Hovudside
Velkomen til Osterwiki.
Innhaldsliste |
Kva er Osterwiki?
Osterwiki er eit nettleksikon om Osterøy. Det byggjer på same leisten som det kjende nettleksikonet Wikipedia.
På denne nettsida kan du leggja inn artiklar eller småstubbar om emne som knyter seg til Osterøy. Du kan skriva om stader, hendingar, lag, personar, bedrifter og anna som har interesse. Du kan også endra eller leggja ti informasjon i artiklar som alt finst på Osterwiki. Dersom mange nok skriv om smått og stort på denne sida, kan dette verta eit oppslagsverk om Osterøy. Me føreset at det du skriv er korrekt og sakleg informasjon.
Osterøy sogelag står bak Osterwiki.
Korleis du kan koma i gang
Du kan søkja etter opplysningar på Osterwiki utan at du er logga inn. Men for å skriva/endra tekst må du registera deg som brukar, vel 'Lag brukarkonto' oppe til høgre. Når du har registrert deg som brukar, vel du seinare 'Logg inn' når du vil skriva/endra tekst. Lag brukarkonto | Logg inn.
Du kan sjå kva emne som finst i Osterwiki ved å klikka på 'Alle oppslagsord' i menyen til venstre (nr. 2 frå toppen). Dersom du ikkje finn eit oppslag du kunne tenkt deg, skriv du inn ordet i søkjefeltet. Sidan oppslagsordet ikkje finst, svarar systemet med: Osterwiki har ikkje noka side med dette namnet. Du kan oppretta ho no. Trykkjer du på lenkja, kjem du rett inn i skrivedelen. Der skriv du teksten din og lagrar (nede til venstre). Det du har skrive, er då straks tilgjengeleg for andre.
Artiklar som alt ligg på Osterwiki, kan du endra eller leggja til opplysningar på. Du vel då fana 'endre' øvst oppe og kjem inn i skrivedelen der du legg til dine opplysningar. Når du er ferdig, må du også no lagra.
Målet på Osterwiki
Osterøy Sogelag ynskjer at nynorsk er målet på Osterwiki. Viss du ikkje tykkjer du meistrar nynorsk godt nok, er du velkomen til å skriva på bokmål. Men du må rekna med at teksten din over tid vil verta endra til nynorsk.
Hjelp - ressursar
Osterwiki er sett opp i systemet Mediawiki.
Sjå brukarmanualen (engelsk) for informasjon om bruk og konfigurasjonshjelp for wikiprogramvara.
Sjå òg lenkja til Hjelp i menyen til venstre.
Talet på oppslagsord i Osterwiki: 361
I dag er det søndag 20. mai 2012