Kopirett © Osterøy Sogelag 2010
Osterøy Sogelag
Heim
Heim.Boksida.Bygdeboka.Sogeskriftet.Sogelaget.Databasar.Bilete.Nettbutikk.Osterwiki.
Velkomen til Osterøy Sogelag !

Osterøy Sogelag arbeider for å vekkja interesse for lokalhistorie frå Osterøy og for å gjera lokalhistorisk stoff frå området kjent for flest mogleg. Det gjer laget gjennom sogeskriftet «Osterøy i soge og samtid» saman med Osterøy museum.

Dessutan gjev Osterøy Sogelag ut bøker med emne frå lokalhistoria på Osterøy. Den største satsinga er arbeidet med Osterøy Bygdebok - allmennsoge - frå dei eldste tider til i dag.

På denne nettstaden kan du gjera deg kjent med bøkene våre, og tinga bøker du har interesse av.

Osterøy Bygdebok - band I- fortel om korleis bygdesamfunna på Osterøy har utvikla seg frå dei eldste tider til det store hamskiftet kring 1870. Etter lange linjer fylgjer me utviklinga i bygdene og vert kjende med skiftande .....Les meir>>>

Siste nytt: Osterwiki

Osterøy Sogelag har teke til med å leggja ut databasar frå ulike kjelder. Her får du høve til å søkja i folketeljingar, skattelister, matriklar og mange andre kjelder. Eit enkelt søkjesystem..... Les meir>>>

Besøk sidan 01.07.2008:
Bygdeboka
• 09.11.2007: Osterøy Bygdebok
D

Osterøy Sogelag har fått nettbutikk ! No kan du handla bøker frå laget på ein enkel måte på nettet. Du legg bøkene i handle-korga og går til kassen. Bøkene får du.... Les meir>>>

• 08.08.2009: Nettbutikk
2009
• 01.07.2009: Databasar

Du kjenner Wikipedia? No presenterer Osterøy Sogelag Osterwiki, bygd på same leisten som det kjende nettleksikonet. Osterwiki er starten på eit nettleksikon med emne frå Osterøy og med vekt på lokalhistorie frå øya. Alle som vil, kan vera med og utvikla dette til eit oppslagsverk om Osterøy. Du kan skriva om hendingar, stader, personar, lag, bedrifter og mykje meir. Finn du ein artikkel der du meiner du veit meir om emnet, kan du utvida artikkelen. Alle kan bidra ! Dette kan verta eit spennande tiltak. Fylg lenkja og sjå meir om kva det går ut på.... Les meir om Osterwiki >>>

• 01.05.2010: Osterwiki
Osterøy-kart.

Hausboka av int..?.

Nettbutikk.

Osterwiki.

Lenkjer.

• 26.10.2009: Nytt sogeskrift 2009 !

No er ei ny utgåve av ”Osterøy i soge og samtid” i sal. Sogeskriftet med lokalhistorie frå Osterøy er ute med ny utgåve for 2009. Som vanleg finn du mykje interessant stoff frå vår nære fortid. Les meir>>>