Kategoriarkiv: Sogelaget

Siste nytt frå lagsarbeidet

Årsmøte 2019

Osterøy Sogelag har årsmøte måndag 18. mars klokka 19.00 på Osterøy museum.Vanlege årsmøtesaker.Etter årsmøtesakene får me nærare orientering om båtturen rundt Osterøy med DS «Oster» som sogelaget skipar til søndag 15. september.

Lagt inn i Osterøy, Sogelaget | Legg att eit innspel

Bokslepp 5. november

Måndag 5. november 2018 held Osterøy Sogelag stort bokslepp. Då presenterer me tre nye titlar: Sogeskriftet for 2018, Tradisjonskalenderen for 2019 og boka som Arvid Midttun har skrive, «Tidt eg minnest – Minne frå ei tid som var». Me gjev … Les meir

Lagt inn i Boknytt, Kalender, Sogelaget, Sogeskriftet | Med merkelapp , , , , , | Legg att eit innspel

Vellukka bokslepp

Torsdag 24. mai hadde Osterøy Sogelag, i samarbeid med Vener av Mjøsvågen, bokslepp for boka «Ein våg me veit um – Arbeidsliv ved Mjøsvågen». Nærare 80 personar hadde møtt fram i andre etasje i metallverkstaden etter Askild Mjøs. Lars Mjøs … Les meir

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Årsmøtet 2018

Osterøy Sogelag har årsmøte torsdag 15. mars klokka 19 i lokala til Norlender på Hosanger. Vanlege årsmøtesaker. Før årsmøtet får me orientering om bedrifta Norlender og ein gjennomgang av korleis bedrifta produserer strikketøy i dag.

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp | Legg att eit innspel

Ny ættebok i emning

I 1992 gav sogelaget ut ættebok for Gjerstad og Haus sokner. Boka bygde på dei gamle ættebøkene for dei to soknene på Osterøy frå 1950-talet, slik at det var mogleg å fylgja slektslinene frå samtida og bakover i dei gamle ættebøkene. … Les meir

Lagt inn i Sogelaget, Ættebok | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Mange medlemer

Osterøy Sogelag har vind i segla ! I 1999 var det 26 medlemer i laget. No (i 2017) er medlemstalet 104 , ei firedobling på knapt 20 år. Me trur, sjølvsagt, at det betyr at fleire tykkjer om arbeidet me … Les meir

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Oppdatering av ættebok for Gjerstad og Haus

Styret i Osterøy Sogelag har vedteke å oppdatera ætteboka for Gjerstad og Haus sokner, den boka me gav ut i 1992. Sidan den tid har det skjedd store endringar i alle familiar; nye har kome til, andre ha falle frå. … Les meir

Lagt inn i Boknytt, Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Referat årsmøtet 2017

Årsmøte i Osterøy Sogelag 20/03-2017 Stad         : Osterøy museum Til stades: 24 medlemar 1 Godkjenning av innkallinga – konstituering Innkallinga vart godkjent utan merknad. Møteleiar Geir Kleiveland, skrivar Leiv Mæhle. Før møtet fekk den nye arkivaren ved Osterøy museum, Nikolai … Les meir

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , , | Legg att eit innspel

Årsmelding for 2016

Årsmelding 2016 for Osterøy Sogelag 1. Bokutgjevingar og boksal I 2016 har Osterøy sogelag gjeve ut dei vanlege skriftene men i tillegg kom også endeleg boka «Vegalangs på Osterøy». A: «Vegalangs på Osterøy» I fleire år har sogelaget arbeidt med … Les meir

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp , | Legg att eit innspel

Årsmøte 2017

Osterøy Sogelag har årsmøte måndag 20. mars klokka 19. Årsmøtet vert halde i nybygget på Osterøy museum. Sakliste: Godkjenning av innkalling – konstituering Årsmelding 2016 Rekneskap 2016 Val Nikolai Rypdal Tallaksen, arkivar ved Osterøy museum, presenterer prosjektet «Digital forteljing» og viser … Les meir

Lagt inn i Sogelaget | Med merkelapp | Legg att eit innspel