Nytt sogeskrift for 2016

Atter ein gong er sogeskriftet klart for deg og dine!

I år er dette den 30. utgåva av sogeskriftet, medrekna dei to som kulturvernnemnda i

Osterøy i soge og samtid

Osterøy kommune gav ut i 1985 og 1986. Dei to påfylgjande åra, 1987 og 1988, kom det ikkje ut noka årbok, men i 1989 tok Osterøy Sogelag, Osterøy museum og Hosanger Sogelag opp att sogeskriftet, og sidan har det kome ut kvart år. I 2016 har Osterøy Sogelag 30-årsjubileum, og når sogeskriftet rundar 30 år, feirar me det med å presentera årboka i nytt format og med ny bokutforming. Innhaldet er rikare enn nokon gong, både tematisk og i tid. Aldri har me hatt så mykje stoff som i år.

I år finn du mellom anna ein fyldig artikkel om hardingfelemusikken og dei viktigaste tradisjonsberaranepå Osterøy. Han er skriven av Silje Solberg, ei som høyrer til dagens unge generasjon av hardingfelespelarar. Jon Vevle og Egil Borge markerer at det neste år er 70 år sidan Osterøy Billag vart skipa. Sistnemnde har også skrive om då han og medelevane ved Hauge skule måtte skula i bedehuset under krigen grunna nazistane sin «brenselsferie» for skulane. Me har med to artiklar om oppvekst: Helge Mjelde fortel om oppvekst i Lonevågen frå 1940-talet, og Harald Revheim skriv om barndom på både Solbjørg, Arnatveit og Haugo, før han reiser til sjøs.

Elles finn du som alltid minnestoff i ulike variantar om svært ulike emne. Alt frå pennevenner frå det store utland, til «jobben» som grindagut og om å rydda på loftet. Og kven veit kva skofabrikken på Valestrand var?

Me kjenner oss visse om at her er litt for ein kvar smak. Dei siste åra har artiklane kome drivande på både ei og fleire fjøler. Det er fint om stykka inspirerer lesarane til å setja eigne opplevingar på papiret!

Dette innlegget vart lagt inn i Sogeskriftet med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.