30-årsjubileum går Vegalangs

Søndag 18. september skal Osterøy Sogelag ha ei spesiell tilskiping. Denne søndagen arrangerer me busstur langs vegane på Osterøy. Me brukar den nyss utgjevne boka vår, «Vegalangs på Osterøy» som utgangspunkt, og vert kjend med lokalhistorie som finst langs dei ulike vegstrekkjene. Lokalkjende forfattarar til boka fortel om sine område, og slik vert me kjende med nye sider av den mangfaldige lokalhistoria vår. Dette trur me kan vera ein interessant måte å verta betre kjende med lokalsamfunnet.

Bussturen startar ved bussterminalen i Lonevåg klokka 11, og så trillar me i veg på kryss og tvers på Osterøy. Undervegs har me ein kaffistopp, før me endar på Kleiveland gard innanfor Tysså. Der får me servert full middag i den nyopna serveringsstaden som Ingfrid Andersen og Erling Kleiveland har bygt opp på garden. Dagen avsluttar me med retur attende til utgangspunktet i Lonevåg.

I haust er det 30 år sidan Osterøy Sogelag vart skipa. Denne rundturen vert såleis også som eit jubileumsmarkering for laget. Laget har sidan starten gjeve ut 34 sjølvstendige boktitlar og nesten like mange sogeskrift saman med Osterøy museum. Under bordseta på Kleiveland tek me også føre oss kva sogelaget har arbeidt med gjennom tre tiår, og luftar nye lokalhistoriske prosjekt.

Når me rundar denne milepålen, slær me litt på stortromma. Difor skal folk som er interesserte i lokalhistorie, koma billeg frå det. Medlemer betalar kr. 150 for heile pakka, ikkje-medlemer kr 250.

Men talet på plassar er avgrensa, så du må vera kjapp og melda deg på til telefon 97 76 96 36 eller epost til geir@kleiveland.as. Påmeldinga må me ha innan 10. september.

Velkomen til ein interessant og annleis jubileumstur !

Osterøy Sogelag

Dette innlegget vart lagt inn i Sogelaget med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.