Slekt på Osterøy

Nyhende
Slektgransking på nett !
12. januar 2013 - 23:42:20

Meld deg på !

På desse sidene finn du fleire slekter på Osterøy. Dersom du finn at du ein eller annan stad kjem inn i desse slektene (og det gjer mange), kan du kopla deg på og byggja ut di eiga slekt ut frå den personen du er i slekt med. Det gjer du lettast ved å klikka Lister --->Stadnamn --->Noreg--->Osterøy. Då får du fram alle gardsnamna som alt finst i slektstreet. Klikkar du på ein gard, får du fram personane som er knytte til garden. Finn du ein slektning, kan du kopla deg på. På den måten kan du byggja ut ditt eige slektstre. Du kan sjølv setjast som startperson slik at oppsettet tek utgangspunkt i di slekt. Men samstundes heng oppsettet ditt saman med andre sine slektstre. Dersom mange koplar seg på og byggjer ut eigne slektstre, kan dette verta eit stort nettverk.

Du får berre avgrensa tilgang til slektstreet viss ikkje du har brukarkonto. Opplysningane om nolevande personar og nyss avdøde personar er sperra av omsyn til personvernet. For å få full tilgang til slektstreet, klikkar du på "Søk om brukarkonto" til høgre her. Eller du sender ein epost til Geir og melder deg interessert i å vera med på dette.

Databasen som styrer det heile, ligg på nettstaden til Osterøy Sogelag.

Velkomen inn til å delta !

Osterøy Sogelag

v/Geir Kleiveland

Statistikk — Slekt på Osterøy

Slektstreet blei sist oppdatert 17. oktober 2017.

Personar
Menn
4 569
50,7 %
Kvinner
4 392
48,8 %
Tal på etternamn
Familiar
Kjelder
Medieobjekt
Arkiv
Tal på hendingar
16 040
Tal på brukarar
89
Seinaste fødselsår
2017
Denne informasjon er privat, og kan ikkje synast.
Seinaste dødsår
2017
Denne informasjon er privat, og kan ikkje synast.
Gjennomsnittsalder ved død
66
Menn: 65   Kvinner: 67
Gjennomsnittleg tal på born pr. familie
2,23
På denne dag
Ingen hendingar for nolevande personar finnast i dag.
Kven er pålogga
1 brukar logga inn