Velkomen til desse slektssidene

Slekt på Osterøy
På desse sidene finn du fleire slekter på Osterøy. Dersom du finn at du ein eller annan stad kjem inn i desse slektene (og det gjer mange), kan du kopla deg på og byggja ut di eiga slekt ut frå den personen du er i slekt med. Det gjer du lettast ved å klikka Lister --->Stadnamn --->Noreg--->Osterøy. Då får du fram alle gardsnamna som alt finst i slektstreet. Klikkar du på ein gard, får du fram personane som er knytte til garden. Finn du ein slektning, kan du kopla deg på. På den måten kan du byggja ut ditt eige slektstre. Du kan sjølv setjast som startperson slik at oppsettet tek utgangspunkt i di slekt. Men samstundes heng oppsettet ditt saman med andre sine slektstre. Dersom mange koplar seg på og byggjer ut eigne slektstre, kan dette verta eit stort nettverk.

Du får berre avgrensa tilgang til slektstreet viss ikkje du har brukarkonto. Opplysningane om nolevande personar og nyss avdøde personar er sperra av omsyn til personvernet. For å få full tilgang til slektstreet, klikkar du på lenkja "Søk om brukarkonto" nedanfor her.

Dersom du vil delta, må du fylgja retningslinene som er å finna under spørsmålsteiknet til høgre i menylinja. Språket på slektssidene er nynorsk. Databasen som styrer det heile, ligg på nettstaden til Osterøy Sogelag.
Velkomen inn til å delta !

Du kan be om brukarkonto gjennom lenka nedanfor.