Årsmøte 2017

Osterøy Sogelag har årsmøte måndag 20. mars klokka 19. Årsmøtet vert halde i nybygget på Osterøy museum.

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling – konstituering
  2. Årsmelding 2016
  3. Rekneskap 2016
  4. Val

Nikolai Rypdal Tallaksen, arkivar ved Osterøy museum, presenterer prosjektet «Digital forteljing» og viser nokre smakebitar på korleis slike forteljingar kan lagast.
Elles orienterer me om ulike bokplanar me har drøfta i styret.
Undervegs tek me ei kaffiøkt med litt drøs.

Vel møtt !

For styret i Osterøy Sogelag
Geir Kleiveland
leiar

Dette innlegget vart lagt inn i Sogelaget med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.