Aldri har me fått så mykje skryt for noka tilskiping.

9. Styret

Styret i Osterøy Sogelag har vore slik samansett i 2016:
Leiar:                             Geir Kleiveland
Nestleiar:                      Rune Revheim
Kassastyrar:                 Håkon Aasheim
Skrivar:                         Leiv Mæhle
Styremedlemer:          Hild Breivik
Berge Borge
Varamedlemer:          Kåre Flesland
Grethe Solberg Mjelstad
Osterøy Sogelag har i meldingsåret 98 medlemer.

Dette innlegget vart lagt inn i Sogelaget med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.