Osterøy Bygdebok sel godt !


01.02.2012

No er julasalet av bygdeboka unnagjort. Det har gått svært bra, og til no er nærare 1100 bøker av band 2 gått ut. Desutan har band 2 auka etterspurnaden av band 1, som me no har selt 1600 bøker av. 
Geir

30.11.2011
Salet av band II av bygdebok går godt, og er betre enn band I etter tilsvarande tid. Men håpet er at flest mogleg brukar bygdeboka som julepresang. Pris kr. 490, begge banda samla kr 800. 
Geir

11.11.2011
Så var dagen her, band II av bygdeboka kunne presenterast. Kring 200 personar var innom Osterøy museum på boksleppet og fekk med seg at siste bandet av bygdeboka var ferdig. Ein svært vellukka kveld på alle måtar.
Geir

04.11.2011
I dag, fredag, vert dei ferdigtrykte bøkene lasta på trailer i Polen, - til Bergen på tysdag. Onsdag kjem boklasta til Osterøy museum. Då skal dei vera klare til boksleppet fredag den 11.11.
Geir

20.10.2011
Gjennomgått plott som trykkeriet har sendt. Bokutformaren sender over nye sider med siste rettingane. Så no lyt trykkmaskinene gjera resten.
Geir

07.10.2011
Då er endeleg heile boka send til trykkjeriet. PUHH!!
Så no er det berre å venta til fredag den 11.
Geir

05.10.2011
Så var endeleg registeret ferdig. Då er alt saman levert, og siste finpussen står att for bokutformaren.
Geir

27.09.2011
Då var heile 1. korrekturen ferdig og returnert. Så no er det opp til bokutformaren å gå gjennom alt og retta feil, flytta bilete og figurar, slik at alt vert perfekt, får me håpa. Boka ser ut til å verta 20-30 sider drygare enn band 1.
Geir

14.09.2011
Då var dei siste bileta leverte. No er det berre å venta til 1.korrekturen kjem att frå bokutformaren. Fyrste delen er lovt på fredag. Då får me sjå korleis det ser ut.
Geir

09.09.2011
Så var eg av garde ein ny tur for å sjå opplegget for boka frå bokskaparen. Ser riktig så bra ut. - Leverte også mesteparten av bileta til siste hovudkapitlet, gjekk litt lenger tid enn berekna. Men no står det att berre ca. 25 bilete. Det må eg få unna i løpet av helga.
Geir Kleiveland

01.09.2011:
Då var manus levert til dei som skal laga bok. John Grieg AS fekk all tekst og bileta til to av dei tre hovudkaptila av boka. Grafikaren kastar seg over tekst og bilete og byrjar den møysommelege prosessen mot ferdig bok. Sjølv har eg ei veke til på meg for å få klar resten av bileta, ca. 80. Til saman ser det ut til at det vert a. 300 bilete.
Geir Kleiveland

22.08.2011:
For eit par veker sidan fekk eg att manuset frå korrekturlesaren. Sidan har eg gått gjennom alt saman, retta og fiksa, justert her og der. I dag reknar eg meg ferdig med dette arbeidet, så no lyt eg seia at teksten er ferdig!
Då er det attende til bileta: å velja ut resten av bileta som skal vera meg og skriva bilettekstar. Det står att eit par hundre, så om alt er fikst ferdig den 1. september når manus skal leverast, det spørst. Men det skal ikkje mangla mykje.
Me får sjå.
Geir Kleiveland