Forfattarar

Bygda gjennom tidene

  • Utgjevingsår: 2021
  • Vekt: 0.8 kg
  • 480 stk. på lager
  • Forfattar: Kleiveland, Geir

Kr.300,-

Legg i handlekorga:
«Bygda gjennom tidene» er ei bygdesoge om det som var Hauge skulekrins fram til 2016. Me startar med då bygda vart busett, og endar med bygda slik ho er i dag.
Gjennom hundreåra har det støtt vore avgjerande korleis folk kunne livnæra seg. Jordbruket var livs­grunnlaget fram til vår tid, då ulike typar småindustri og tenestenæringar har vorte dominerande.
Skulen skapte krinsen kring 1890, og skulen var det sentrale samlingspunktet for bygdefolket.
Også dei mange laga i bygda har vore viktige for å knyta folk i bygda saman. Lagshistoriene er ein viktig del av bygdehistoria og har ein brei plass.
Utskiftingane vert presenterte med omfattande kart. I tillegg er boka rikt illustrert, med både gamle og nye bilete.

Denne boka vart lagd inn i butikken vår fredag 05. november 2021.

Besøkjande

Det er no 2 gjestar her.
Kopirett © 2022 Osterøy Sogelag
Drive av netthandelsløysinga Zen Cart